Denne artikkelen er produsert og finansiert av Høgskulen på Vestlandet - les mer.
Mareritt for forskar at kval døyr ein pinefull og langsam død: – Det tek så lang tid for dei å døy
No har eit nytt verktøy blitt forska fram for å motverke dette.
Kvalar og båtar kolliderer fleire stader i verda, mellom anna i Middelhavet, sør for Sri Lanka og langs kysten av USA, og fleire kvalbestandar er utryddingstruga.(Foto: Dejan Lazarevic / Shutterstock)
– Når vi hjelper sjøfarande til å forstå kor det er sjanse for å møte på kvalar, må dei sakke farten eller navigere utanom, seier forskar Rui Prieto.(Foto: Privat)
Endå det
er nokre år sidan no, hugsar den portugisiske marinbiologen Rui Prieto tydeleg den
dagen.
Forskargruppa hans jobba med spermkvalar på Azorane, ei portugisisk
øygruppe i Atlanteren, og dei var på veg ut på havet.
Dei skulle merke dyra for
å kartlegge åtferda deira.
Då såg dei ein kval som oppførte seg rart
Han flaut på overflata og rørte seg lite, mens dei andre kvalane i gruppa sirkla rundt han.
Forskarane nærma seg for å få ein betre kik. Då oppdaga dei at kvalen var hardt såra, med gapande sår på ryggen som tilsa at kjølen på ein båt hadde køyrt tvers over. Kringom var det også andre kvalar med merke som tyda på ein kollisjon.
– Vi såg at kvalane var stressa. Men eit såra dyr på 20 tonn - det var ingenting vi kunne gjere for å hjelpe, hugsar Prieto.
Fleire
og fleire kollisjonar
Å sjå eit
så stort dyr lide, gjer eit heilt spesielt og sterkt inntrykk, fortel
marinbiologen.
– Det
finst ingen skånsam måte for oss å avlive han på. Difor lir desse kvalane ein
uvanleg vond og redselsfull død etter kollisjonar med båtar. Det tek så lang
tid for dei å døy.
Kvalen
Prieto hadde sett, låg urørleg i vatnet gjennom dagen og natta. Oppsynsfolk
følgde med på han. Først neste dag fekk han melding om at kvalen var død, og
dei taua dyret inn til land.
Sidan
heimsøkte hendinga han i lange tider. Han hadde fleire mareritt om det.
Ute på forskingstokt på Azorane kom forskargruppa til Rui Prieto over denne kvalen, som hadde djupe kutt frå ein skipspropell. Kvalen låg døyande i sjøen i eit døgn. – Kvalar som kolliderer med store skip, døyr ein uvanleg redselsfull og pinaktig død, seier han.(Foto: Universitetet på Azorane)
Påfører kvalar enorm liding
Rui
Prieto er forskar ved Universitetet i Azorane. Han har teke del i
forskingsprosjektet OCEAN leia av Erik Styhr Petersen ved Høgskulen på
Vestlandet.
Den aukande globale skipsfarten påfører kvalar enorm liding, og nokre artar er truga med utrydding.
Eit av dei sentrale måla for prosjektet har vore å hjelpe dei
sjøfarande til å unngå slike kollisjonar. Talet på dei har auka merkbart gjennom
dei siste tiåra.
– Dei
sjøfarande er uskuldige i lidinga til dyra, fordi ingen har så langt gitt dei
verktøy for å hanskast med dette. Så vår forsking handlar ikkje om å peike på
syndarar, seier Petersen.
– Tvert
imot er kongstanken vår å gjere flinke sjøfolk endå dyktigare. Og det skjer i
dette tilfellet først og fremst ved å gjere dei oppmerksame på kvalane, seier han.
Erik Styhr Petersen ved Høgskulen på Vestlandet forskar på maritim tryggleik. Han leiar prosjektet OCEN i lag med Margareta H. Lützhöft ved HVL.(Foto: HVL/Terje Rudi)
Misforståingar
om kvalar
Korleis
tenkjer eigentleg ein kval? Mange vil kanskje tru at kvalar, som er ein høgt
utvikla pattedyrart, vil forstå at dei må passe seg når det kjem eit stort skip
siglande.
Men slik er det ikkje. Kvalar er i utgangspunktet ikkje redde for skip, fortel forskaren.
– Det
burde dei vere, men dei er det ikkje, seier Petersen.
