Denne artikkelen er produsert og finansiert av Høgskulen på Vestlandet - les mer.

Når foreldrekonflikt blir farleg: Valdsoffer skjønar ikkje alltid at dei er valdsoffer

Det er ikkje berre kvinnene i Høiby-saka som strever med å uttrykke det dei har opplevd. Dette er ein av fleire grunner til at familievald så lett går under radaren.

Når er det berre snakk om ein ekstra fastlåst konflikt? Og når går det over til å vere valdeleg eller farleg?
Publisert

– Eg føler at når eg fortel det, så høyrest eg nesten litt dum ut. At du blir litt sånn undertrykt og manipulert til å tenkje at du fortener vald. Det er jo ingen som fortener vald.

Dette sa den såkalla Frogner-kvinna under rettssaka mot Marius Borg Høiby, som er tiltalt for ei rekkje tilfelle av vald i nære relasjonar.

Det vanskelege skiljet mellom vald og konflikt

Orda til Frogner-kvinna kastar lys over ei viktig og vanskeleg side ved denne typen vald: at den så lett blir usynleg, både for dei det gjeld og for omverda. 

Eit høgt konfliktnivå kan stele merksemda og gjere valden vanskelegare å få auge på. Dette gjer situasjonen ekstra farleg, sidan han då blir normalisert og får halde fram.

Og plutseleg kan det vere for seint. Kvart fjerde drap i Noreg sidan 2000 er utført av den noverande eller tidlegare partnaren til offeret. Ni ut av ti av offera er kvinner.

Tre forskarar ved Høgskulen på Vestlandet, Vibeke Samsonsen, Inger Kristin Heggdalsvik og Ingrid Myksvoll Mongstad, har sett nærare på familiar i høgkonfliktsituasjonar og kvifor nettopp desse er så vanskelege å hjelpe.

Når er det berre snakk om ein ekstra fastlåst konflikt? Og når går det over til å vere valdeleg eller farleg? 

Desse skilja kan vere svært utfordrande for hjelparar i familievernkontora og barnevernet å få auge på.

Kva er valdens plass i familiar med høgkonflikt? Dette ville Ingrid Myksvold Mongstad, Vibeke Samsonsen og Inger Kristin Heggdalsvik finne ut av. Alle tre er barnevernsforskarar på Høgskulen på Vestlandet.

Sjokkerte over omfanget av valden

Dei tre forskarane har teke for seg 74 bekymringsmeldingar til barnevernet send frå 4 familievernkontor. Meldingane var sende i perioden 2020–2022. 

Forskarane ønska å få innsikt i valdens plass i familiar med stor grad av foreldrekonflikt – såkalla høgkonfliktsituasjonar.

I løpet av eit par intense veker gjekk dei gjennom alle meldingane. I heile 60 prosent av dei var valden tydeleg.

– Nokre lever i heilt ekstreme situasjonar. Du blir forferda av sjå det. Sjølv om vi alle tre har vore barnevernsarbeidarar, gjorde det sterkt inntrykk, seier Samsonsen.

– Av og til er familien den farlegaste plassen. Då finst det gjerne ein partnar som går på nåler og opptrer som buffer for barna, seier ho.

Fire forteljingar om valdens karakter

Ut ifrå materialet analyserte forskarane fram fire karakteristiske forteljingar om vald i familiar.

– Vald kjem i mange former og fasongar. Noko av det gjeld fare for liv og helse. Så er det også ein god del kvardagskrenkingar, seier Samsonsen.

– Alt saman er alvorleg. Å bli kalla tjukk, feit og udugeleg er til dømes ikkje noko du døyr av. Men sjela di døyr gradvis, legg ho til. 

Den første graden av vald forskarane identifiserte, handlar om slike krenkingar – ikkje minst, om sinne. 

Dei går med hjartet i halsen

Ei mor fortel at far i huset kontrollerer heile familien med sinnet sitt. 

Det skal lite til før det svartnar, og då kan han skrike «di forbanna hore» til henne mens barna høyrer på.

