Denne artikkelen er produsert og finansiert av Havforskningsinstituttet - les mer.
På 3.000 meters djup i Norskehavet ventar forskarane å finne ukjende dyreartar
Djuphavet er eit av dei minst utforska områda på kloden.
– Djuphavet er framleis eit av dei minst utforska områda på planeta vår. Vi forventar at det inneheld ei mengde dyr som vi ikkje kjenner til frå før, seiere forskar Èric Jordà Molina ved Havforskingsinstituttet.
Han er ein av forskarane i Mareano-programmet, som undersøkjer havbotnen, dyrelivet og forureininga i norske havområde.
– Djuphav er definert som djupare enn 200 meter, men nesten halvparten av havbotnen er djupare enn 3000 meter. Faktisk er snittdjupet heile 3682 meter, seier han.
I dei norske havområda finn ein slike store djup i Norskehavet. I desse veldig djupe områda, som ligg heilt vest i Norskehavet, har det blitt gjennomført to Mareano-tokt.
Ein kø av ekstreme utfordringar
På så store djup står utfordringane for dyrelivet i kø: ekstremt trykk, totalt mørke, lave temperaturar og svært avgrensa tilgang på mat.
Maten som mange av organismane i havet et, kjem frå den biologiske produksjonen i overflatelaget.
Her veks planteplanktonet. Det er mat for dyreplankton, som igjen er mat for større dyr.
Restar frå dette festbordet i overflata søkk ned mot botnen – men mengdene blir mindre omtrent for kvar meter.
– Berre omtrent ein prosent av det organiske materialet som blir produsert i overflatevatnet når ned til botnen i djuphava, seier Molina.
Ekstreme forhald – ekstreme tilpassingar
– Til trass for dei tilsynelatande ubuelege forhalda, har djuphavsorganismane utvikla særeigne tilpassingar som gjer at dei trivast i dette mystiske og krevjande miljøet, fortel forskaren.
Mange av dyra har ein relativt enkel overlevingsstrategi: dei held seg små.
– Små dyr treng mindre energi, og dermed mindre mat, enn det større dyr gjer. Det gir mindre dyr ein stor fordel når miljøet dei lev i er så ressursfattig som det vi finn på dei store havdjupa, seier han.
Sjå opp for djuphavgigantane
Men sjølvsagt finst det unntak.
Nokre av artane som held til fleire tusen meter under overflata er større enn slektningane som held til på grunt vatn.
– Dette er eit gåtefullt fenomen som vi kallar djuphavgigantisme. Eksempel på slike dyr er nokre artar av isopder og sjøedderkoppar, men vi har ikkje fått slike artar i prøvene våre til no, seier Molina.
Imponerande mengde dyr
Sjølv om det er ein og annan gigant på havbotnen, er forskaren mest opptatt av dei aller minste artane ein finn her.
– Ved første blikk kan dei store slettene i djuphavet sjå aude ut. Berre eit og anna dyr er stort nok til å vise seg på video-opptaka våre. Men ikkje la deg lure: nede i sedimenta skjuler det seg eit eige økosystem, seier han.
Om ein ser på alle hava i verda, så finn ein omtrent halvparten av den totale biomassa av dyr som lever på havbotnen, på djup større enn 3.000 meter, ifølgje Èric Jordà Molina.
Desse dyra lever i stor grad på dei store djuphavsslettene, på fagspråket kjent som abyssale sletter.
– Desse slettene er enorme, gjørmete områder som dekker omtrent 75 prosent av havbotnen. Her dominerer dei bittesmå organismane, seier han.
Her finn forskarane virvellause dyr på mellom 5 mm og 300 mikrometer. Desse vert kalla makrofauna, og er til dømes små krepsdyr, ormar og skjel.
– Det er ikkje veldig mange dyr per kvadratmeter, men mange nok til at dei har ei viktig rolle i økosystemet i havet, seier Molina.
Deretter kjem meiofauna. Desse er endå mindre, heilt ned til 32 mikrometer. Også store mengder bakteriar trivast på djuphavslettene.
Næringsstoff frå djuphavet blir sendt tilbake til overflata
Også bakteriane har ei viktig rolle i økosystemet.
Her nede i djuphavet – gjerne fleire kilometer under overflata – jobbar dei som havet sitt resirkuleringsbyrå og bryt ned det organiske materialet som kjem frå overflata.
– Bakteriane spelar ei nøkkelrolle som næring for dei aller minste organismane og blir dermed grunnlaget i næringsnettet, seier Molina.
Bakteriane og dei små organismane nede i havbotnen utnyttar dermed restane frå overflata ved å bryte ned dei små mengdene med organisk materiale som kjem derifrå.
Denne aktiviteten fører til at ulike næringsstoff over tid blir akkumulert i djuphavet – før dei blir sendt tilbake til overflata.
Dumbo-blekkspruten dukkar av og til opp på videokameraet
– Næringsstoffa vert frakta opp igjen til overflata ved hjelp av havsirkulasjonen. Her dannar dei grunnlaget for nye oppblomstringar av algar som igjen vert mat for større artar, seier Molina.
Dermed bidreg organismane nede i mudderet på havbotnen til å oppretthalde primærproduksjonen i overflata.
I tillegg er djuphavsorganismane mat og næring for andre dyr i djupet.
– Dei minste organismane er næring for dei litt større, og til slutt for fisk og til dømes den sjarmerande Dumbo-blekkspruten som av og til dukkar opp på videokameraet vårt.
Les også:
Kjelde
Heidi Kristina Meyer mfl.: MAREANO's second cruise to the Arctic Mid-Ocean Ridge. Toktrapport, Havforskningsinstituttet, 2026.
Fikk du med deg disse sakene fra Havforskningsinstituttet?
-
Fryktet oppdrettsvirus truer neppe villaksen
-
Sjå video: Mødrene bestemmer når spekkhoggarane skal dykke
-
Dei arktiske tareskogane ser meir og meir ut som norskekysten
-
Hvor fødes hvithaiens norske slektning?
-
Slik gjekk det med steinbit som ble flytta for å redde tareskogen
-
Forskerne satte ut fiskekamera – fikk isbjørn på film