Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Agder - les mer.
Norden kan vise veg inn i EU
Nordiske erfaringar kan hjelpe Ukraina og andre land med ei gradvis tilknyting til EU.
Korleis fungerer det fleksible samarbeidet mellom EU og dei nordiske landa? Anne Pintsch og andre forskarar gir svara i ei ny samling artiklar(Illustrasjonsfoto: Colourbox)
Ukraina og andre land som
vil inn i EU kan lære mykje av nordiske erfaringar, ifølgje forskaren Anne Pintsch ved Universitetet i
Agder.
Ho er ein av redaktørane av ei ny bok om samarbeidet mellom EU og dei nordiske landa.
– Norden har vore eit laboratorium for fleksibelt EU-samarbeid i mange år, seier ho.
Valfridom i samarbeidet
Fleksibelt samarbeid vert
i forskingsartiklar kalla «differensiert integrasjon». Det inneber at land i og
utanfor unionen kan samarbeide med EU på ulike måtar.
Anne Pintsch er førsteamanuensis ved UiA.(Foto: UiA)
– Tenk berre på Noreg. Vi
er ikkje med i EU, men samarbeider tett gjennom EØS-avtalen. Det er eit døme på
fleksibelt samarbeid, seier Pintsch.
Alle EU-land treng altså ikkje
vere med på alt. Dei kan velje å stå utanfor delar av samarbeidet.
Danmark er medlem, men
har valt bort euroen. Sverige er medlem, men brukar ikkje euro. Finland er
fullt medlem og brukar euro.
– Forskinga viser at
ulike løysingar kan fungere godt, seier Pintsch.
EU som fleksibelt fellesskap
Fleksibiliteten gjer at
EU kan vekse utan å tvinge alle inn i den same forma. Det kan gi rom for nye
medlemsland. Men det skaper også vanskelege politiske og juridiske
utfordringar.
– Ulike samarbeidsformer
har likevel vore typisk for EU, seier Pintsch.
Med krig i Europa og nye
land som ønskjer seg inn, blir det truleg meir av avtalar som gir gradvis
tilknyting. Her kan Norden vise veg. I den nye artikkelsamlinga vurderer forskarane
korleis samarbeidet mellom EU og dei nordiske landa faktisk fungerer.
– Vi har sett både på det
som fungerer og det som ikkje fungerer. Det gir nyttig kunnskap til forskarar
og politikarar, seier Pintsch.
Når det fungerer – og ikkje
Fleksibelt forsvarssamarbeid
mellom dei nordiske landa har fungert godt dei siste ti åra.
– Det har vore prega av
tillit som er bygd over tid, seier ho.
EØS-avtalen har òg vist
seg stabil. Men ikkje alle område er like lette å samarbeide om.
Annonse
– Pensjon og minstelønn
er døme på område der samarbeidet er vanskeleg, seier ho.
Eit EU i ulikt tempo
Men fleksibiliteten har
òg ei bakside.
Fleksibelt samarbeid
betyr at medlemslanda har ulike vilkår og avtalar. Nokre deltek fullt ut. Andre
har unntak. Dermed er ikkje EU ein fast struktur, men eit nettverk av ulike
samarbeidsformer.
– Fordelen er at fleire
kan vere med, men på ulikt nivå og i ulikt tempo, seier Pintsch.
Ulempa med land som
utviklar seg i ulikt tempo, er at det kan svekkje samhaldet i EU.
–
Fleksibelt samarbeid gir valfridom, men også utfordringar. Det kan føre til forskjellsbehandling
av landa, og det kan gi fleire reglar å forhalde seg til for den enkelte, seier
ho.
Problemet med mange
reglar, er at det vert vanskeleg å forstå sakene. Da kan folk verte usikre på
kva dei skal stemme for eller imot.
– Det er jo eit demokratisk
problem viss folk ikkje forstår konsekvensane av det dei skal stemme om, seier
Pintsch.
Nordisk modell kan ikkje kopierast
Dei nordiske landa har
høg tillit til kvarandre. Det gjer fleksible løysingar stabile i våre land.
Dessutan har nordiske
land som Noreg frivillig valt fleksibel integrering i EU via EØS-avtalen.
Ukraina strevar på si side med å få til full integrering i EU.
Annonse
– Den nordiske modellen
kan ikkje kopierast direkte til resten av Europa. Vi treng også meir forsking
om korleis nordiske erfaringar kan overførast til andre land, seier Pintsch.
Artiklane i boka byr på nye
og relevante innsikter no som EU utviklar seg raskt.
– Land som Ukraina treng
kunnskap om korleis ei gradvis tilknyting kan skje. Den kunnskapen kan
politikarar og andre lese meir om i boka, seier ho.
Boka Differentiated
Integration in a Nordic Perspective vender seg til forskarar, politikarar
og studentar innan statsvitskap, økonomi og juss.