Denne artikkelen er produsert og finansiert av Nord universitet - les mer.

For Bruce og Svenne er identitet knytt til mykje meir enn seksualitet

FORSKARPORTRETT: – Regnbogeflagget handlar også om språk, kultur og tilhøyrsle. Om retten til å vere heile seg.

Ein reportasje om ekteparet Bruce Timothy Morén-Duolljá (til høgre) og Svenn Egil Knutsen Duolljá i Khrono utvikla seg til ei djup utforsking av historia til to land, tre kulturar og livet til eit ektepar.
Publisert

Historia handlar om retten til å vere den du er, om språk som står i fare for å forsvinne og om kvifor Nord universitet sit med eit ansvar som strekkjer seg langt utover landsdelen.

Det begynner med ei bok. Men eigentleg begynner det med eit møte.

Ein oktoberkveld i Tromsø i 2004.

To menn møtest på ein fest i eit gammalt hamnelager. Den eine er frå Staten Island i New York. Den andre frå Musken i Tysfjord.

Ein «lausunge» frå Amerika. Ein «lappjævel» frå Nordland.

Sidan har det vore dei to.

No, over tjue år seinare, sit Bruce Timothy Morén-Duolljá og Svenn Egil «Svenne» Knutsen Duolljá framfor eit publikum på Hamarøy Pride. I sin eigen heimkommune.

Rundt dei sit unge og eldre. Nokre nikkar stille. Andre tørkar seg i augnekroken.

To ungdomar frå Vesterålen kjem bort etter arrangementet. Dei vil takke. For motet. For openheita. For historia.

– Det gjorde inntrykk, seier Bruce.

– Ein veit aldri kven som treng å høyre at dei ikkje er åleine.

Det er kanskje nettopp derfor historia deira treff så mange.

Ei kjærleikshistorie med fleire hovudpersonar

I år gav journalisten Njord V. Svendsen ut ei bok.

Utgangspunktet var eigentleg ein reportasje publisert i Khrono i 2023. Responsen vart så sterk og kjensleladd at historia nekta å sleppe taket.

Tre år seinare vart reportasjen til bok. Resultatet er langt meir enn ei forteljing om eit ektepar.

Det er ei bok om språk og identitet. Om religion og utanforskap. Om skam og forsoning. Om å vere samisk, norsk, amerikansk og skeiv. Om å finne sin plass i verda.

Men først og fremst er det ei bok om menneske.

– Folk kjem bort til oss med tårer i augo, fortel Bruce.

– Mange takkar oss for at vi fortalde historia. Dei seier at dei kjenner seg att. At dei trudde dei var åleine.

Svenne nikkar.

– Om historia vår kan gjere livet litt enklare for eitt einaste menneske, så er det verdt det.

Tre menn står foran bokhyller, og mannen i midten holder en bok mot kamera.
Bruce (til venstre) og Svenne (til høgre) saman med Khrono-journalist Njord Svendsen.

Journalisten som flytta inn

Som journalist i Khrono er Njord Svendsen tett på universiteta og høgskulene i Noreg.

Og ekstra tett er han på Nord universitet. I tillegg er han nysgjerrig på det samiske innanfor akademia.

Så da han googla og fekk opp namnet Bruce Timothy Morén-Duolljá på nettsidene til Nord universitet, vart han enda meir nysgjerrig.

Kven var denne lingvisten frå New York som hadde hamna i Nord-Noreg? Og kvifor brukte han livet sitt på lulesamisk – eit språk dei aller fleste aldri har høyrt?

– Berre namnet gjorde meg interessert, seier Svendsen.

– Så las eg vidare. Eg såg entusiasmen hans for det lulesamiske språket. Då ville eg vite meir.

Møtene mellom Bruce Timothy Morén-Duolljá, Njord Svendsen og Svenn-Egil Knutsen Duolljá har vorte mange dei siste åra. Og framleis har journalisten eit gjesterom på Hamarøy.