Han kan også erklære at heile familien er ubrukelege dritfolk. Fleire gongar har han kasta vasar og glas i veggene sånn at dei knuser.

– I familiar som dette går offera med hjartet i halsen store delar av tida sidan dei aldri veit når det smeller, seier Samsonsen.

Audmjukingar og overtramp

Neste graden av vald involverer familiar der ein eller fleire personar manglar respekt for grensene til andre i familien, både med omsyn til kropp og kjensler. 

I desse familiane er audmjukinga den vanlegaste forma for vald.

Ei mor kjeftar hyppig på guten sin og kallar han stygge ting – seier til dømes at han er for feit til å få ete is. 

Ho kan finne på å storme inn på rommet hans når han har besøk av vener og rive ut nettverkskabelen når dei speler. 

Iblant tvingar ho han til å sitje på i bilen sjølv om han vil av, og då snakkar ho stygt om far, sjølv om han gret og ber henne om å stoppe.

Frykt for livet

Dei neste to kategoriane er der tryggleiken står på spel – oftast for mor og barn. Den grovaste valden blir nesten alltid utført av far mot mor.

Ei mor fortel at ho og barna har budd på krisesenter og også ei stund på hemmeleg adresse. Men til slutt synst ho at det var tryggare å bu med far enn at han hadde samvær med barna utan henne. 

Han truar med å drepe familien viss ho forlét han igjen.

Den fjerde kategorien handlar om situasjonar med livsfare. I ei av meldingane møtte forskarane ei nybakt tvillingmor som hadde opplevd massiv vald gjennom heile samlivet med mannen sin.

Mellom anna skildra ho ein situasjon der mannen slo hovudet hennar mot fliseveggen på badet til ho begynte å blø og svima av. 

Dei nyfødde tvillingane låg i rommet ved sida av. Ein annan gong tok han kvelartak på henne mens ho amma, treiv henne mot veggen.

– I mange familiar har mor lyst til å gå frå far, men så torer ho ikkje. Då kan ho også vere imot at familievernkontoret melder saka til barnevernet, seier Samsonsen.

Drapa som ikkje blei hindra

Statistikken aleine fortel at det er farleg med familiekonflikt, og at det er spesielt farleg å gå ifrå partnaren sin. Likevel har hjelpeapparatet – familievernkontor og barnevern – ofte ikkje klart å hindre partnardrap.

Tobarnsmora Tina Milena Solheim i Øygarden blei drepen i sin eigen heim, mens barna såg på. Eks-partnaren hadde gøymt seg under senga hennar og venta på å slå til etter at eit par venninner gjekk frå huset. 

Solheim hadde varsla både politi og barnevern fleire gongar gjennom åra om at ho frykta partnaren sin, både før og etter ho forlét han.

Korleis kan slikt skje?

– Det er frykteleg. For å begynne å forstå dette er det viktig å vite at desse sakene er mange gongar så kompliserte som vanlege saker, seier Heggdalsvik.

– Begge foreldra er gjerne opptekne av å få dei profesjonelle på si side. Det finst mange ulike versjonar i sving. På toppen av dette skal tenestene halde tidsfristar, oppfylle dokumentasjonskrav. Så trekk ein gjerne slutningar for fort, seier ho.

Gråsonene mellom høgkonflikt og vald

I åtte år jobba Heggdalsvik som ringevikar på barnevernsvakta på politikammeret i Bergen. For å forstå ein familie i ein krisesituasjon må du vite kva du ser, og det kan vere vrient, har ho opplevd.

– Iblant når eg rapporterte om ein telefon eg hadde fått, merka eg kor fort gjort det kunne vere å setje ein merkelapp på kva det var det handla om. Då er faren at du gjer det for tidleg, før du veit nok, seier Heggdalsvik.

– Eg synst ordet «typisk» er noko av det farlegaste du seier i desse situasjonane. For då har du alt sett på skylappane, seier ho.