Kvalar sym ofte rett under overflata, og er vanskelege å få auge på. Dei er heller ikkje redde for skip, så dei sym ikkje vekk. - Vi har laga ei maskin som dei ikkje kjenner, og som er livsfarleg for dei, seier Erik Styhr Petersen.(Foto: Universitetet på Azorane)
Tvert
imot hendar det at kvalar blir nysgjerrige på dette merkelege, metalliske vesenet,
og sym nærmare for å sjå.
Eller alternativt
legg dei slett ikkje merke til det – for når kvalane sym oppe på overflata, ligg
dei gjerne og søv, eller er opptekne av aktivitetar som leik eller paring. Då
er dei einspora som små barn, og ser ikkje noko anna kring seg.
– Viss du
kikar på evolusjonen, så har det vore kvalar på jorda i hundretusenvis av år. Men
oppfinninga av skip med propellar er ikkje meir enn hundre år gammal. Sjølvsagt
kan ikkje kvalar tilpasse seg dette, seier Petersen.
– Vi har
laga ei maskin som dei ikkje kjenner, og som er livsfarleg for dei.
Merker
ikkje kollisjonen
For
sjøfarande har det også vore nær på umogleg å oppdage eller passe seg for
kvalar. Desse dyra ligg typisk sett i vassoverflata eller rett under, usynlege
for auget.
Skulle dessutan eit 400 meter langt containerskip på 100.000 tonn
komme så nær at besetninga fekk auge på kvalen, ville det uansett vere for
seint. Å justere kursen på ei slik doning for å styre utanom, tek gjerne eit
kvarters tid.
– Når eit
stort lasteskip kolliderer med ein kval, så merker dei det ikkje ein gong om
bord. Det har hendt at skip har komme til hamn og besetninga har blitt forferda
av å oppdage ein 18,5 meter lang, død kval drapert kring fronten, seier Petersen.
Dermed
treng dei sjøfarande hjelp til å forstå kor kvalane er, slik at dei kan ta
omsyn til det i forkant.
Nett dette har vore eit av hovudmåla med
forskingsprosjektet – å utvikle verktøy som kombinerer mange ulike kjelder til
informasjon, og utifrå dette føreseier kor det er sannsynleg å støyte på kvalar.
Utprøving av verktøyet 4D-SAD i simulator ved Høgskulen på Vestlandet, campus Haugesund.(Foto: HVL)
Utvikla
i lag med dei sjøfarande
Dette
verktøyet finst no, i form av to ulike appar. Den eine av dei, berekna på dei
største skipa, heiter 4D SAD. Det står for 4D situation awareness display, og
er produsert av Kongsberg-gruppa.
Prosessen
med å lage appen har vore samansatt. Sjøfararar, forskarar og designarar har
jobba saman for å lage ein første versjon.
Sidan har dei simulert vanskelege
situasjonar til sjøs med støtte av verktøyet, late besetninga få prøve det ut
og justert det etter tilbakemeldingar frå dei.
– Å ha
blikket på menneska som faktisk skal bruke dette utstyret, er avgjerande for at
verktøyet blir godt, seier Petersen.
Appen 4D SAD, som kan integrerast i
navigasjonsutstyret som dei sjøfarande allereie brukar, kostar pengar.
Men i
tillegg har forskarane også utvikla ein app som er heilt gratis, og som
kan lastast ned på mobilar, datamaskiner og anna digitalt utstyr.
Erik Styhr Petersen ved Høgskulen på Vestlandet forskar på maritim tryggleik.(Foto: HVL / Terje Rudi)
Her prøver ein skippar ut verktøyet 4D-SAD hos Kongsberg Maritime i Ålesund. Verktøyet er utvikla i samarbeid med sjøfarande.(Foto: The Nautical Institute / Mr. Ericsson Kwan)
Denne heiter
OCEAN Reporting App og er mynta på mindre skip, fiskeriflåten og andre som av
ulike grunnar ikkje kan investere.
Som ei
vêrmelding
Ei side
av saka har vore å forstå korleis dei sjøfarande tenkjer og handlar. Heilt
annleis har det vore å skulle forstå det same om kvalar.
– Kvalar
er ekstremt ubereknelege vesen. Dei skiftar åtferd ofte, og ulike artar
oppfører seg på ulike måtar. Dei snakkar til og med ulike språk, fortel Prieto.
Å kunne føreseie
nøyaktig kor ein kval eller ei gruppe kvalar kjem til å vere, er førebels ikkje
mogleg.
Men OCEAN-prosjektet har munna ut i noko som kan sjåast på som ei type
vêrmelding for kvalane sine rørsler.
