Denne artikkelen er produsert og finansiert av Nord universitet - les mer.
Verdsnyheit frå Nord universitet: Står bak unik bildebok på urfolksspråk
Ei ny bildebok samlar lulesamisk, engelsk og maori i éi og same forteljing – og blir no sett på verdskartet under ei av verdas største bokmesser.
For første gong blir det lansert ei bildebok som kombinerer lulesamisk, engelsk og maori.
Initiativet kjem frå Nord universitet, som ønskjer å løfte urfolksspråk både nasjonalt og internasjonalt.
Barn har rett til å lære og lese på sitt eige språk. Difor er denne boka viktig.
Lanseringa skjer 13. april under NORLA, den prestisjetunge barne- og ungdomsbokmessa i Bologna, der Noreg er æresgjest i 2026.
Med rundt 30.000 besøkande er dette ei scene få prosjekt får tilgang til – og eit tydeleg signal om at boka treff noko større enn seg sjølv.
Byggjer bruer mellom språk og kulturar
Målet med boka er både tydeleg og ambisiøst: å styrkje lulesamisk og maori, med engelsk som bru.
Samstundes skal ho gi barn og unge tilgang til nye perspektiv på språk, kultur og identitet. Boka løftar globale tema som plastforureining i havet, berekraft, klimakrise og kjønn.
Historia følgjer to maoriske forskarar som reiser til Noreg for å undersøkje ein kval som har stranda – ei forteljing som bind saman natur, forsking og kultur på tvers av kontinent.
Utgangspunktet er den tidlegare tospråklege utgjevinga Ábiid plástihkat – Plasten i havet, skriven av Rita Sørly.
Ho no er vidareutvikla til ein ny, trespråkleg versjon med tittelen Mij le ábijn dáhpáduvvamin? He aha te raruraru ki tai? What’s the Matter with the Sea?
Ein etterlengta ressurs
Det finst svært få bøker som kombinerer samiske språk med engelsk, og ingen som samlar desse tre språka i éi utgjeving.
Det gjer boka til eit viktig bidrag både i skulen og i biblioteka – i Noreg, New Zealand og internasjonalt.
Ho kan brukast i engelskopplæring, i arbeid med urfolksperspektiv og som del av ei meir fleirspråkleg undervisning.
– Eit ønskje om å byggje forståing
Forskar og ein av omsetjarane av boka, Maria Nayr de Pinho Correia Ibrahim, skildrar prosjektet som både personleg og fagleg viktig.
Med sterke fargar og mange blåtonar tek ho opp miljøutfordringar samstundes som ho vev saman to urfolksperspektiv.
– Eg er så glad for at denne boka endeleg blir publisert. Ho spring ut av eit behov for å kople læreplanen sine krav om samiske perspektiv med ønsket om gode bildebøker i engelskundervisninga, seier ho.
Ho peikar óg på boka si visuelle og tematiske styrke.
– Med sterke fargar og mange blåtonar tek ho opp miljøutfordringar samstundes som ho vev saman to urfolksperspektiv. Eg håpar boka kan bidra til nysgjerrigheit, empati og større forståing i klasserom verda over.
– Språk gir tilhøyrsle og stoltheit
Medomsetjar Charlotta Maria Langejan løftar fram betydninga av litteratur på minoritetsspråk.
– Skal eit språk leve, må det brukast. Særleg barne- og ungdomslitteratur gir språket rom til å vekse. Når barn kan lese på sitt eige språk, styrkjer det både sjølvtillit og tilhøyrsle, seier ho.
Ho understrekar også det grunnleggjande prinsippet:
– Barn har rett til å lære og lese på sitt eige språk. Difor er denne boka viktig, seier Charlotta Maria Langejan ved Nord universitet.
Eit samarbeid med global tyding
Prosjektet er utvikla i samarbeid med forlag i både Noreg og New Zealand. Ifølgje Rose Martin, dekan ved Fakultet for lærarutdanning og kunst- og kulturfag, viser boka kva som er mogleg når fagmiljø og kulturar møtest.
Her får det lulesamiske både stå sterkt i seg sjølv og inngå i ein internasjonal samtale.
– Dette er eit inspirerande døme på korleis samarbeid på tvers av språk og urfolkskontekstar kan skape nye rom for synlegheit og læring, seier Martin, som sjølv kjem frå New Zealand.
Ho peikar særleg på korleis lulesamisk blir løfta inn i ein større samanheng:
– Språket får både stå sterkt i seg sjølv og inngå i ein internasjonal samtale, seier ho.
Ei lita bok med stor rekkevidd
Nord universitet og Senter for samisk og urfolksstudiar har ansvar for å verne og styrkje sør- og lulesamisk språk og kultur.
– Boka er eit konkret døme på korleis det lulesamiske språket blir løfta fram i ein trespråkleg internasjonal samanheng. På denne måten får lulesamisk ei ny synlegheit internasjonalt og viser at språket har ein naturleg plass i globale kulturuttrykk. Dette er vi svært glade for, seier senterleiar Tove Mentsen Ness.
Med sine tre språk og sterke tema er boka meir enn ei forteljing. Ho er eit verktøy for læring, ei bru mellom kulturar og eit tydeleg signal om at små språk har ein stor plass i verda, meiner ho.
Les også disse sakene fra Nord universitet:
-
Konflikten boblet rett under overflaten
-
Førerløse skip kan løse bemanningskrisen
-
Kan kultur bremse ungdomsflukten fra Nord-Norge?
-
Slik kan insektlarver bli sunnere dyrefôr
-
Tareskogene forsvinner dobbelt så fort som korallrevene. Slik kan de kanskje reddes
-
Første fagboka i Noreg skrive av fagfolk og personar med utviklingshemming