Denne artikkelen er produsert og finansiert av Havforskningsinstituttet - les mer.
Sjå video: Mødrene bestemmer når spekkhoggarane skal dykke
Når spekkhoggarane dykkar saman, er det som regel ei av hoene som tek initiativet. Det viser nye droneopptak frå Hardangerfjorden.
– Det er dei vaksne hoene som ofte tek initiativ til dei djupe dykka til spekkhogger-gruppa, seier havforskar Carla Freitas.
I over 80 prosent av fellesdykka til spekkhoggarane i Hardangerfjorden er det ei hoe som tek initiativet. Dei andre i flokken følgjer på – og dét kjapt og ryddig.
Det kan vere ein viktig eigenskap når vilkåra til havs endrar seg.
I møte med klimaendringar, menneskeleg påverknad eller endringar i mattilgangen, er spekkhoggarane avhengige av raske og effektive avgjersler.
Då kan tydeleg leiarskap vere ein nøkkel.
Hierarkiet
Funna stammar frå drone-observasjonar frå Hardangerfjorden, samla inn frå februar til april i 2025. Resultata er nyleg publiserte i det vitskapelege tidsskriftet Animal Behaviour.
– Vi samla til saman 594 minutt dronevideo av dei ulike spekkhoggargruppene, seier marinbiolog Marie-Laure Veys.
Ho budde tre månadar i Ulvik i samband med feltarbeidet. Dette var er ein del av hennar masterprosjekt ved Havforskingsinstituttet.
Vestlandsfjordane er populære boltreplassar for spekkhoggarar. Mange av kvalane kjem attende år etter år.
Spekkhoggarar er sosiale dyr. Dei lever i velorganiserte grupper bygde rundt mødrene, med sine døtrer og søner. Men internhierarkiet i gruppene kan vere utfordrande å slå fast.
– Vi har granska korleis spekkhoggarane fattar kollektive avgjersler og dei meir subtile sosiale samhandlingane mellom dei, seier Veys.
Sjå dronevideo av spekkhoggarane under:
14,6 sekund frå første til siste dykk
Forskarane har analysert 45 felles djupdykk hos spekkhoggarane og 274 sosiale samhandlingar mellom dei.
Hoene er sjef i brorparten av fellesdukkertane, syner resultata.
– Dette støttar hypotesen om at spekkhoggarane ikkje tek desse avgjerslene i fellesskap eller tilfeldig. Leiarskap er knytt til alder og kjønn, og det er ei vaksen hoe som oftast treffer ei avgjersle, seier Carla Freitas.
I omtrent halvparten av tilfella var spekkhoggaren som dykka først plassert i front av gruppa, men i 40 prosent av tilfella gjekk startskotet frå midtlinja.
Det viser at leiaren ikkje nødvendigvis er plassert i front, som ein har antatt i tidlegare studiar.
Når dykke-avgjersla først er teken, følgjer resten på i tur og orden.
Frå første spekkhoggar trekker pusten og dykkar til den siste gjer det same er snitt-tida 14,6 sekund.
– Etterslepet er relativt kort, noko som tyder på at det er ei høg grad av samhald i gruppene. Det kan vere eit teikn på at spekkhoggarane har sterke sosiale band til kvarandre, og er koordinerte som ei velsmurt maskin.
Matriarkane
Resultata er ikkje uventa, sidan spekkhoggarar er kjende for å leve i matriarkalske einingar. Dette såg forskarane også att i kontakta mellom kvalane.
Forskarane registrerte 274 sosiale samhandlingar – at det er fysisk kontakt mellom spekkhoggarane eller at dei synkront bryt overflata saman.
– Mest vanleg var dette mellom vaksne hoer og kalvar, seier Freitas.
At dette i hovudsak førekom i mor og kalv-duoar, kan vere eit teikn på at spekkhoggarkalven held seg nær mor for å lære korleis han skal oppføre seg – anten det er sosiale normer, vokaltradisjonar eller matjakt-strategiar.
Forskarane påpeikar at studien dekkjer eit fåtal spekkhoggarar og ein kort tidsperiode.
Likevel syner han verdien av å kombinere droneobservasjonar med langsiktig overvaking av kjende individ for å studere dei nyanserte, nære samhandlingane til kvalane.
– Studien demonstrerer også den sentrale rolla vaksne hoer har i å strukturere den kollektive åtferda til gruppa, og til å halde ved like dei sosiale banda hjå spekkhoggarane, seier Freitas.
Kilde
Marie-Laure Veys mfl.: Female-centred decision making and social interactions in killer whales revealed by drone-based observations. Animal Behaviour, 2026. Doi.org/10.1016/j.anbehav.2026.123732.
Fikk du med deg disse sakene fra Havforskningsinstituttet?
-
Dei arktiske tareskogane ser meir og meir ut som norskekysten
-
Hvor fødes hvithaiens norske slektning?
-
Slik gjekk det med steinbit som ble flytta for å redde tareskogen
-
Forskerne satte ut fiskekamera – fikk isbjørn på film
-
Er det for mye legemidler og miljøgifter i norsk oppdrettsfisk? Nå har fisken vært på EU-kontroll
-
Lav risiko for evighetskjemikalier i oppdrettslaks