Denne artikkelen er produsert og finansiert av Høgskulen på Vestlandet - les mer.

Dagbøkene hans frå 1800-talet er vanskelege å lese. Men dei fortel oss noko om framtida vår

På ein skulegard i Tokyo på 1870-talet gjekk Erwin Knipping ut tre gongar om dagen for å notere vêret. Han gjorde det utrøytteleg, i årevis.

Slik såg tabellane ut i vêrdagbøkene til Erwin Knipping. Å gjere dei om til brukbare digitale data er langt ifrå enkelt.
Publisert

Side etter side med grasiøs løkkeskrift, nedskrivne med fyllepenn av ei hand som forlengst er borte: Slik ser dagbøkene til den tyske forskaren ut.

Dei vitnar om ei heilt anna tid utan datamaskiner, kalkulatorar, moderne måleutstyr eller KI.

Mest av alt om tolmodet og nysgjerrigheita til ein ung meteorolog i ein by langt vekke frå heimlandet sitt.

Eit ope sinn som ønskte å finne mønster i verda kring seg. Midla han hadde til å hjelpe seg med, var enkle – mellom anna å surre ein våt klut rundt eit termometer slik at han kunne måle fukt.

Han noterte temperaturen, følgde med på himmelen – fargen, sikta og skyene.

Lite visste han om at notata hans meir enn 150 år seinare skulle bli eit bidrag til å forstå ein av dei største trugslane mot menneska i vår tid: dei globale klimaendringane. Då særleg: farten på dei.

Erwin Knipping (1844–1922), på eit foto brukt på eit postkort han sende frå Tokyo. Han var ein pioner innan moderne meteorologi i Japan, og forskinga hans nådde på den tida eit internasjonalt forskarpublikum.

Eit gløymt klimaarkiv

August Wierling og Valeria Jana Schwanitz frå Høgskulen på Vestlandet snubla ganske tilfeldig over dei gamle dagbøkene til Knipping.

Begge er medlemmar av Det tyske selskapet for natur- og etnologiske studiar av Øst-Asia, noko Knipping også var i si tid. Ein kollega av selskapet gjorde dei to merksame på at materialet fanst, og undra på om det kunne brukast til noko.

Då hadde notata lege så godt som urørte i meir enn eit hundreår.

– Vi tenkte med ein gong at dette var uvanleg verdifullt. Innan klimaforsking treng vi lange tidsseriar av data, særleg når vi skal simulere eller teste modellar for korleis framtida blir, seier Schwanitz.

– Dessutan treng vi ei historisk forståing for korleis vêret var før den industrielle revolusjonen og dei menneskeskapte endringane slo inn. Det er nullpunktet som vi måler alt anna mot, legg ho til.

Datasettet til Knipping blei registrert før industrialiseringa av Japan, og i ein by som sidan har blitt sentral for forståinga av dei mest alvorlege utslaga av klimaendringane.

Men fleire problem melde seg med det same i møte med det: Fanst det meir å avdekke enn det dei først hadde funne? Og korleis skulle dei gå fram for å forstå alt saman?

– Å overføre kunnskap gjennom hundreåra er ei enormt krevjande oppgåve på mange nivå. Det første vi måtte gjere, var å leite meir for å sikre oss at samlinga var komplett, seier Schwanitz.

Forskarane August Wierling og Valeria Jana Schwanitz. – Historiske data frå Knipping hjelper oss til å skilje naturleg variasjon frå menneskeskapte endringar, seier Schwanitz.

Den prøyssiske kongens makt

For å forstå kor gamle data ligg gøymde og korleis dei skal tolkast, hjelper det ikkje berre å tenkje som ein fysikar eller ein økonom – fagfelta som Schwanitz og Wierling høyrer heime i. Du må vite noko om historia og maktforholda i landa der kunnskapen blei produsert.

Før Tyskland blei ein nasjon, sat den prøyssiske kongen på makta over all innsamla vitskapleg kunnskap. Det var også kongen som rådde over standardane for korleis vitskaplege funn skulle registrerast.

Som borgar av Preussen måtte Knipping sende alle rapportane sine til han. Først seinare blei dette ansvaret overført til offentlege arkiv, slik som dei nasjonale meteorologiske tenestene.

