Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Antidepressiva påverka hjerneutviklinga hos kyllingfoster

Funna understrekar behovet for meir kunnskap om mors bruk av legemiddel under svangerskapet, seier forskar.

Forskarane injiserte legemiddel i egg.
Publisert

Kunnskapen vår om kva medisinar som er trygge å bruka under svangerskapet har framleis betydelege hol. 

Mangel på kunnskap fører ofte til at gravide vert rådd frå å bruka ein del medisinar. Vi veit ikkje om dei fører med seg ein risiko for fosteret eller ikkje.

Årsaka er mangelen på kliniske prøvar. Desse vert gjennomførde på vaksne personar, som både kan ta sjølvstendige val og som er i stand til å kommunisera med forskaren om det skulle oppstå uynskte biverknadar.

Eit foster kan ingen av delane. Derfor vert det rekna som uetisk å gjera kliniske prøvar med gravide, ikkje minst med tanke på at det kan oppstå uopprettelege skadar på fosteret.

Hemmar signalstoff

Dermed må forskarane nærma seg svar via omvegar. Dyreforsøk er vanlege, men reiser óg etiske spørsmål. 

Forskning.no har tidlegare skrive om korleis forskar Oykum Kaplan-Arabaci ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo, brukar hønseegg som alternativ til forsøksdyr.

– Vi såg at legemidla vart tekne opp i organa i kyllingfosteret, inkludert hjernen, seier Oykum Kaplan-Arabaci.

– No har vi undersøkt to vanlege antidepressiva, escitalopram og venlafaksin. Desse legemidla hemmar opptaket av visse signalstoff i hjernen som påverkar stemningsleiet, fortel ho.

Escitalopram hemmar signalstoffet serotonin. Venlafaksin femner litt breiare, og hemmar både serotonin og noradrenalin, eit anna signalstoff, forklarar ho. 

Observerte endringar

Det fyrste forskarane gjorde, var å visa at legemidla vart tekne opp i hjernen ved å injisera dei i egget.

– Vi såg at legemidla vart tekne opp i organa i kyllingfosteret, inkludert hjernen. Deretter kunne vi undersøkja om dei hadde nokon effekt der, forklarar Kaplan-Arabaci.

– Vi starta med kliniske dosar, altså dosar som svarar til det som vert gjeve til menneske under behandling. Vi observerte endringar i profilen til mikro-RNA, eller miRNA, og nokre strukturelle endringar i hjerneborken til veslehjernen.

Eit steg på vegen til meir kunnskap

Veslehjerneborken spelar ein viktig rolle i utviklinga av motoriske og kognitive evner, medan miRNA deltek i genregulering og proteinsyntese i celler. 

Du ynskjer ikkje at utviklinga av desse skal bli hemma i eit foster som skal veksa opp, forklarar forskaren.

– Men det er viktig å understreka at desse forsøka er gjorde på kyllingfoster, og funna let seg ikkje nødvendigvis overføra til menneske. Det er snarare ei påminning til legar og pasientar om å gjera informerte val rundt bruken av antidepressiva i svangerskapet, seier Kaplan-Arabaci.

– For oss forskarar er det eit steg vidare på vegen til meir kunnskap om korleis desse legemidla fungerer, og korleis dei bør brukast.

Ti gonger større dosar

Forskarane undersøkte óg kva som skjer ved større dosar enn kliniske.

– Vi såg at store dosar venlafaksin førde til ein reduksjon av lengda på nevrittane, som spelar ein viktig rolle i nettverket av nerveceller i hjernen. Vi såg óg andre endringar i veslehjerneborken, fortel ho.

– Men dette skjedde ved doser som var ti gonger, kanskje til og med hundre gonger, dei dosane som vert brukte ved behandling. Sike dosar er det forhåpentleg ingen som utset seg sjølve for.

Referanse:

Oykum Kaplan-Arabaci mfl.: The antidepressant venlafaxine induces upregulation of miR-92 and histological alterations in a chicken embryo modelNeurochemistry International, 2025. Doi.org/10.1016/j.neuint.2025.106056

Powered by Labrador CMS