Gjennom å kombinere mange ulike kjelder
til informasjon, kan verktøyet peike på kor det er ekstra høg sjanse for å møte
på dyra.
Dei brukar lyd-deteksjon, menneskelege observasjonar, statistiske
modellar og kunnskap om migrasjonsmønster og fôringsplassar, mellom anna.
Snakkesalige
dyr
Ei side
ved kvalens oppførsel har vore til god hjelp oppi det heile: Dei fleste artane,
slik som spermkvalar, pratar i eitt sett. Biologar hadde frå før av ein måte å
oppdage kvalar ved hjelp av hydrofonar under vatn.
Det forskarane i OCEAN har
vidareutvikla, er ein metode for å plassere fleire hydrofonar i ulike
posisjonar, så dei betre kan spore kvar lyden kjem ifrå.
Rui Prieto (til venstre) har i mange år forska på kvalar på Azorane. Dette er ein av fleire kvalbestandar i verda som er spesielt utsette for kollisjonar med båtar, sidan ferjetrafikken er tett mellom øyane.(Foto: Privat)
I tillegg
har dei trena opp KI til å kjenne att lyden frå ein kval. Før måtte menneske
tolke han og skilje han ut frå alle dei andre lydane i havet.
Når KI gjer det i
staden, er det med på å automatisere heile prosessen, slik at tida frå lyden
blir snappa opp til signalet går til dei sjøfarande, er redusert til nokre få
minutt.
Brennpunkta
for kollisjonar
Med den
intense ferjetrafikken mellom øyane, er Azorane eit av brennpunkta i verda for
kollisjonar mellom kvalar og båtar.
Andre
plassar der problemet er stort, er Kanariøyane, Kretas sørlege kyst og kysten
langs Spania, Italia og Frankrike. I havet sør for Sri Lanka, som utgjer hovudruta
frå Suez-kanalen til Søraust-Asia, er det også ille.
Det same gjeld den
amerikanske vestkysten, der ein stor bestand av blåkvalar følgjer same ruta som
dei store frakteskipa.
Den
nordatlantiske kvitkvalen utanfor den amerikanske austkysten har berre att om
lag 200 dyr i bestanden, og er truga av utrydding. Dei sym midt i innsiglinga til
nokre store hamnar.
Dei er dessutan også truga av mange andre forhold, slik som
intenst fiskeri i området. Kvalar får få avkom – dermed er tapet av kvart
einaste dyr ein katastrofe for denne bestanden.
– Ansvaret ligg på oss
Prieto og
Petersen ønsker no sterkt at to ting vil skje:
Den eine, at skipsfarten bygger
opp ein kultur med å ta langt meir omsyn til livet i havet, mellom anna ved å
bruke appane dei har utvikla, som er kraftfulle verktøy for å unngå påkøyringar.
Den
andre, at internasjonal lovgiving fører til fleire verneområde til havs.
– Når vi
hjelper sjøfarande til å forstå kor det er sjanse for å møte på kvalar, må dei
sakke farten eller navigere utanom. Reiarlaga er ikkje alltid glade for ein
slik beskjed: Det kostar dei pengar, same kva metode dei vel, seier Petersen.
– Dermed
er det bra om det kjem meir lovgiving på feltet. Då blir byrda likt fordelt.
Inntil vidare skjer kollisjonane dagleg. Nokre finst det vitne til, men dei fleste ikkje. Kor mange kvalar som døyr i året av dette, er høgst uvisst, med eit anslag er 20.000.
– Ein ting er klart: Kvalane var her først. Havet er heimen deira – vi menneske er berre gjestar. Så ansvaret for å stanse denne tragedien ligg på oss, seier Petersen.
Om prosjektet OCEAN
Forskingsprosjektet OCEAN er leia av Erik Styhr Petersen og Margareta H. Lützhöft ved Høgskulen på Vestlandet, og skal hindre navigasjonsulykker.
Prosjektet er finansiert av EU-programmet Horizon Europe og har vart frå 2022 til og med 2025.
OCEAN-gruppa inkluderer 13 partnarorganisasjonar fordelt på 7 ulike europeiske land frå industri, akademia, frivillige organisasjonar og sluttbrukarar.
Målet med prosjektet er å gjere navigatørar meir merksame på farar, for å hindre at skip kolliderer med andre skip, går til grunne eller kolliderer med kvalar eller andre objekt i sjøen, slik som containerar tapt over bord.