Det som skulle bli ein reportasje, utvikla seg gradvis til noko langt større. Journalisten frå Bergen byrja å pendle nordover.

Først budde han på hotell. Men reisene vart så mange, og budsjettet var så lite at det gjekk ikkje i lengda.

Etter kvart flytta han inn på gjesterommet hos Bruce og Svenne. Det skulle vise seg å bli eit sjakktrekk.

– Vi hadde så mange gode samtalar om kveldane at det kjendest naturleg, seier Svenne.

– Han vart som ein ven på besøk.

Forfattaren sjølv meiner tillit var avgjerande.

– Du kan ikkje skrive ei slik bok utan å bruke tid. Du må vere til stades. Lytte. Møte menneska rundt. Forstå samanhengane, fortel Njord Svendsen.

Han reiste til og med til Staten Island for å møte familien og venene til Bruce. For å forstå historia måtte han forstå røtene.

To menn står foran Frihetsgudinnen mot en lys himmel.
– Vi er berre to vanlege, kjedelege menn, seier Bruce Timothy Morén-Duolljá om ektemannen Svenn Egil «Svenne» Knutsen Duolljá og seg sjølv.

Frå New York til lulesamisk grammatikk

Historia til Bruce kunne ha sett heilt annleis ut. Han hadde akademiske draumar som mange forskarar kjenner seg att i.

Internasjonale konferansar. Publikasjonar i prestisjetidsskrift. Ein karriere bygd på merittar og siteringar.

– Eg hadde andre planar før, seier han.

– Eg drøymde om å vere på topp internasjonalt innanfor mitt fagfelt.

Så møtte han dei samiska språka.

Og etter kvart Svenne.

Det endra alt.

I dag er Bruce tilsett ved Fakultet for lærarutdanning og kunst- og kulturfag på Nord universitet. Sidan 2014 har han hatt arbeidsstaden sin på Hamarøy.

Store delar av forskartida går ikkje til å produsere artiklar for internasjonale tidsskrift. Ho går til noko langt meir grunnleggjande.

Å byggje opp eit fagfelt som i mange tilfelle manglar sjølve fundamentet.

– Innanfor lulesamisk finst det nesten ikkje pensumlitteratur, forklarer han.

– Bak nesten kvar undervisningstime ligg det eigentleg eit forskingsprosjekt. Fordi alt må lagast frå scratch. Vi kan ikkje berre hente bøker frå hylla. Vi må lage hylla først.

På kontoret står oppslagsverk, grammatikkverk og undervisningsressursar som ikkje fanst før.

Sakte, side for side, har eit fagmiljø blitt bygd opp.

Eit ansvar som ikkje kan målast i studenttal

For utanforståande kan det vere freistande å sjå på sørsamisk og lulesamisk som små språk med små fagmiljø.

Men oppdraget er alt anna enn lite.

Nord universitet har eit særskilt nasjonalt, eller globalt om du vil, ansvar for høgare utdanning, forsking og kunnskapsutvikling innan både sørsamisk og lulesamisk språk.

I praksis betyr det at universitetet forvaltar kunnskap som er avgjerande for framtida til språk som står under press.

Ansvaret er ikkje berre regionalt. Det er nasjonalt. På mange måtar også internasjonalt.

For når talet på språkbrukarar er lågt, finst det få andre institusjonar i verda som kan gjere jobben.

Dersom ikkje kunnskapen blir utvikla her, blir han kanskje ikkje utvikla nokon stad. Det er denne dimensjonen Njord Svendsen meiner fortener meir merksemd.

– Bruce er ei gåve til dette arbeidet, seier han.

– Han kunne valt heilt andre karriereveger. I staden har han brukt kompetansen sin på å byggje opp eit fagfelt som er avgjerande for eit heilt språksamfunn.

Frå motstand til forståing

Men vegen hit har ikkje alltid vore enkel.

Bruce hugsar år der han stadig måtte forklare kvifor samiske fagmiljø trong meir tid, fleire ressursar og andre arbeidsmåtar.

