Denne artikkelen er produsert og finansiert av Høgskulen på Vestlandet - les mer.
Fosterbarn kan miste morsmålet sitt: – Dette har vore ei blindsone i barnevernet
Barn i fosterheim som gløymer det opphavlege morsmålet sitt, står i fare for å miste ein stor bit av sin eigen identitet.
– Eg ville vite kva «Maryan» bar på, difor bad eg om ei utgreiing frå barnevernet. Det skjedde ikkje. Dei meinte at ho berre skulle få falle til ro hos meg, så kunne vi sjå på det sidan, seier Milfrid Tonheim, forskar og tidlegare fostermor.(Foto: HVL)
Fem år
gammal var vesle «Maryan» ei uvanleg livleg jente. Ho snakka som ein foss på
bergensk, var full av temperament og elska dessutan å danse og synge.
Maryan er ikkje hennar verkelege namn.
Fostermora,
Milfrid Tonheim, skildrar henne som «ein stor personlegdom», og må smile når ho
tenkjer tilbake på korleis det var å ha henne i heimen.
– Kva gjer ho der i lag med deg?
Ho hadde
kalla Tonheim for mamma heilt sidan dag ein, på det aller første møtet mellom
dei.
Når ho og
Maryan gjekk på gata saman, hende det at somaliske kvinner kom bort til dei to,
sidan dei lett kunne sjå at Maryan var somalisk og at Tonheim ikkje var
det.
Men om dei prøvde å snakke til jenta på heimspråket, svarte ho ikkje. Ho forstod ingenting av det dei sa.
Dei
somaliske kvinnene hadde som regel mange spørsmål til fostermora:
Kva gjer
ho der i lag med deg? Tek du henne med i moskeen? Kvifor snakkar ho ikkje
språket sitt?
Vanskeleg
å bli konfrontert på dette viset
Som
fostermor kunne det vere vanskeleg å bli konfrontert på dette viset. Men no,
årevis seinare, skjønar ho at kvinnene kjente ein eigarskap til jenta, og at
det låg ein kjærleik i det.
– Med
dette signaliserte dei: Vi er eit samfunn som ser kvarandre og tek vare på
kvarandre. Og det er godt for eit barn å oppleve! seier Tonheim.
– Sjølv
uroa eg meg også for tapet av språk og kultur som Maryan allereie hadde vore
gjennom etter fleire år i beredskapsheim. Dette var aldri noko tema frå
barnevernet si side, og eg visste heller ikkje kva eg kunne gjere med det. Det
var eit sakn, seier ho.
Lag på lag
med tap
Sidan har
Tonheim, som i dag er professor i sosialt arbeid ved Høgskulen på Vestlandet,
grubla mykje over nett denne problemstillinga.
Som
forskar har ho dei siste åra leia eit større prosjekt om heimkjensle og
kulturell identitet for barn i fosterheim med migrasjonsbakgrunn.
Nett desse
barna opplever alle dei vanlege tapa som andre omplasserte barn – dei forlèt
ein heim, foreldre og søsken, skule, vener, kjende og kjære omgjevnader.
Men i
tillegg finst det endå eit lag av tap i desse barna sitt liv.
Annonse
Mange av dei
flytter til ein familie som både er synleg forskjellig i hudfarge, hår, språk,
og kulturelt forskjellig frå familien dei har vokse opp i – med andre
tradisjonar, vanar, familiehistorie og økonomi.
Dette handlar om mange barn
– Kva gjer
dette med sjølvkjensla deira? Når tida går, mister dei ein kulturell kompetanse
dei opphavleg hadde: Om korleis du snakkar, korleis du et og korleis du
oppfører deg blant dine eigne, seier Tonheim.
– Eg trur
ikkje vi har teke innover oss alle tapa desse barna blir påførte.
Dette
dreier seg ikkje om noka lita gruppe med barn – så mange som ein av tre barn
som blir omplasserte i Noreg i dag, har migrasjonsbakgrunn.
Det vil seie at dei
anten har migrert sjølve eller har foreldre som har migrert.
Dette er
omtalt i fleire offentlege rapportar, mellom anna stortingsmelding 29
(2023-2024).
Plikta til
å legge vekt på kulturell bakgrunn
Norsk
barnevern har ei lang og stolt historie, som det aller første barnevernet på
verdsbasis.
Den nyaste
barnevernslova legg større vekt på kulturell bakgrunn enn tidlegare. Når
barnevernet vel fosterheim til eit barn som ikkje lenger skal bu med dei
biologiske foreldra sine, pliktar dei å ta omsyn til det som kallast
kontinuitet.
I dette
ordet ligg det at dei skal ha eit blikk for barnets opphavlege kultur, språk og
religion, og jobbe for at brotet med dette ikkje blir for stort eller
ugjenkalleleg.
–
Problemet er at det finst veldig få tiltak for å sørge for kontinuitet.
Barnevernet og samfunnet elles har lite å tilby, og det er ein systemsvikt,
seier Tonheim.
