Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Forskarar vil no studere korleis gener vert regulert for å sjå om det kan gje bedre svar på kva barn får utfordringar av mors medisinbruk under svangerskapet.

Mors medisinbruk: Kan ein blodprøve fortelja kva barn som er utsette for langtidsverknadar?

Miljø, adferd og genar er med på å styre korleis vi utviklar oss. No vil ein forskar sjå kva såkalla epigenetikk kan bety for barn som er utsett for mors medisinbruk i svangerskapet.

Mange legemiddel vert rekna som trygge for ei vordande mor å bruka under svangerskapet, men ikkje alle.

Ved lang tids bruk kan til dømes eit vanleg legemiddel, som paracetamol, auka risikoen for at barnet utviklar ADHD eller andre åtferdsforstyrringar når det veks til.

– La meg berre med ein gong slå fast at paracetamol er fyrstevalet for smertestillande for gravide. Ved normal bruk er det ingen grunn til uro, seier forskar Emilie Willoch Olstad ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo.

– For å setja det på spissen: vi veit førebels lite, og enkeltresultat er vanskelege å stole på, seier Emilie Willoch Olstad.

– Men vi veit altså at lang tids bruk aukar risikoen for langtidseffekt hjå barnet. Andre legemiddel fører med seg liknande risiko, til dømes antidepressiva. Eitt eksempel på sistnemnde medikament er citalopram.

Ta blodprøve rett etter fødsel

Forskarane veit altså at desse legemidla fører med seg ein risiko, men dei skulle gjerne visst meir om kva underliggjande faktorar som kan spela inn.

Dei ser difor på epigenetikk. Det seier noko om korleis gen vert skrudde av eller på. Dette handler om korleis arv og miljø kan påvirke genene og forme oss.

– I prinsippet kan vi måla DNA-metyleringa hjå barnet i blod frå navlestrengen. DNA-metylering skjer når metylmolekyl festar seg til bestemte stader på DNA-molekylet, som vert kalla sete. Kva sete metylmolekyl festar seg til, avgjer kva gen som vert aktiverte eller ikkje, forklarar Olstad.

– Dersom vi kjenner til at mor har brukt legemiddel som medfører auka risiko, burde vi kunna ta ein blodprøve rett etter fødsel og sjå om barnet har høgare risiko for ADHD eller andre åtferdsutfordringar.

Introduserte sett med kriterium

Problemet med å avdekkja slike langtidseffektar er nettopp at det tek lang tid før dei vert synlege.

Sidan barn utviklar seg i ulikt tempo på ulike område, kan mange tidlege teikn bli oversett før ein til slutt skjønar at tiltak bør setjast inn.

– Dersom ein blodprøve kunne fortelja at dette barnet har auka risiko, kan symptoma bli fanga opp tidlegare slik at tiltak kan setjast inn. Men då må vi vita korleis vi skal tolka svara på blodprøvane.

Det har vist seg å vera lettare sagt enn gjort. Epigenetikk er eit ungt forskingsfelt, som ikkje tok ordentleg av før mot slutten av 2000-talet. Dermed er det ikkje gjort så veldig mange studiar.

– Dei få som er gjorde, sprikjer i både funn og metode. Vi introduserte derfor eit sett med kriterium som vi oppmoda andre forskarar om å ta i bruk.

Vanskeleg å stola på enkeltresultat

Då Olstad sjølv tok i bruk kriteria for å stadfesta funn veiledaren hennar i arbeidet med doktorgraden hadde gjort nokre år tidlegare, viste det seg at det ikkje var så enkelt heller.

Ho og veiledaren hadde brukt to ulike metodar, men funna deira stemte ikkje overeins. Det same gjentok seg då Olstad brukte to ulike metodar på nøyaktig same datasett.

– Det inneber at vi ikkje nødvendigvis kan stola blindt på enkeltstudiar, verken om dei seier at eit DNA-metyleringsmønster er risikabelt eller om det er trygt. Neste studie kan like gjerne visa det motsette. Dessverre er det mangel på slike studiar som prøvar å replikera funn frå tidlegare studiar, seier Olstad.

– For å setja det på spissen: vi veit førebels lite, og enkeltresultat er vanskelege å stole på.

Senda metodane opp til eksamen

Nokon ville kanskje tenkt at det må vera demotiverande å finna ut at resultata ikkje stemmer overeins. Men slik tenkjer ikkje Olstad.

– Tvert imot! Dette er viktige funn. Dei betyr at vi må jobba vidare med å utvikla metodar som kan gje oss gode svar. Slik kan vi bidra til å gjera livet litt lettare for foreldre og barn i framtida.

Ho ser for seg fleire moglege løysingar som ho har ambisjonar om å få gjennomført. Ei er å auka styrken i studiane ved å inkludera tilstrekkeleg mange prøver.

– Ein annan måte er å senda metodane opp til eksamen. Vi kan generera ei stor mengd simulerte data frå eit mindre sett reelle data. Dei kan vi manipulera slik at det eksisterer årsakssamanhengar som vi kjenner på førehand. Det vert då fasiten, seier Olstad.

– Så kan vi analysera dataa med ulike metodar for å sjå kven av dei som gjev dei riktigaste svara.

Referanse:

Emilie Willoch Olstad mfl.: Low reliability of DNA methylation across Illumina Infinium platforms in cord blood: implications for replication studies and meta-analyses of prenatal exposures. Clinical Epigenetics, 2022.

Powered by Labrador CMS