Denne artikkelen er produsert og finansiert av Høgskulen på Vestlandet - les mer.
Slik kan naturfag treffe fleire
Målet er at ein ny metode skal nå ut til skular i heile Europa.
Slik kan ein naturfagtime sjå ut: Ute i naturen, langt vekke frå stolar eller pultar. Her kan du bli bedt om å leve deg inn i små vesen som lever på heilt andre måtar enn deg sjølv.(Foto: Mauricio Pavez)
I ein park i Bergen sit to unge menn bøygd over ein figur dei sjølv
har laga.
Dei plukkar små kvistar, steinar og blad. Dei ber kvarandre om råd. Dagens
oppgåve krev fantasi og pågangsmot: Dei skal bygge huset til ein fe.
Når ein lagar ein heim for ein skapning på
10 centimeter, må ein leve seg inn i livet til noko lite. Kva materiale har eg
tilgjengeleg? Kan eg bygge noko som beskyttar skapningen mot regn og vind? Korleis kan eg sjå verda frå perspektivet til nokon som er så
forskjellig frå meg sjølv?
Slik kan ein naturfagstime altså sjå ut. Utan
stol, pult eller klassisk klasseromsundervisning.
Timar som dette, der elevane
sjølve får vere oppdagarar, er nøkkelen til ei betre framtid for naturfaga. Det
meiner forskarar i eit EU-prosjekt leia av Høgskulen på Vestlandet.
Ein lærarstudent i gang med å utforske natur.(Foto: Mauricio Pavez)
Å vere ein del av naturen
Det finst eit djupt band mellom naturen
rundt oss og den menneskelege erfaringa. Men måten naturfag har vore undervist
på, har i stor grad gløymt dette. Det meiner prosjektleiar Lydia Schulze Heuling og
forskarane i prosjektet.
Først når bandet blir anerkjend og dyrka, kan
naturvitskapen blomstre og utvikle seg – med rot i tanken om at vi sjølve er
ein del av naturen.
Men kva lærer lærarstudentane av å bygge eit hus til ein fe?
Aktiviteten oppmodar deltakarane til å
legge merke til detaljane – lukt, farge, tekstur. Studentane blir invitert til å
bruke empati og fantasi i prosessen. Når huset er ferdig, må dei forklare
vala dei har gjort til andre i gruppa.
Stine Ravnå går rundt blant studentane. Ho
er førsteamanuensis i pedagogikk ved Høgskulen på Vestlandet og er med på
utprøvinga av nye tverrfaglege metodar.
Gruppa som skal løyse oppgåvene er på
utveksling frå Chile, Austerrike og Spania. Dei har brukt morgontimane til å
lage figuren. Undervegs har dei fantasert, diskutert og samarbeida.
Kopling mellom kunst og vitskap
Ravnå meiner at nyskapande grep i naturfag
kan vere eit bidrag til politikarar sitt ønske om ein meir variert
skulekvardag.
– Saman med forskarar frå heile
Europa utviklar vi ei tverrfagleg tilnærming til vitskap som verdset sambandet
mellom menneskeleg erfaring og naturen
rundt oss. Eit av dei viktigaste aspekta ved prosjektet er å anerkjenne behovet
for tilnærmingar som integrerer ulike måtar å tileigne seg kunnskap på, seier
ho, og legg til:
– Dersom vi ønsker ei framtidsretta utdanning som forbereder barn og unge
på det ukjende, må vi anerkjenne at læring ikkje berre er kognitivt. Kvar og
ein av oss lærer også med utgangspunkt i vår personlege historie, gjennom sosiale og kroppslege erfaringar, følelsar,
fantasi og empati.
Stine Ravnå, Yngvild Bjørlykke og Sasha Brown ønsker at måtane vi underviser naturfag på, skal anerkjenne at læring ikkje berre skjer ved hjelp av hovudet. Alle sansar må vere med, om eleven skal kunne utforske naturen til fulle, og minnet også.(Foto: Mauricio Pavez)
Læring som inkluderer alle
Forskarane peikar på to hovudutfordringar i dagens naturfagundervisning der ei meir tverrfagleg tilnærming kan gi løysingar.