Annonse
Barnevernet
har få besøksheimar med andre bakgrunnar
Løysingane
blir gjerne ad hoc – som at barnevernet forslår at eit somalisk barn i
fosterheim skal få ein somalisk besøksheim som dei kan vere innom iblant.
Men på
same vis som dei manglar fosterfamiliar med andre kulturelle bakgrunnar enn den
norske, har barnevernet også få tilgjengelege besøksheimar av det slaget.
Ein annan
tanke har vore at barnet skal kunne halde på språket sitt gjennom det
sporadiske samværet med sine biologiske foreldre.
Men når slike møte berre
skjer seks gongar i året, er det langt ifrå nok til å oppretthalde eit heilt
språk.
Ofte skjer desse møta dessutan under tilsyn, noko som betyr at dei må snakke norsk.
– Fosterheimsplassering skal ideelt sett vere eit mellombels tiltak. Men når barnet mister språket sitt, kan det også øydelegge relasjonar. I nokre tilfelle blir det umogleg for dei å flytte heim igjen, seier forskar Fylkesnes.(Foto: Eivind Senneset)
Gamle
synder om igjen?
Ei mindre
stolt side av norsk barnevernshistorie er korleis institusjonen tidlegare har
vore ein sentral aktør i fornorskinga av samar og andre nasjonale
minoritetar.
Mange barn
blei plasserte i internat eller fosterheimar der dei skulle lære seg norsk og
helst gløyme det samiske.
Oppi dette
såg barnevernstilsette på seg sjølve som gode hjelparar.
Tanken var: Jo likare
vi er, jo lettare kan vi bygge nasjonen. Også overfor barn av romfolk gjaldt
denne strategien.
Har fått
medhald i at barnevernet har forsømt seg
Annonse
– Eg
fryktar at vi er i ferd med å gjere dei same feila om igjen, denne gongen
overfor barn med migrasjonsbakgrunn. Viss vi verkeleg har lært noko av
overtrampa våre mot samar og romfolk, er det på tide å ta høgde for dette no,
meiner Tonheim.
Biologiske
foreldre har kritisert norsk barnevern nettopp for å påføre barna deira
språktap og kulturtap.
Nokre har teke saka med til Den europeiske
menneskerettsdomstolen.
Der har dei fått medhald i at barnevernet har forsømt
seg når det gjeld retten til språk.
– Når barnet mister språket, kan det øydelegge relasjonar
Barnevernsforskar Marte Knag Fylkesnes
ved Universitetet i Bergen er med i prosjektet leia av Tonheim, og har sett
spesielt på effektane av språktap:
–
Fosterheimsplassering skal ideelt sett vere eit mellombels tiltak. Men når
barnet mister språket sitt, kan det også øydelegge relasjonar. I nokre tilfelle
blir det umogleg for dei å flytte heim igjen, seier ho.
Då Tonheim
for mange år tilbake sa ja til å bli fostermor for Maryan, kjentest det riktig
for henne å ta imot ei somalisk jente.
Familien hennar bestod allereie av folk
frå ulike stader i verda.
Alt ho
ikkje visste
Ho ville
så inderleg at den vesle jenta skulle kjenne seg heime. Bakgrunnen hennar var
hard.
Som fireåring, blei Maryan akuttplassert i beredskapsheim for andre gong,
men det som berre skulle vere eit høgst mellombels tiltak, enda med å vare i to
år.
– Eg trur
det var difor ho kalla meg mamma alt første gongen ho såg meg. I årevis hadde
ho lengta etter nokon å høyre heime hos, seier Tonheim.
Annonse
Tonheim
tenkte mykje på alle brota denne femåringen alt hadde opplevd i livet.
– Eg ville
vite kva Maryan bar på, difor bad eg om ei utgreiing frå barnevernet. Det
skjedde ikkje. Dei meinte at ho berre skulle få falle til ro hos meg, så kunne
vi sjå på det sidan, hugsar Tonheim.
«Verkeleg
koseleg, veldig varmt»
Eit av
barna i fosterheim som Fylkesnes har snakka med gjennom forskinga på språktap,
fortel om kor viktig morsmålet er for henne.
Jenta ser
på det som ein del av den ho er, noko ho kan kalle sitt eige: «Viss eg gløymer
språket, så kjenner eg at eg vil gløyme kor verdifull den kulturen er. Det er
verkeleg koseleg, veldig varmt på ein måte.»
Desse
adjektiva – koseleg og varmt – tydar på at både heimspråket og heimkulturen er
noko som gir denne jenta tryggleik.
Ho vil vere i den stemninga, halde fast i
den, hugse verdien av den. Men slik er det slett ikkje for alle, seier
forskaren.
–
Morsmålet betyr ulike ting for ulike barn. Nokre er sterkt knytte til det, mens
andre barn kan kjenne det som eit press og mas å skulle oppretthalde det i ein
ny og annleis kvardag. Kanskje er dei meir opptekne av å bli gode i norsk og
engelsk – språk som har høgare status, seier Fylkesnes.
Nokre kjem
dessutan frå familiar med fleire språk, eller dei har veksla mellom ulike språk
som ein del av migrasjonshistoria si.