Etter å ha leita i historiske journalar enda Wierling og Schwanitz med å oppsøke arkiva til den prøyssiske kongen, som opphavleg låg i ein gammal vêrstasjon utanfor Berlin.

Handskrifta til Knipping på baksida av kortet med fotoet av han på. Kortet er bevart ved dei franske arkiva av Société de Geographie.

Dit drog dei – men arkiva var flytta, viste det seg, og ansvaret overteke av dei meteorologiske tenestene. Som igjen måtte leite for å finne fram resten av materialet frå Knippings forsking, spreidd som det var kringom på fleire plassar i Tyskland.

Kvifor Knipping hamna i Japan

For å skjøne korleis ein ung, tysk meteorolog enda med å forske i årevis i Tokyo, må vi også forstå noko om japansk historie.

Først og fremst: at Japan var eit lukka land frå tidleg på 1600-talet og fram til det opna seg for omverda i 1867. Då hadde landet vore gjennom meir enn 200 års streng isolasjonspolitikk.

Vendepunktet kom då den amerikanske kommandøren Matthew Perry sigla inn i Tokyo-bukta i 1854 med fire dampdrivne krigsskip. Han kravde at Japan måtte opne hamnene sine for handel med USA, elles ville dei bruke militær makt.

Japanarane innsåg etter denne hendinga kor langt dei låg tilbake når det gjaldt militær teknologi – dessutan også når det gjaldt teknologisk utvikling generelt og måtar å organisere eit land på.

Det som følgde, var ein lynrask overgang frå eit gammalt, føydalt samuraisamfunn til ei moderne stormakt. Utveksling av kunnskap var sentralt for dette hamskiftet.

– Japan sende folk til Europa for å lære seg opp i ulike fagfelt over to til fem år. Dei inviterte også utlendingar til å komme til landet sitt for å undervise, fortel Schwanitz.

Knipping var ein av desse. I utgangspunktet var han ein sjøfarar med maritim utdanning, og han blei hyra til å undervise innan dette faget. Men den store interessa hans for vêrfenomen leia til at han sidan også blei sentral i etableringa av dei nasjonale meteorologiske tenestene i Japan.

Studentar i klima og miljøforvaltning har jobba med å tolke og digitalisere dei tyske dagboksnotata til Knipping som ei innføring i vitskapleg metode.

Det forskinga til Knipping fortel oss

Mellom 1872 og 1878 registrerte Knipping nøye temperatur, lufttrykk, fukt, vind, nedbør og til og med uvanlege fenomen som vulkanutbrot og nordlys.

Han produserte tusenvis av handskrivne observasjonar, og mange av dei blei publiserte i tidsskriftet til Det tyske selskapet for natur- og etnologiske studiar av Øst-Asia.

– Vi ser at han var ein utruleg nøyaktig person. Notata hans er så samvitsfulle og presise, og handskrifta utruleg vakker, seier Schwanitz.

– At han dessutan klarte å tilpasse seg ein så annleis kultur som den japanske, der landet hadde vore lukka i eit par hundreår, er utruleg imponerande.

Målingane til Knipping gir eit sjeldan augneblinksbilde av klimaet i Tokyo før industrialiseringa og før moderne målesystem blei standardiserte.

Ved å kombinere dataa hans med moderne registreringar har forskarane klart å spore endringar som strekker seg over meir enn eit hundreår. Resultata er slåande:

Gjennomsnittstemperaturen i Tokyo har stige med om lag tre gradar dei siste hundre åra, og regionen blir varma opp raskare enn det globale gjennomsnittet.

Den urbane varmeøyeffekten

I dag er Tokyo eit av dei viktigaste case-studia i verda for klimaendringar, grunna den alvorlege situasjonen der. Byen blir varmare ikkje berre på grunn av globale trendar, men også på grunn av den urbane varmeøyeffekten, der betong, asfalt og bygg held på varmen.

Konsekvensane av dette er hyppigare tilfelle av ekstreme hetebølger, aukande risiko for varmerelaterte sjukdommar og større risiko for flaum.

– Dei historiske dataa til Knipping hjelper oss til å skilje naturleg variasjon frå menneskeskapte endringar, seier Schwanitz.