Ein utfordring er at modellane for undervisninga kan verke meir ekte enn den verkelege verda, og dette kan få elevar til å miste motivasjonen.
Den andre utfordringa er å ikkje ta omsyn til kva elevar alt veit. For at læring skal vere meiningsfull, er
det avgjerande at det vi lærer er forankra i eksisterande kunnskap og erfaring.
Forskarane meiner det er viktig å utvikle metodar som opnar for fleire tilnærmingar, slik at fleire føler seg inkludert og mindre redde for å gjere feil.
To lærarstudentar lagar ein figur av ein fe. Sidan skal dei bygge eit hus til feen.(Foto: Mauricio Pavez)
Kunstverk av våt jord
Fleire av aktivitetane i
prosjektet viser at ein kan lære om vitskap nettopp i naturen. I aktiviteten
«The order of things», handler det om jord.
Deltakarane samlar jord frå ulike
plassar. Dei utforskar og klassifiserer jorda ut frå eigenskapane den har. Dei
brukar eigne ord til å skildre jorda og kva tankar desse jordklumpane gir. Til
slutt blandar dei jorda med vatn og lagar kunstverk av den sjølvlaga malinga.
Førsteamanuensis Yngvild Bjørlykke har
gjennomført aktiviteten saman med lærarstudentar. Studentane sansar og
utforskar. Slik blir dei sjølve til oppdagarar.
Ved å kombinere observasjon og klassifisering i naturvitskapene med det kunstnariske, får personlege fortellingar ei viktig rolle.
Annonse
– Som inspirasjon til maleriet
får studentane i oppdrag å tenke tilbake på eit minne når dei var i kontakt med
jord. For nokre leiar tankane kanskje tilbake til barndommen med solrike dagar
i hagen hos besteforeldra, for andre til ein regnfull skogstur med hunden, seier ho.
Alternative måtar å forstå verda på
Målet er klart: Å få metodane ut til skular over heile Europa.
Forskarane har laga ein digital læringsveiledar for pedagogar og andre som er interesserte i den nye tilnærminga, til dømes forskarar og bedrifter.
Deltakarane blir her invitert til å utforske med hovudet,
hjartet og hendene.
Professor og prosjektleiar Heuling har sjølv mastergradar i både fysikk og scenekunst. For henne er
vegen mellom det kreative rommet og vitskap kort.
– Som professor trur eg prosjektet
utfordrar dei tradisjonelle grensene som skil vitskap frå det sosiale,
emosjonelle og kunstnariske. I vår tilnærming er kunst og naturfag integrert i
ei heilheit. Dei er på lag, og på denne måten skaper dei alternative måtar å
forstå verda på, seier ho.
Om SENSE STEAM
SENSE STEAM har utvikla metodar som kombinerer vitskap og kunst på innovative måtar. Den kunstintegrerte naturfagsundervisinga er basert på ei sanseleg og deltakande tilnærming til STEAM-utdanning (naturfag, teknologi, ingeniørfag, kunst og matematikk).
Aktivitetane er utvikla av universitet og høgskular saman med kunstnarar, museum og vitskapssenter. Aktørar frå næringslivet, kommunar, lokale skular, frivillige organisasjonar, fritidsklubbar og forskarar innan folkeforsking er også involvert.
Prosjektet koordinerast av Høgskulen på Vestlandet og inkluderer 17 partnarorganisasjonar frå 12 forskjellige europeiske land.
Prosjektet er finansiert av Horizon Europe, verdas største forskings- og innovasjonsprogram.
Førebelse resultat frå evalueringane viser at aktivitetane opplevast som interessante og engasjerande. Deltakarane har opplevd høg grad av trivsel under gjennomføringa.