Dermed er det ikkje så lett å berre
definere eitt morsmål som sitt eige.
Nokre
angrar seg
Barns
ønske skal høyrest og takast omsyn til, heiter det i barnevernslova. Dette er
ein styrke, synst både Fylkesnes og Tonheim. Samstundes er det eit problem her:
Barn kan ikkje alltid vite kva som er best for dei.
– Ein
barnevernsarbeidar må beskytte barnet ut ifrå eit livsløpsperspektiv. Kva treng
barnet på lengre sikt? Det spørsmålet må dei stille seg, seier Fylkesnes.
Gjennom
forskinga si har ho møtt fleire ungdommar i fosterheim som angrar på at dei i
yngre alder gav slepp på morsmålet sitt.
Her ligg noko av dilemmaet: Identitet
er omskifteleg, ikkje konstant for noko menneske. Særleg kan identiteten
forandre seg mykje gjennom ein oppvekst.
– Språk ber i seg ein heil kultur
Eit barn
kan ønske seg å vere typisk norsk og ikkje skilje seg ut, men når tenåra kjem,
bli sterkt oppteken av opphavet sitt.
Nokre vil
også etter kvart ønske seg kontakt med storfamilien eller det etniske miljøet
dei kjem ifrå. Viss morsmålet er borte då, vil dei kanskje ikkje lenger klare
det.
– Språk
handlar om å bli forstått, men også om mykje meir enn det – om kjensler og
uttrykk. Det ber i seg ein heil kultur, ein måte å tenkje på og vere på, seier
Fylkesnes.
– Vi har
hatt for lite kunnskap om betydninga av det i barnevernet. Verdiar som
tilknyting og tryggleik har vege tyngst. Kultur har derimot blitt sett på i
kontrast til tryggleik, i staden for at det også kan vere ein form for
tryggleik, seier ho.
Få får
morsmålsundervisning
I røynda
er sjansen til å vedlikehalde det opphavlege språket sitt veldig liten for
desse barna, sjølv når dei ønsker å gjere det.
Morsmålsundervisning i norsk
skule er berre tilgjengeleg for barn som slit med norsk.
Andre
alternativ – besøksfamiliar, opplæring i etniske miljø – krev mykje kulturell
kunnskap å finne fram til, og barnevernet har sjeldan overskot til å løyse
dette i det daglege arbeidet sitt.
– Eg synst
vi må løfte denne problemstillinga. Viss morsmålsopplæring ikkje var eit
individuelt val for barn i fosterheim, men noko storsamfunnet tilbydde av seg
sjølv utan at det blei stilt spørsmål ved, ville det truleg vere ei betre
løysing, seier Tonheim.
Skal barna alltid få bestemme sjølve?
Fylkesnes
stiller også spørsmål ved om barna alltid skal få bestemme sjølve:
– Slik det
er i dag, legg vi altfor stort ansvar på fosterforeldra og barna sjølve til å
halde morsmålet ved like. Barna må verkeleg insistere på det, ville det, for at
dei skal få sjansen til å gjere det, seier ho.
Men
desse barna er som regel for små til å føresjå konsekvensane av å velje det
bort, meiner ho.
– Så skal vi eigentleg overlate det valet til dei? Du ville jo ikkje spurt
eit barn om det ville til tannlegen, til dømes!
Spørsmåla
på leikeplassen
Maryans to
mødrer var vidt forskjellige: Den norske og den somaliske. Ho budde hos den
eine, men møttest også iblant med den andre. For henne var dei begge «mamma».
– Det
verka ikkje å vere noko problem i det heile for henne å ha to mammaer, hugsar
Tonheim.
Annleis
var det for verda kring Maryan.
Iblant
gjekk fostermora og Maryan til ein bestemt leikeplass i byen der Tonheim visste
at dei ville møte somaliarar.
Der kunne
ho snakke med dei somaliske mødrene, mens Maryan leikte med barna. Dette var
noko dei begge likte å gjere.
Jenta kunne bli utfordra på identiteten sin
Samstundes
kunne jenta bli utfordra på identiteten sin under desse leikestundene på måtar
som kunne vere ubehagelege for henne.
«Ho der
kan ikkje vere mora di!» sa barna ofte, og kravde ei forklaring. Kven var ho
eigentleg? Somalisk eller norsk? Eller noko midt imellom?
– Eg trur
at barn må vere ganske robuste og trygge i seg sjølve for å stå i slikt over
tid. Kva betydde det for henne, å stadig måtte forklare seg om familieforholda
sine, identiteten sin? undrar Tonheim.
Tida ho
hadde med Maryan blei kort – berre eit halvt år. Etter ønske frå den biologiske
mora, flytte jenta tilbake til henne. Brått blei det veldig stille i huset.
– Eg håpar
ho har det bra, seier Tonheim.
Om prosjektet
Forskningsprosjektet utforsker hvordan fosterhjem som tiltak ivaretar barn med migrasjonsbakgrunn sine behov, både når det gjelder livskvalitet, språk og deltakelsesmuligheter. Prosjektet ledes av professor Milfrid Tonheim.