– Eg opplevde tidvis manglande forståing. Det kom kommentarar om at dette ikkje var berekraftig eller at vi alltid trong meir ressursar, seier han.

Han stoppar opp.

– Samtidig byrja vi jo nesten frå null.

Situasjonen har endra seg mykje.

Fusjonen i 2016 som skapte Nord universitet, samla sterke sørsamiske og lulesamiske fagmiljø under same paraply.

Samtidig har rapporten Hjertespråket og arbeidet til Sannheits- og forsoningskommisjonen bidrege til større forståing for dei historiske konsekvensane av fornorskinga.

– Eg opplever mykje meir forståing i dag enn tidlegare. Folk forstår betre kvifor vi må arbeide annleis, seier Bruce.

For han handlar dette om meir enn fag. Det handlar om respekt.

Om å bli møtt med forståing for både kva han arbeider med og korleis han må arbeide for å lukkast.

Pride handlar også om språk

Juni er Pride-månad.

Regnbogeflagga minner oss om kampen for å kunne leve ope og fritt. Men for Bruce og Svenne er identitet knytt til mykje meir enn seksualitet.

Ho handlar også om språk, kultur og tilhøyrsle. Om retten til å vere heile seg.

Boka deira viser korleis ulike former for utanforskap kan flettast saman.

Mobbing. Stamming. Fattigdom. Diskriminering. Skeiv identitet. Samisk identitet. Norsk identitet.

Kjensla av ikkje heilt å passe inn.

– Mange minoritetar blir snakka om, men ikkje nødvendigvis høyrde. Med denne boka har vi fått fortelje historia på våre eigne premissar, seier Svenne.

Kanskje er det derfor boka har rørt så mange. Ho peikar ikkje finger. Ho inviterer inn.

Inn i livet til to menneske som på same tid er heilt vanlege og heilt ekstraordinære.

Det usynlege vi ber med oss

Eit gjennomgåande tema i boka er bagasjen vi alle ber på.

Det usynlege. Det som ikkje står skrive i CV-en. Det som vi ikkje kan sjå på utsida.

– Vi veit aldri kva andre menneske har med seg i bagasjen sin, seier Bruce.

– Det er så mykje som er skjult.

Sjølv ler han av at historia deira har blitt bok.

– Vi er berre to vanlege, kjedelege menn.

Njord Svendsen avbryt.

– Ja, dei er vanlege. Dei står opp, drikk kaffi og går på jobb som alle andre. Men dei er også heilt eksepsjonelle.

Han meiner mykje av livet skjer nettopp i spenningsfeltet mellom det vanlege og det uvanlege.

Der menneske prøver å halde fast ved kvardagen medan dei samtidig ber på erfaringar som har forma heile livet.

Njord Svendsen si bok fortel historia om den norskætta amerikanaren Bruce frå Staten Island i New York og Svenne frå Musken og Drag i Tysfjord/Hamarøy.

Ei historie som handlar om oss alle

At boka er skriven på nynorsk, gjer ho ekstra interessant i ein akademisk samanheng der pensumlitteratur på nynorsk framleis er mangelvare.

At ho er teken opp i innkjøpsordninga til Kulturrådet, gir også ei tydeleg anerkjenning av kva ho betyr, både litterært og samfunnsmessig.

Men kanskje er det ikkje merksemda, terningkasta eller meldingane som betyr mest.

Boka viser at kvar og ein av oss ber på ei historie som er verd å fortelje. Vi kan kjenne oss att i kvarandre, og vi kan lære av kvarandre. Om historia vår kan gjere kvardagen litt lettare for eitt einaste menneske, så er alt arbeidet verdt det.

Bruce

Referansar:

Njord V. Svendsen: Lausunge. Lappjævel. Ei kjærleikshistorie. Bok gitt ut på Samlaget, 2026. Samandrag.

Njord V. Svendsen: Det vesle språket og den store kjærligheten. Reportasje i Khrono, 2023. 

Powered by Labrador CMS