Hjelpeapparatet må gjere det stikk motsette, meiner ho: ta eit steg tilbake, utforske, gå djupare.

I tillegg til forhasta konklusjonar ligg det ein risiko i situasjonen når saka blir send frå eit kontor til eit anna – frå familievernkontoret til barnevernkontoret. 

Her ligg det gråsoner og fare for feiltolking. Merkelappen som hjelparane vel å setje på situasjonen, veg uhyre tungt for korleis dei vidare går fram.

Det viktige valet

Når høgkonflikt og vald så ofte opptrer saman, må hjelpeapparatet vere ekstra merksam på å greie å skilje mellom dei to fenomena, meiner forskarane.

Det finst to ytterpunkt i reaksjonsmåtane: anten å køyre fullt blålys eller å sitje og vente. Begge delar kan vere til skade.

Å reagere for heftig kan øydelegge for familiestabiliserande arbeid, der ein jobbar for at barna skal ha eit godt forhold til både far og mor.

Samstundes kan det bli heilt feil å jobbe med å dempe foreldrekonflikt, med krav om samarbeid og stadig kontakt mellom foreldra, om relasjonen er valdeleg. 

Då bidreg det gjerne til at han med makta og overtaket, får betre tilgang til å utøve vald mot offeret.

Har sjølv blitt overraska

Frå si eiga tid som barnevernsarbeidar hugsar Ingrid Myksvoll Mongstad godt kor vanskeleg det kunne vere å vurdere desse sakene. Ho har vore i situasjonar der ho blei overraska over å avdekke at ein relasjon var valdeleg.

– Du blir så oppteken av å finne løysingar – av korleis desse to foreldra skal finne fram til eit samarbeid, slik at det blir betre for barna, seier Mongstad.

– Så har eg brått innsett det: Oi, her er det ein som er redd! legg ho til. 

Den personen har då vore så vane med å vere redd at dei ikkje har sagt noko om overtrampa dei må tole. 

Dei har blitt blinde for det sjølv og tenkjer på det som normalt. Eller eventuelt – som noko dei berre må halde ut, av omsyn til barna.

Valdsoffera som er i dei mest alvorlege situasjonane, er ofte også dei som snakkar med dei lågaste stemmene, fortel Mongstad.

Kong Salomon og krangelen om barnet

I forteljinga om kong Salomon i Bibelen kranglar to kvinner om kven av dei som er rette mor til ein gut. 

Kongen foreslår å hogge barnet i to, slik at dei kan få ein halvpart kvar. Då protesterer den eine av dei og seier at den andre kan få guten. Ho er den rette mora, seier kongen då.

Den same mekanismen går ofte igjen i familiar prega av vald, seier Samsonsen: Den klokaste gir seg for å verne barna. «Solomonic judgement» kallast dette.

– For å unngå at barna blir krenka, så ofrar du deg sjølv. Men det desse valdsoffera treng å få vite, er at vald mot ein forelder også er vald mot barn. Dei blir skadde av å vere vitne til det, seier ho.

Ta det sakte, gå i djupna

Samsonsen, Heggdalsvik og Mongstad håpar at skildringane av dei fire ulike nivåa av familievald vil vere til hjelp for dei som jobbar i tenestene. 

I neste omgang kan dei gjere foreldre i høgkonflikt meir medvitne og gjere det lettare for dei å seie ifrå om kva som går føre seg i familien.

Dette er saker der det oftast ikkje finst enkle løysingar, meiner Mongstad:

– Vi som er hjelparar må tore å sjå nærare etter, stille kritiske spørsmål til oss sjølve. Elles ser vi fort berre det vi leitar etter, seier ho.

Referanse:

Vibeke Samsonsen mfl.: «Fra konflikt til farlighet». Hvordan vold kommer til syne i en kvalitativ dokumentstudie av bekymringsmeldinger sendt fra familievern til barnevern i saker med stor grad av foreldrekonflikt. Fokus på familien, 2025. (Sammendrag) Doi.org/10.18261/fokus.53.2.2

Powered by Labrador CMS