Denne artikkelen er produsert og finansiert av Havforskningsinstituttet - les mer.
På fem år er talet kritisk truga artar på havbotnen femdobla
Det viser siste utgåve av FN sin Verdshavsrapport.
Havforsker Lis Lindal Jørgensen arbeider med botndyr. Her sorterer og fotograferer ho botndyr-prøver på tokt tilbake i 2016.(Foto: Elvar H. Hallfredsson, Paolo Cipriani, Erlend Astad Lorentzen / Havforskingsinstituttet)
– Det er eigentleg ganske enkelt. Utan botndyra vil ikkje hava våre fungere, seier havforskar Lis Lindal Jørgensen.
Botndyr er fellesnamnet på dei talrike organismane som lever på havbotnen – frå korallar, sjøstjerner og krabbar til børstemakkar.
– Dei vert i aukande omfang påverka av menneskelege aktivitetar, seier Jørgensen.
Omtrent like snart som havforskarane skildrar nye artar på havbotnen, kan dei føre desse på lista over truga artar.
Dette kjem fram i den nyaste Verdshavsrapporten frå FN.
Havforskar Bjørn Einar Grøsvik har bidrege i to av kapitla i den nye FN-rapporten.(Foto: Christine Fagerbakke)
– Rapporten understrekar kor sterkt pressa havet er
Havforskar Bjørn Einar Grøsvik har bidrege til skrivinga av to kapittel, om høvesvis shipping og ikkje-fornybar energi.
Han summerer opp rapporten slik:
– Denne tredje rapporten om tilstanden til verdas hav understrekar kor sterkt pressa havet er for dei samanvevde påverknadane som klimaendringar, tap av leveområde, forureining – inkludert plastforureining – og overutnytting av ressursar som igjen påverkar biodiversiteten. Tiltak for betre vern, styrka reguleringar og internasjonalt samarbeid er sentralt for å motverke slik påverknad og for å ta vare på motstandsstyrken til marine økosystem, seier Grøsvik.
Havforskingsinstituttet og havforskar Lis Lindal Jørgensen har leia arbeidet med kapittelet som omhandlar nettopp marine botndyr. Forskarar frå meir enn 20 land har bidrege.
Frå 2019 til 2023 vart over 10.000 artar i havet skildra for første gong, viser rapporten. 7.252 av desse var virvellause dyr på havbotnen.
På same tid har det vore ei femdobling i talet kritisk truga artar og ei dobling av truga artar.
– Det er likevel ein svinnande liten del av havets botndyr som er på raudlista, rett og slett fordi vi ikkje har nok informasjon til å vurdere dei, seier Jørgensen.
Av dei over 150.000 botndyra som er registrerte til no, har berre 1,7 prosent vorte vurderte.
Dette er eit «kvalfall», som forskarane i Mareano-programmet oppdaga i vår. Dette er ein kvals siste kvilestad. Når så mykje organisk materiale plutseleg kjem dalande, vert botndyra sett i sving. Sveip vidare for å sjå eit utval av artslivet forskarane fann ved kvalfallet.(Foto: Mareano / Havforskningsinstituttet (filmet med rov Ægir6000 / NORMAR)
Fleire av artane forskarane fann i samband med kvalfallet, er typiske åtseletarar og rovdyr, som truleg har levd på restane av kvalen. Den store isopoden Saduria sp. var ein av artane.(Foto: Inês Albuquerque / Mareano)
Dette er børstemarken Anobothrus sp. Den tilhøyrer ein familie som vert kalla Ampharetidae. Desse vart funne saman med kvalbeina.(Foto: Èric Jordà Molina / Mareano / Havforskningsinstituttet)
Desse børstemarkane høyrer truleg til arten Notomastus sp. frå Capitellidae-familien.(Foto: Foto: Èric Jordà Molina / Mareano / Havforskningsinstituttet)
Dei er avfallsarbeidarar, filtreringsagentar og måltid
Desse talrike dyra på havbotnen har viktige funksjonar.
Dei er avfallsarbeidarar. Når fisk og kval døyr og søkk mot havbotnen, er det botndyra som ryddar opp.
Krabbar, sjøstjerner og tanglus får eit festmåltid. Samtidig er botndyra også middag for andre.
Dei filtrerer vatnet – og det ekstremt effektivt:
– Botndyr som svamp fangar føda si frå vassmassane, og et næringspartiklar som bakteriar, plankton og organisk materiale. Dei filtrerer enorme mengder vatn, på jakt etter partiklar som då siver inn gjennom hola i svampen, seier Jørgensen.
Annonse
Faktisk kan éin kilo svamp filtrere opptil 1.000 liter vatn per dag. Større svampar kan filtrere endå meir – opp mot fleire tusen liter per kilo i døgnet.
– Dei er såleis ei viktig brikke i reine og rike hav, seier forskaren.
Mikroplast hopar seg opp på havbotnen.(Foto: Erling Svensen / Havforskningsinstituttet)
Påverknadane vert fleire
Sjølv om desse dyra lever på botn, er dei ikkje skåna for påverknad frå overflata.
Menneskelege aktivitetar som fiskeri og botntråling, sjøtransport, forureining, utbygging i kystsona, oppdrett, oljeutvinning og havvind påverkar i djupna.
Vass-straumar vert blokkerte, sediment greve opp og forureining dumpa.
– Både forureining og mikroplast hopar seg opp på og i havbotnen, seier Jørgensen.
Tidlegare forsking syner at omtrent 3 millionar tonn mikroplast har hamna i djuphavet, mellom anna frå plastposar og behaldarar som driv rundt, legg han til.
Samtidig syter global oppvarming og havforsuring for endra vilkår.
– Dei menneskelege påverknadane skjer spesielt i kystnære område, men etter kvart som behova våre aukar, strekker påverknadssfæren seg óg utover i havet, seier Jørgensen.