Ein gong i løpet av 2025, i ein barnehage i New Zealand, sat ein tre år gammal gut i lag med ein barnehageforskar og leika med plastilina.
Ved hjelp av ei bok han hadde med seg heimanfrå, tok han på eige initiativ til å forme solsystemet – månen og planetane spreidde utover bordet, i ulike storleikar og i ei bestemt rekkjefølgje.
Forskaren spurde guten om det var vatn på dei andre planetane. Då svarte guten:
«Altså, jorda har massevis av vatn, og tyngdekrafta får vatnet til å flytte på seg.»
Den vaksne blei forbløffa. Korleis hadde eit så lite barn alt fått med seg så mykje?
Det same året, i ein barnehage i Tromsø, undra barna seg over dei ulike formane vatnet tok gjennom vinteren. Dei beundra snøkrystallar på votten til ein gut. Dei såg på sjøen som fraus til is. Og så lurte dei litt på om det budde eit monster nede i djupet og på kor stort plasket ville vere då det braut vassflata.
Barn i gang med å utforske froskedam i Lærdal.(Foto: Katrine Sele, HVL)
Utforska vatn i tre forskjellige land
Historiene er skildra i ein ny vitskapleg artikkel skriven av Elin Eriksen Ødegaard og miljøet kring henne ved Høgskulen på Vestlandet.
Forskarane har utforska forholdet barn har til vatn, noko av det aller viktigaste for overleving. Pilotstudien har vore utført av barnehageforskarar i Noreg, New Zealand og Tanzania.
Spørsmåla barna fekk jobbe med var:
Kvar kjem vatnet frå?
Kva betyr det for deg og familien din der du bur?
– Nøkkelen i denne pedagogiske metoden har vore at vi ikkje fortel barn alt om vatnet. I staden utforskar vi det saman, forklarer Aihua Hu frå HVL, ein av forskarane i prosjektet.
– Poenget er å vekkje nysgjerrigheita til barna og late dei oppdage den indre motivasjonen sin. Kjensla av: Eg kan finne ut noko om verda. Eg kan fortelje om henne.
Nettopp dette har vore viktig for forskarane: Barn kan undersøke dei store spørsmåla. Men for å gjere det, treng dei hjelp frå dei vaksne.
– Poenget er å vekkje nysgjerrigheita til barna, seier forskar Aihua Hu.(Foto: Terje Rudi)
– Viktig å oppleve noko anna enn heimen
Folk har eit altfor snevert syn på rolla som barn har i samfunnet, meiner HVL-forskarane.
Sjølv dei aller minste kan delta med erfaringar, innsikter og forteljingar.
Behova deira må dessutan komme langt betre fram, særleg når vi snakkar om berekraft og korleis vi skal ta vare på jorda vår.
Annonse
For å kunne delta på dette viset som borgarar er det viktig at barna tidleg får komme ut i verda og vere blant andre menneske enn berre familien.
I debattar om rolla til barnehagen snakkar vi gjennomgåande altfor mykje om kjensler og relasjonar. Det handlar altfor lite om korleis barn kan utvikle seg ved å få tilgang til noko anna enn heimen, meiner forskarane.
– For dei minste kan det sjølvsagt vere utfordrande å starte i barnehagen. Men om overgangen går bra, får barnet tilgang på meir språk. Meir kultur. Andre songar. Andre eventyr enn dei som blir fortalde heime. Andre menneske som kan vere på andre måtar, seier Ødegaard.
– Alt dette gjer liva til barn rikare. Dette klarer dei overraskande tidleg å forstå, seier ho.
Barn med utsikt til Lærdalselva.(Foto: Katrine Sele, HVL)
Barn oppdagar verda gjennom kroppen
I Noreg deltok to barnehagar i studien om vatn: ein i Lærdal og ein i Tromsø.
I Lærdal oppdaga barnehagepersonellet at barna blei svært interesserte i vatn når dei vaksne begynte å snakke med dei om det og stille spørsmål.
«Vatnet er som ein magnet for dei. Dei klarer ikkje å slutte å leike med det. Og dei bryr seg slett ikkje om dei blir våte! Barna er så oppslukte av vatnet at det å leike med det blir som ein meditasjon,» skreiv dei i loggen om vassprosjektet.
Barn langs den rolege delen av elva i Lærdal.(Foto: Katrine Sele, HVL)
Det lærarane såg, var at barn utforska vatnet med heile kroppen og alle fem sansar. Dei plaska med det, helte det, hoppa i søledammar og rørte rundt i det. Dei utforska lyden, kjensla og synet av det. Oftast handla oppdagingane deira om måtar å fryde seg på.
