Denne artikkelen er produsert og finansiert av Nord universitet - les mer.

Korleis vert korallar påverka av kjemikaliar frå oppdrettsnæringa?

Nordland har verdas største kaldvasskorallrev, men dei fleste av oss har aldri sett dei. No undersøkjer forskarar korleis desse korallane vert påverka av moderne kystnæring.

Nærbilete av kvite og brunlege korallar tett samla på havbotnen.
Augekorallar er viktige leveområde for mange ulike dyr som lev på havbotnen.
Publisert

Visste du at Nordland har verdas største korallrev med kaldvasskorallar? Røstrevet i Lofoten består hovudsakleg av augekorall.

Revet strekkjer seg om lag 35 kilometer i lengda.

Augekorall er ein utbreidd art langs heile norskekysten. Han lev mellom 200 og 1.000 meter under havoverflata. Kanskje er dette noko av grunnen til at arten er lite kjend?

Dei er stadfaste og veks sakte – berre nokre få millimeter i året. Koloniar av korall kan difor verte fleire hundre år gamle, medan heile strukturar av rev kan vere fleire tusen år gamle.

Augekorallar er viktige for livet i havet

Desse korallane er blant dei viktigaste leveområda i norske havområde. Dei fungerer som skjulestad, oppvekstområde og matfat for torsk, sei, uer og ei rekkje smådyr.

I denne undersjøiske verda har livet gått sin stille gang i fleire tusen år, uforstyrra av menneskeleg aktivitet.

No undersøkjer forskarar ved Nord universitet korleis desse organismane reagerer når dei vert eksponert for stoffa som brukast i dagens havbruksnæring.

– Kring 25 prosent av denne korallarten finst i Noreg, noko som gjev oss eit særleg ansvar for å ta vare på ho.

Det fortel professor Henning Reiss ved Nord universitet.

En lys korallprøve står på en liten holder på en rund plate i et laboratorium.
Augekorallane ser nærast utanomjordiske ut der dei står oppstilte i laboratoriet.

Frå havdjupet til laboratoriet

Forskarane ynskte å forstå meir om korallane sin biologi. Dei ville også forstå korleis dei reagerer på ytre påverknad.

Difor henta dei levande augekorallar frå om lag 300 meters djup i Steigen.

I laboratoriet ved Nord universitet vert korallane eksponerte for ulike kjemikaliar. Dette er stoff som kan finst i nærleiken av oppdrettsanlegg.

Ein person i svart jakke står ved ei kai med vatn og fjell i bakgrunnen.
– Korallar kan vise stress gjennom redusert aktivitet i tentaklane eller auka produksjon av slim, forklarer ho, seier forskar Birte Katarina Schuppe.

Birte Katarina Schuppe er forskar ved Nord universitet.

– I doktorgradsarbeidet mitt undersøkjer eg korleis sårbare botnlevande artar, som korallar, påverkast av utslepp frå akvakultur, seier ho.

Augekorallar er såkalla filtrerande dyr. Dei kan ta til seg alt som driv forbi dei i vassmassane.

– Korallane et både plante- og dyreplankton, men dei kan óg filtrere oppløyste kjemikaliar viss dei finst i vatnet, seier Schuppe.

To akvarier med kameraer og slanger står på en benk i et laboratorium.
Korallane blir eksponerte for kjemikaliane i isolerte tankar.

To vanlege kjemikaliar vert undersøkt

I eksperimentet vert korallane eksponert for to kjemikaliar. Begge er mykje brukt i havbruksnæringa:

  • Azametifos, eit avlusingsmiddel.

  • Tralopyril, eit nyare såkalla antifouling-stoff i PFAS-gruppa, brukt for å hindre groing på nøter.

PFAS er ein gruppe på over 10.000 kjemikaliar som blant andre Noreg har foreslått bør vere forbudt.

Fleire av dei er alleredie strengt regulert. PFAS har fått kallenavmnet «evighetskjemikalier» fordi det tek så lang tid før dei forsvinn frå naturen og frå kroppane våre.

– Tralopyril er eit ganske nytt stoff. Det finst framleis lite kunnskap om korleis det påverkar miljøet. Vi veit at det er ei PFAS-sambinding, forklarer Schuppe.

En person i laboratorium står ved et bord med prøver, bøtter og utstyr under store ventilasjonsrør.
Birte Schuppe klargjer dagens prøver for innsending til analyse.

Tre måtar å lese korallane sin respons på

I prosjektet jobbar Birte Schuppe saman med assisterande bachelor- og masterstudentar. Dei nyttar tre metodar for å forstå korleis korallane vert påverka.

1. Kjemiske analysar
Små fragment av korallane vert tekne ut, frosne ned og så sende til Havforskingsinstituttet for analyse.

– Vi veit ikkje om korallane faktisk tek opp desse kjemikaliane. Difor er det viktig å undersøkje vevet direkte, seier Schuppe.

2. Studiar av åtferd med kamera
GoPro-kamera tek bilete av korallane kvart andre minutt, dag og natt. Det gjer dei for å registrere endringar i åtferd:

– Korallar kan vise stress gjennom redusert aktivitet i tentaklane eller auka produksjon av slim, forklarer ho.

3. Måling av stoffskifte
Korallane vert plasserte i tette kammer der oksygenforbruk og utskiljing av ammonium vert målt.

– Oksygenforbruk og utskiljing av ammonium fortel oss om energibruken og stoffskiftet til korallane, seier Schuppe.

Flere plastkurver med koraller ligger i et vannbad, mens en hånd justerer en av dem.
Korallene takast vare på i basseng fram til dei skal brukast i eksperimentet. Til slutt skal korallane attende til havbotnen.

Korallrev i Nordland – ein viktig naturtype

– Vi veit framleis lite om kvar desse korallreva finst i fjordane våre. Men når vi først undersøkjer, oppdagar vi dei ofte. Dette må takast omsyn til når menneskeleg aktivitet i fjordane aukar, til dømes innan akvakultur, seier professor Henning Reiss.

– I tillegg manglar vi kunnskap om korleis korallane påverkast av både naturlege forhold og menneskeskapte inngrep. Difor er grunnforskinga vi gjer her saman med Havforskingsinstituttet svært viktig, legg han til.

Korallreva langs kysten husar eit mangfald av artar og blir vurdert som nær truga.

Den langsame veksten og den økologiske betydninga til korallane gjer dei til viktige indikatorar for miljøendringar langs kysten.

Ein mann står utandørs ved ei brygge med vatn, fjell og overskya himmel i bakgrunnen.
– Korallrev er eit nøkkel-leveområde, seier professor Henning Reiss.

Professor Reiss understrekar kor viktig kunnskapen frå forskinga er:

– Korallrev er eit nøkkel-leveområde. Skal vi forvalte kysten på ein berekraftig måte, må vi forstå korleis ulike typar menneskeleg aktivitet påverkar dei.

Han fortel vidare at denne forskinga bidreg til eit meir detaljert bilete av korleis augekorallane lever, filtrerer og responderer på ulike forhold i vassmassane.

Denne kunnskapen kan vere nyttig i framtidig forvaltning av både natur og næringsaktivitet langs kysten.

Om forskinga

Korallforskinga er ein del av prosjektet VDWS Transitioning – from a precautionary to a science-based approach for managing fish farms close to vulnerable deepwater species.

Du kan lese meir på prosjektet si nettside VDWS Transition – Benthic Ecology.

Du finn også meir om korallforskinga på bloggen til prosjektet: Do anti-sea lice and anti-fouling agents stress cold-water corals? – Benthic Ecology.

forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER

Powered by Labrador CMS