Ved sida av forskinga likar Valeria Schwanitz også å måle. I dette bildet ser ho føre seg Erwin Knipping framfor skulebygget der han utførte observasjonane sine. Motivet er delvis inspirert av eit historisk fotografi.

Samarbeid på tvers av hundreåra

Både Wierling og Schwanitz les og snakkar japansk og har budd i landet i periodar, noko som har vore til hjelp under arbeidet med dagbøkene til Knipping.

Så langt har dei publisert tre vitskaplege artiklar om funna hans i det same tidsskriftet som meteorologen sjølv opphavleg skreiv i.

– Det er stort for oss! Slik kjenner vi eit fellesskap med han på tvers av hundreåra, og med så mange andre forskarar som har jobba med desse problemstillingane gjennom tidene, seier Schwanitz.

Målet til forskarparet har vore å digitalisere, analysere og dele dataa til Knipping med forskarar og ålmenta. I arbeidet med dette har dei også involvert mastergradsstudentar ved HVL.

Studentane på studiet i klima og miljøforvaltning har jobba med å tolke og digitalisere dei tyske dagboksnotata til Knipping, som ei innføring i vitskapleg metode.

Kjærleik og frustrasjonar

Å gjere om notatbøker frå 1800-talet til brukbare digitale data er langt ifrå enkelt. Innimellom har studentane blitt både sinte og frustrerte.

Å skjøne gammal handskrift er i seg sjølv svært krevjande – men i tillegg til dette kan orda vere fleirtydige og romme heilt andre meiningar enn det dei gjer i vår tid.

Også når det gjeld tala, snakkar notata eit framandspråk: temperaturar i Réaumur, lengder i parisiske tommar og handskrivne tabellar fulle av særeigne symbol og forkortingar.

Feil finst det også i dei: mellom anna ein systematisk feil i japanske kart som først blei retta i 2005. Koordinatane er konsekvent 500 meter forskyve.

Prosessen leier til ei djupare innsikt: Data er aldri berre data. Dei ber alltid med seg kunnskapssystemet frå tida si.

– Dermed må studentane lære seg tolmod. Slik er forsking! Samarbeid, presisjon, grundig arbeid og gjensidig forståing må til for å skape ny kunnskap, seier Schwanitz.

Berre menneske kan klare slikt, reflekterer ho. Dei må bruke heile seg for å forstå, noko KI ligg langt unna å klare. Det handlar om ein type kjærleik.

Kven Knipping var

Ved sida av all informasjonen om vind, vêr og himmel frå det gamle Japan, får forskarane også innimellom glimt av noko anna: personlegdommen til Erwin Knipping. Små spor viser korleis han levde, tenkte og elska.

I ein passasje skriv han om kona si og om at ho var på veg til Japan til sjøs. Ho skulle ta med seg ei rekkje måleinstrument til han. Han gledde seg til å sjå henne.

I ein tale nokon heldt under gravferda hans, gjekk det fram at han var mild og beskjeden av natur. Mellom anna sa han som attenåring ifrå seg tilbodet om å bli kaptein om bord på ein båt. Han syntest ikkje han var klar for det, men trong å lære meir.

– Erwin Knipping hadde eit ekte forskarsinn – var uvanleg open og nysgjerrig, interessert i alt mogleg som gjekk føre seg kring han, seier Schwanitz.

Å bidra til å tolke og bere vidare kunnskapen hans til nye generasjonar av forskarar kjennest djupt meiningsfylt for henne og ektemannen Wierling. Allereie ser dei at mange har lasta ned dei historiske vêrdataa frå Tokyo som dei har publisert så langt.

– Når det gjeld klimaet vårt, er vi heilt avhengige av omfattande globalt samarbeid for å forstå utviklinga. Når det regner her i Sogndal kor vi bur, har det samanheng med forhold heilt andre plassar. Det er ei lita brikke i noko mykje større, seier ho.

– Igjen og igjen, og i så mange samanhengar, ser vi dette: At vi treng kvarandre på tvers av tid og rom for å forstå verda.

Referanse:

August Wierling og Valeria Jana Schwanitz: Feature: Historical Weather Data Revisited.The Erwin Knipping Project of the German Society for Natural and Ethnological Studies of East Asia. Zenodo, 2026.

Powered by Labrador CMS