Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Agder - les mer.
Denne forskaren har fått fleire økonomistudentar til å bestå eksamen i matematikk
Ho står bak noko som kan gjere overgangen frå vidaregåande til universitet enklare.
Kurset fungerer som ei bru mellom matematikken frå videregående og faget matematikk for økonomar ved Handelshøgskulen på Universitetet i Agder.
– Det er mange tøffe utfordingar når du kjem frå eit klasserom med 30 elevar til eit auditorium med opp mot 300 studentar, seier Ida Maria Landgärds-Tarvoll.
Ho står bak kurset som har fått fleire økonomistudentar til å bestå eksamen.
Ho underviser i matematikk for økonomar og forskar på koreleis undervisning kan støtte studentar i overgangen frå skule til universitet. Tidlegare i år forsvarte ho doktorgraden sin om korleis ulike undervisningstiltak kan redusere fråfall og styrke læring.
– Overgangen er vanskeleg, men skuldast verken dårlege lærarar eller slappe elevar, seier forskaren.
Ulik bakgrunn i matematikk fra vidaregåande
– Mange av studentane har rett og slett ikkje hatt den typen matematikk som krevst i økonomifaget. Du kan kome inn på økonomiutdanninga uansett kva for matematikk du har hatt på vidaregåande, seier Landgärds-Tarvoll.
Studentane har anten hatt praktisk eller teoretisk matte på vidaregåande.
Det gir eit sprik i kunnskapen studentane har det første året i øknomiutdanninga.
Nettopp derfor har forskaren laga forkurset. Alle studentane skal få ei innføring i det grunnleggjande som krevst for å lære matematikk for økonomar og lykkast med eksamen.
Argumenterer med matematikk
Matematikken blir brukt på ein annan måte i økonomifaget enn andre fag, mellom anna som ein vesentlig del av økonomiske modelleringar.
– Vi skal ikkje bevise tal, men analysere modellar og seie korleis grafar og tal vil sjå ut i framtida. I økonomifaget er matematikk også ei form for argumentasjon, der vi til dømes viser korleis eit utgangspunkt vil utvikle seg over tid gitt visse forhold, seier Landgärds-Tarvoll.
Sjølvstendige studentar
Forkurset startar med testar som viser kva studenten kan og ikkje kan. Deretter kan dei velje å følgje heile kurset, eller berre dei delane dei treng å lære meir om.
Kurset varer i åtte veker med 45 minutt undervisning og tre timar rettleiing kvar veke. Resten er digitalt sjølvstudium.
Omkring 210 studentar deltek på kurset.
Då forkurset vart gjennomført første gong i 2018, fall strykprosenten i matematikk for økonomar frå 35 til 10 prosent.
Dei siste åra har han halde seg rundt 8-11 prosent.
Forsking i praksis
Forkurset byggjer på forsking og erfaring frå fleire år med undervisning.
– Det spesielle med kurset er at det er nøye tilpassa behova til studentane. Det gir dei innsikt i og ansvar for eiga læring gjennom digital sjølvtesting og tydelege mål for faget, seier ho.
Landgärds-Tarvoll meiner resultata viser at det er viktig å ta på alvor at studentar kjem med ulik bakgrunn.
– Studentane er smarte og ønskjer å lære. Når dei får nok informasjon og sjølvstende, vel dei å delta og engasjere seg, sier ho.
Læring og fellesskap
Forkurset har òg styrkt samhaldet mellom studentane.
– Vi har fått til ein god og viktig sosial arena der ein finn venner å vere med både på studiet og i fritida. Vi har studentar som har sagt at dei ville slutte på studiet, men som vart verande på grunn av miljøet, seier Landgärds-Tarvoll.
Referanse:
Ida Maria Landgärds-Tarvoll, Institutional transitions related to mathematics in economics education: from school to university and from mathematics to economics. Doktoravhandling, Universitetet i Agder, 2025.
Les også disse artiklene fra Universitetet i Agder:
-
Dette kan gjere livet lettare for ferske mattelærarar
-
Det finnes mange tilfeller av far og sønn på elitenivå i fotball. Hvorfor det?
-
Slik brukte vi planter til å beskytte oss mot det onde
-
Her ble norske kvinner brent på bålet
-
– Tiltak mot utenforskap kan forsterke problemet
-
Slik hjelper fisk havet med å lagre karbon