Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Stavanger - les mer.

Korleis kan læraren engasjere elevane?
Når elevane startar i skulen, er dei fleste interesserte og engasjerte i læringa, men i løpet av barne- og ungdomsskulen dabbar engasjementet av hos mange av dei.
Det er kjent at å vera engasjert i undervisninga er viktig for trivsel og god læring.
Stine Nygaard har arbeidd som lærar på barnetrinnet i over 20 år og er tilsett på Vaulen skule i Stavanger. Ho har jobba lenge med å leggja til rette for engasjerande undervisning i småskulen.
Må sjå an elevane
– Eg opplever at elevane blir engasjerte når timane og dagane opplevast som meiningsfulle. Og kva som engasjerer, trur eg kan vera ulikt frå klasse til klasse på same trinn og frå år til år. Så ein må sjå an elevane sine interesser og gripa moglegheiter når dei oppstår for å skapa meiningsfulle læringssituasjonar og engasjement.
Nygaard får støtte frå professor Oddny Judith Solheim. Solheim forskar på nettopp engasjement og engasjerande undervisning. Ho er tilsett på Institutt for grunnskulelærarutdanninga ved Universitetet i Stavanger.
– Sjølve omgrepet engasjerande undervisning handlar om at elevane koplar seg på og held seg aktivt involverte i læringsarbeid. Dette gjer dei saman med læraren og medelevane sine. Engasjement oppstår gjennom å synleggjera relevans, gjennom å leggja til rette for gode opplevingar av meistring og med å gje rom for medverknad for elevane, meiner Solheim.
Opne
oppgåver gjer meistring og meining for alle
I ein travel kvardag kan det vera freistande å nytta ei lærebok frå side til side, dela ut oppgåver kor ein skal fylla ut ting i rekkefølgje, ferdige undervisningsopplegg ein finn på nettet og gå i gamle vaner.
Men både Nygaard og Solheim veit at nivået blant elevane kan variera stort. Det er viktigare med oppgåver som inkluderer meir breitt.
Nygaard er derfor oppteken av å gje opne oppgåver. Da kan elevane oppleva individuell meistring. Samtidig blir oppgåvene oppfatta som meiningsfulle å løysa:
– Me er jo i startgropa av lesing og skriving i 1. klasse. Då gjer eg elevane opne oppgåver som alle kan meistra på sitt nivå. I skriveopplæringa, som me nyttar mykje tid på, kan det vera å skriva ei melding eller eit brev heim. Då har du både ein reell mottakar og eit spesifikt formål. Då ser elevane meining i oppgåva, seier Stine Nygaard.
Ikkje berre for dei minste
Oddny Judith Solheim viser til at å leggja til rette for meistring er alfa omega for å skapa engasjerande undervisning. Då må oppgåver som skal løysast korkje vera for enkle eller for vanskelege. Det er då elevane får ei god meistringsoppleving.
Solheim understrekar at omgrepa meining, meistring og medverknad heller ikkje berre er knytt til den tidlege begynnaropplæringa. Det er noko som viser seg å vera viktig for å skapa engasjerande undervisning gjennom heile skulegangen.
Sjå heile episoden av «Læring for livet» om engasjerande undervisning og høyr meir om korleis Stine Nygaard jobbar med engasjement i 1. trinn på Vaulen skule.
Les også disse sakene fra Universitetet i Stavanger:
-
Kan hjernevennlige skoler senke barns stressnivå?
-
Ny nordisk studie viser hvordan det gikk med elever som fikk utsatt skolestart
-
– Hvis tilbakemeldinger bare handler om rett og galt, risikerer vi at elevene forblir passive mottakere av læring
-
Gjennombrudd i nyfødtmedisin: Mange flere nyfødte overlever
-
Korleis skape betre relasjonar i klasserommet?
-
Personer med alvorlig psykisk sykdom lever ofte kortere enn andre
forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER
Click to add text