Kva er ein foss, og korleis oppfører han seg?
I nærleiken av barnehagen i Lærdal finst det ein foss – Stødnafossen. Denne tok dei til å følgje med på gjennom hausten og vinteren, og dei hadde fleire utflukter opp til han. Dei snakka om korleis fossen forandra seg gjennom årstidene.
«Å, sjå på elva!» sa ei fire år gammal jente då dei nærma seg elvekanten.
Annonse
«Ja, sjå på elva,» svarte barnehagelæraren.
«Ho er stor, kjempestor!» sa jenta.
«Ja, elva er verkeleg diger. Veit du kvifor ho er så diger no?»
«Fordi det er mykje vatn i henne.»
«Ja, men kvifor er det så mykje vatn i elva?»
«Fordi det regnar! Det blir vatn over alt,» svarte jenta.
Barna treng dei vaksne for å utvide horisonten sin
Samtalen ved elva er eit godt eksempel på såkalla «samarbeidande utforsking»: ein pedagogikk som ligg til grunn for vassprosjektet, og som er utbreidd i norske barnehagar.
Denne metoden skil seg frå den tradisjonelle lærarstyrte pedagogikken, med eit førehandsbestemt pensum som barna skal tileigne seg.
Metoden overlet heller ikkje barn til å gjere akkurat som dei vil. I staden er samarbeidande utforsking ein mellomposisjon mellom desse to ytterpunkta.
– Denne måten å utforske på handlar om å svare på initiativet til barnet og spele inn etter tur, seier Ødegaard.
– Vi kan interessere oss for det barna er interesserte i, samtidig som vi utvidar kunnskap, interesse og kjensle av meining. Slik jobbar vi på tvers av generasjonane for å forstå og engasjere oss i verda, seier ho.
Annonse
Eit filosofisk syn på dei yngste
Korleis dannar du eit menneske? Korleis skape vilkår som gjer det mogleg for barn å forstå og uttrykke seg?
Desse spørsmåla var viktige for fleire filosofar under det 17. hundreåret, då vitskapen for alvor skaut fart.
Friederich Fröbel frå Tyskland var ein av desse, og han blir i dag rekna som faren til barnehagane. Ønsket hans var å bringe livsglede inn i utdanninga av små barn:
«Å røre opp, kveike og styrke gleda og krafta i mennesket til å jobbe kontinuerleg med si eiga læring, har blitt og vil alltid vere grunnprinsippet og målet for undervisninga mi,» skreiv han i eit brev til hertugen av Meiningen.
Dei aller yngste trong ei heilt eiga form for pedagogikk, meinte Fröbel, og skisserte korleis han kunne sjå ut.
Ønsket hans var at barn skulle ha lærarar som oppmuntra fantasien deira.
Slik kunne dei bli nysgjerrige på alle dei ulike formane livet kan ta og lære seg å leve i harmoni med livssyklusen til naturen og heile kosmos.
Det usynlege tredje: noko som er verdt å utforske
Men kva skal til for å vekkje nysgjerrigheit? «Det usynlege tredje,» kalla Fröbel det.
Dette var noko som læraren og barna kunne utforske saman. Det kunne vere plantar som veks, geometriske formar i naturen, stjerner og planetar oppe i himmelen, gardsarbeid.
Her er forskarane Ødegaard og Hu heilt samde med faren til barnehagane: Det trengst eit innhald å jobbe med, noko som er verdt å utforske. Slik som til dømes vatn.
– Alle kjenner vatn, og det er nødvendig og viktig i livet vårt. Samstundes har folk rundt i verda svært ujamn tilgang til det, seier Aihua Hu.
Annonse
I dei tre landa der vassprosjektet blei gjennomført, såg forskarane dette tydeleg. Forteljingane til barna om kor vatnet kom ifrå og korleis ein brukte det, var vidt forskjellige.
I teikningane tanzanianske barn laga om kvar vatnet kom ifrå, såg forskarane pumpar og bøtter til å bere det på hovudet. Der desse barna budde, hadde dei ikkje tilgang til rennande vatn frå ei elv eller ein sjø.
Dei var dessutan sterkt opptekne av kor viktig det var å ta vare på vatnet og ikkje sløse med det.
