Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Agder - les mer.
Lærarar i friluftsliv vart utfordra då ein blind student meldte seg på studiet
Frå første skuleår er det eit ideal at undervisninga skal vere tilpassa den enkelte. Men korleis gjer ein det i praksis? Og kan det faktisk være en fordel å være blind når du skal finne fugler i naturen?
Friluftsliv må ikkje vere ekstremsport for at ein skal ha utbytte av det, meiner forskar.(Illustrasjonsfoto: Pexels)
– Det finst mange studiar om tilpassa undervisning, men
få som viser korleis det vert praktisert innafor idretts- og friluftsfag i høgare
utdanning, seier idrettsforskar Aron Laxdal ved Universitetet i Agder (UiA).
Han publiserte nyleg ein studie om tilpassa undervisning for studentar med funksjonsnedsetting. Studien er basert på intervjuar med fire lærarar.
Saman med to andre forskarar har han sett på korleis fire universitetslærar la undervisninga til rette for ein synshemma student. Kva for innsikter fekk dei av det?
– Vi konkluderer med at ein ikkje berre må sjå snevert på den enkelte når ein tilpassar undervisninga, seier idrettsforskar Aron Laxdal ved UiA.(Foto: UiA)
Den synshemma studenten tok ein bachelor i helsefag og hadde valt friluftsliv som årsstudium.
Aktivitetar gjennom heile året
Blinde studentar er uvanleg i eit fag som
friluftsliv. Faget er fysisk og dreiar seg i høg grad også om visuelle
opplevingar.
– Det var ei kjempeoppleving både for lærarane og
studentane å ha den blinde med, seier Laxdal.
Han trur både lærarar og studentar lærte vel så mykje
av den blinde som ho lærte av dei.
Mykje rigg og mykje vêr
Det kravde mykje rigg å ta med ein blind student for
å gå på ski og byggje snøhole. Men har du valt friluftsliv som spesialisering,
er ikkje skitur i snøfokk den einaste utfordringa du møter.
I løpet av året skal studentane også på sykkelturar.
Dei skal ut i kajakk. Dei skal padle kano. Dei skal vandre i skog og mark. Dei skal verte kjent med høgfjell,
fjellvatn og bekkefar. Og dei skal vere ute både om hausten og vinteren,
uansett vêr.
I tillegg til å vere oppå vatnet i ein kano, skal
studentane også vere i vatnet. At dei kan svømme er sjølvsagt. At dei har kurs
eller kompetanse i livredding vert tilrådd.
– Det er ingen tvil om at dette er eit fysisk
krevjande studium. Mange turar kravde også sitt frå dei funksjonsfriske.
Studentane var til dømes fleire dagar i høgfjellet. Dei planla turen, sette opp
telt og grov snøholer, seier Laxdal.
Tilpassing for studenten, men ikkje av opplegget
Den synshemma fekk eit opplegg som passa for henne. Dei
andre studentane opplevde det berikande at ho var med. Det same gjorde
lærarane. Dei var som sagt nøgde med at ho kom seg gjennom studiet.
Men Laxdal var ikkje heilt nøgd med det svaret.
– Det er vel og bra at dei tilpassa turane til den
synshemma ved at studentar hjelpte henne undervegs. Ho vart friteken frå ulike aktivitetar
under turane, men det var ikkje alltid nødvendig, seier Laxdal.
Unødvendig eksludering
Annonse
Laxdal fortel at ho til dømes vart ekskludert frå fugletitting.
– Det er vanskeleg å sjå etter fuglar når du er
synshemma. Men nøkkelpunkt når du skal finne fuglar, er å høyre etter kvar dei
er. På det området hadde den synshemma meir trening enn dei andre.
Laxdal meiner det var ei unødvendig ekskludering. I
studien kallar han det eit snevert syn på tilpassing.
– Med eit breiare syn på tilpassing kunne lærarane ha
funne ein alternativ aktivitet som likevel sikra at ho nådde dei same faglege
måla som resten av studentane, seier han.
Ekte friluftsliv treng ikkje vere dristig
Laxdal peikar på at friluftsfag ofte er basert på eit
litt ekstremt syn på naturen: Turar og overnatting i det fri skal helst vere
litt krevjande for å kallast friluftsliv.
– Studentane skal etter kvart ut i jobb og lære andre
å ferdast i skog og natur. Da må dei ha lært at meiningsfulle
opplevingar av naturen kan gjerast tilgjengeleg for alle, seier han.
I studien kjem det fram at lærarane flikka på det eksisterande
opplegget i staden for å gjere større endringar av undervisninga.
– Du treng ikkje leggje turane i vanskeleg terreng. Ekte
friluftsliv må ikkje vere dristig og krevjande for å vere meiningsfylt, seier
Laxdal.
Han meiner faget har mykje å vinne på å normalisere
utfordringane.
– Vi konkluderer med at ein ikkje berre må sjå
snevert på den enkelte når ein tilpassar undervisninga. Eit breiare syn inneber
at studentane må kunne velje mellom fleire aktivitetar for å lære det dei skal,
seier Laxdal.
Den synshemma var kvalifisert
Annonse
Det høyrer med til historia at den synshemma var
kvalifisert for studiet. Ho var i god fysisk form og kunne både svømme og gå på
ski før ho starta på studiet.
– Den synshemma lykkast som student. Ho vart ein del
av gjengen og gjennomførte studiet. Men eg trur lærarar i friluftsliv må sjå
meir på korleis dei kan tilpasse fag og aktivitetar til fleire, seier Laxdal.