Denne artikkelen er produsert og finansiert av Havforskningsinstituttet - les mer.

Dei arktiske tareskogane ser meir og meir ut som norskekysten 

Kongsfjorden på Svalbard liknar meir på ein fastlandsfjord enn før, med høgare temperatur og innflytta kråkebollar.

Publisert

– Kongsfjorden ser meir og meir ut som fastlandet langs kysten av Nord-Noreg, seier havforskar Karen Filbee-Dexter. 

Ho har nyleg vore på feltarbeid på Svalbard. Der dukkar ho under vasskorpa for å undersøke tilstanden i dei arktiske tareskogane. 

Her møter forskarane såkalla borealisering. Det vil seie at dei arktiske områda mister det arktiske særpreget sitt og liknar meir på det varmare, atlantiske nord. 

– Temperaturen i vatnet var tre til fire grader høgare enn normalt på ti meters djupne. Det har vore ei to månadar lang massiv hetebølgje, som òg nådde under vassoverflata. Samtidig ser vi kråkebollar som beiter kraftig i den arktiske tareskogen og nyforma ørkenområde, seier havforskaren. 

Kråkebollar i Kongsfjorden, frå feltarbeid i september 2026.

Varmen kan føre til meir tareskog i Arktis

Nokre av dei raskaste og kraftigaste klimaendringane på kloden skjer nettopp i Arktis. Havområda rundt Svalbard vert oftare enn før påverka av hetebølgjer i vatnet. 

– For tareskogen i området er det venta at mindre isdekke og betre lysforhold kan føre til auka vekst – at han breier om seg i dei arktiske fjordane, seier havforskar Kjell Magnus Norderhaug. 

Han leia rapportarbeidet då Havforskingsinstituttet (HI) i 2025 gjorde opp status for dei norske tareskogane. 

Samtidig kan andre vilkår bremse veksten av tareskog: som kråkebollar på framvekst, mørkare kystvatn, auka avrenning frå land og erosjon. 

Men for fastlandskysten er det dårleg nytt

Langs fastlandet er utsiktene dårlegare, viste statusrapporten frå 2025. 

Frå Vestlandet til Nordland er tareskogen stort sett intakt. Men i Nord-Noreg er store område tareskog vekke. Dei er beita ned av kråkebollar. I Skagerrak er mesteparten av sukkertareskogen tapt. 

Stortinget har etterlyst ein plan for korleis vi kan snu trenden. HI, i samarbeid med Miljødirektoratet og Fiskeridirektoratet, held no på med forslaga til løysing. 

– Vi evaluerer dei mogelege restaureringstiltaka i Noreg og kor vidt dei let seg gjennomføre og oppskalere. Vi set også prislappen på kva desse vil koste og kva gevinsten kan vere. Med dette bakteppet skal vi anbefale tiltak forvaltinga bør gå inn for langs kysten, seier Norderhaug.

Om restaureringsplanen:

Havforskingsinstituttet har fått i oppdrag å utforme ein plan for tareforvalting og tiltak for restaurering av norsk tareskog, i samarbeid med Fiskeridirektoratet og Miljødirektoratet.

Oppdraget er frå Nærings- og fiskeridepartementet, i samarbeid Klima- og miljødepartementet og skal svare opp Stortingets anmodningsvedtak 789 frå juni 2024.

Forskarane leverte første delrapport i 2025: Restaurering av tareskog i Norge. Rapport I – Statusrapport. Dette var ein statusrapport for tareskog i Noreg, menneskeleg påverknad og årsakar til tap av tareskog.

No held HI, Fiskeridirektoratet og Miljødirektoratet på med andre delrapport. Denne vurderer aktuelle restaurerings- og forvaltingstiltak, potensielle effektar, kor gjennomførlege tiltaka er og kunnskapsgrunnlaget dei er tufta på – endeleg presenterer rapporten ulike mogelegheiter.

– Vi må ta vare på tareskogen vi har i dag

Dersom ein klarar å restaurere all den tapte tareskogen i norske farvatn, vil gevinsten vere formidabel, ifølgje fjorårets rapport. 

Tareskogen gjev oss nemleg flust av goder, også kalla økosystemtenester. Han produserer oksygen, lagrar karbon og husar fisk som seinare vert hausta. 

– Det vi kan seie allereie no, er at vårt råd om det aller viktigaste tiltaket vil vere å ta vare på tareskogen vi allereie har, seier Norderhaug. 

Havforsker Even Moland med naturleg grøn grus. Her frå feltarbeid i Kongsfjorden, Svalbard.

Om BlueArc

BlueArc er eit Unge forskertalenter-prosjekt, som vert leia av Karen Filbee-Dexter frå Havforskingsinstituttet. Det er finansiert av Norges forskningsråd.

Norsk Polarinstitutt, Universitetet i Aarhus, Roskilde Universitet og Universitetet i Vest-Australia er samarbeidspartnarar.

Dette er det andre feltarbeidet i prosjektet. Havforskarane hadde også med éin masterstudent, éin doktorgradsstipendiat og tre postdoktarar, som alle arbeider med forskingsprosjekt tilknytt BlueArc.

forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER

Powered by Labrador CMS