Denne artikkelen er produsert og finansiert av Havforskningsinstituttet - les mer.
Slik gjekk det med steinbit som ble flytta for å redde tareskogen
Under flytting ligg steinbitane tett i store kar utan å krangle med kvarandre.
I 2025 merkte havforskarane 20 steinbitar, som dei flytta frå kysten ved Loppa i Finnmark til dei kunstige tareskogane i Melkøysundet ved Hammerfest.
No er ni av fiskane registrert på same stad i år igjen.
– Det interessante er ikkje berre at fleire av steinbitane vert verande, men at fisk som forsvinn ut om vinteren, kjem tilbake, seier havforskar Hans Kristian Strand.
Éin fisk heldt seg i dei kunstige tareskogane heile overvakingsperioden. Åtte steinbitar drog på vintervandring i tre månadar eller meir – før dei så dukka oppatt igjen.
– Det tyder på at Melkøysundet kan ha vorte ein del av leveområdet deira, sjølv om dei føretek sesongmessige vandringar, seier Strand.
Kråkebolle-problemet
Flytteforsøket er ein del av innsatsen for å restaurere tareskogane langs kysten av Troms og Finnmark.
Her har kråkebollar forvandla produktive tareskogar til ein nedbeita ørken. Slik har tilstanden vore i fleire tiår.
Det er i tareskogen fiskeyngel gøymer seg, finn mat og veks til.
Men gråsteinbit kan vere ein del av løysinga – for kråkebollar står høgt på menyen hos den kraftige rovfisken.
– Historisk var gråsteinbit vanleg i mange nordnorske fjordar, men lokale bestandar har vorte kraftig nedfiska. I praksis, prøver vi å føre tilbake steinbiten til område kor han tidlegare har hatt ein viktig funksjon som naturleg rovfisk, seier Strand.
– Har vist at det er mogeleg
Dei førebelse omplasseringsresultata er lovande.
– Vi har vist at det er mogeleg å fange, transportere og setje ut steinbit, og at ein betydeleg del ser ut til å akseptere det nye området, seier Strand.
Resultata byggjer også vidare på eit tidlegare forsøk i Olderfjorden i Porsangerfjorden.
Der vart 20 gråsteinbit følgde med akustisk telemetri.
Det er ein teknologi som brukar lydbølgjer under vatn til å spore og måle rørsler, åtferd eller posisjonar til til dømes fisk, sjødyr og undervassrobotar.
Opptil 40 prosent var framleis i fjorden då overvaking vart avslutta.
Det er endå ikkje dokumentert at dei flytta steinbitane i Melkøysundet har redusert talet kråkebollar eller ført til ny tareskog – det vil krevje undersøkingar over fleire år.
– Det neste store spørsmålet er om vi kan oppnå høg nok lokal tettleik til at steinbitane faktisk påverkar økosystemet. Det er dette vi no må dokumentere, seier havforskerkollega Esben Moland Olsen.
Han er ansvarleg for merking av fisk og analyse av data frå mottakarane.
Får mat og tid til å venne seg til området
I Melkøysundet undersøker forskarane no om tilvenning og fôring kan få endå fleire steinbitar til å verte verande innanfor det avgrensa område, der dei vert sette ut og overvaka.
– I staden for at alle fiskane vert sette direkte ut, held vi enkelte tilbake i bur på sjøbotnen. Der får dei mat og tid til å venne seg til vassmassane, botnen og omgjevnadane før vi slepp dei fri, forklarar Strand.
Kamera let dei følgje med på korleis fiskane et og oppfører seg når fleire individ oppheld seg saman.
Forsøket skal vise om ei kort periode med akklimatisering og fôring gjev dei merkte steinbitane sterkare stadstilhøyrsle enn dersom dei verte sette direkte ut.
Fikk du med deg disse sakene fra Havforskningsinstituttet?
-
Fryktet oppdrettsvirus truer neppe villaksen
-
Sjå video: Mødrene bestemmer når spekkhoggarane skal dykke
-
Dei arktiske tareskogane ser meir og meir ut som norskekysten
-
Hvor fødes hvithaiens norske slektning?
-
Forskerne satte ut fiskekamera – fikk isbjørn på film
-
Er det for mye legemidler og miljøgifter i norsk oppdrettsfisk? Nå har fisken vært på EU-kontroll