– Eit av barna frå Tanzania snakka om korleis du kan bruke vatn fleire gongar: først til å vaske ting i huset, sidan til å vatne plantane, seier Hu.
Stemma til barn treng å bli høyrd
I debattar om berekraft er stemma til barn som regel fråverande, påpeiker Ødegaard.
Samtalen om vatn og vasslandskap blir i kulturane våre som oftast overlate til politikarar, ingeniørar og biologar – dei som har makta eller skal jobbe med teknologien i det grøne skiftet.
– Men jorda høyrer til framtidige generasjonar. Då er vi nøydde til å ta barn på alvor og lytte til dei, meiner Ødegaard.
– Vi må løfte fram korleis barn tenkjer og forstår verda. I tillegg også rette søkjelyset mot dei juridiske rettane deira.
Sjølv i Noreg er ikkje retta barn har til reint vatn, heilt så sjølvsagt som ein kanskje skulle tru, oppdaga forskarane.
I Lærdal hadde eit energiselskap sloppe ut boreslam høgare oppe i elva under bygginga av eit nytt kraftverk mellom 2024 og 2026. Dette hadde gått utover viktige gyteområde for villaksen.
Elva som barna følgde så nøye med på og blei glade i, var slett ikkje trygg frå øydelegging.
– Slike overtramp ønsker vi også å setje lys på gjennom prosjektet vårt, seier Ødegaard.
Kva er vatnet? Og kven bur i det?
Det naturvitskaplege blikket på vatnet var dominerande i norske barnehagelærar si tilnærming, viste det seg. Men ikkje berre. I den samiske barnehagen i Tromsø var segn og mytar også svært levande blant barna, og personalet tok tak i det.
Under ei utflukt til Langvannet nær barnehagen der, snakka eit av barna om eit uhyre som budde nede i sjøen: čáhcerávga. På grunn av det måtte dei ikkje gå for nær vatnet, sidan monsteret hadde skarpe tenner og kunne ete deg.
«Det blir eit kjempestort plask når han kjem ut av vatnet,» sa eit barn.
«Når han kjem, vil isen knuse,» sa ein annan.
Her hadde barna i den samiske barnehagen noko til felles med maori-barn i urfolksbarnehagen i New Zealand.
Dei snakka om vatnet som eit vesen, noko heilagt å ta vare på. Også, som ein arv, ein del av dei sjølve. Slik kunne mystikken leve side om side med den naturvitskaplege tenkemåten.
Korleis forteljingar blir til
Å komme seg ut i den store verda er viktig for barn, meiner Ødegaard.
For ei tid tilbake, under doktorgradsarbeidet sitt, forska ho på samtaler mellom vaksne og barn i barnehagen. Ho lytta til kva dei snakka om kring bordet, under leik og under utflukter. Då såg ho noko interessant:
– Forteljingane vaks seg store og djupe etter ei felles utflukt. Då hadde dei vore saman om å oppdage noko, og dei blei opptekne av å snakke om det, hugsar ho.
– Små barn treng hjelp til å fordjupe forteljingane sine, seier forskar Elin Eriksen Ødegaard.(Foto: HVL)
– Slike personlege historier blir lagra som minne og blir ein del av ei barndomshistorie.
Forteljingar blir utløyste når du blir overraska eller utfordra, observerte Ødegaard. Viss barnehagebarna berre var i rutinane, kunne samtalene kring bordet derimot bli ordfattige.
Å oppleve noko nytt handlar dermed om å bli rikare på erfaring. I neste rekkje blir også forteljingane dine rikare.
– Men små barn treng hjelp til å fordjupe forteljingane sine. Det er sjeldan dei klarer å lage ei samanhengande forteljing sjølve, seier Ødegaard.
Blir eit verdsomspennande prosjekt
Pedagogikken i vassprosjektet har fått anerkjenning og ført til eit større samarbeid med barnehageorganisasjonen OMEP. No skal forskarar og barnehagar i 13 land samarbeide om å late barn utforske vatn og følgje med på kva som kjem ut av det.
Slik har barnehageforskarane ved HVL nådd ut med bodskapen sin om kor viktig det er for barn å skape meining ut av verda i lag med vaksne.
Ødegaard er svært glad for dette og ser på det som eit stort gjennomslag for den avgjerande rolla barn har i samfunnet:
– Motstandskrafta til mennesket blir grunnlagt i barneåra. Difor er det så viktig at vi vier dei merksemd så snart vi kan. Overlevinga vår er avhengig av det, seier ho.