Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.
Lærarane føler seg mindre verdsett av samfunnet
Tre av fire lærarar føler seg verdset av elevar og foreldre, men berre 18 prosent meiner at lærarprofesjonen er verdset i samfunnet.
Norsk skule er framleis prega av positive relasjonar, samarbeid og autonomi.
Men både lærarar og rektorar melder om meir stress.
Det kan vi lese av dei ferske talla frå TALIS24. Dette er ein internasjonal studie av undervisning og læring. Forskarar studerer arbeidskvardagen til lærarar og rektorar på ungdomsskuletrinnet.
Færre enn tidlegare seier at meiningane deira blir lytta til av leiarane, og at dei i mindre grad kan påverke utdanningspolitikken.
‒ Berre 18 prosent av lærarane meiner at lærarprofesjonen er verdset i samfunnet, seier Mark White.
Han er prosjektleiar for den norske delen av TALIS og forskar ved Institutt for lærarutdanning og skuleforsking (ILS).
Fråværet blant lærarar aukar
Tre av fire lærarar føler seg verdset av elevar og foreldre, viser undersøkinga.
På spørsmål om lærarane er tilfreds med jobben sin, skil forskarane mellom å være nøgd med sin noverande jobb og med læraryrket generelt.
‒ Fleirtalet av dei som svarte på TALIS24 er nøgd med jobben sin. Men vi ser ein tydeleg nedgang i tilfredsheita med læraryrket. Samtidig aukar fråværet blant lærarane, som kan auke stresset blant lærarar, seier White.
Lærarar og rektorar rapporterer meir stress og negative helseeffekter. Rektorane melder óg auka lærarfråvær, og peikar på det å ta over oppgåvene til fråverande lærarar som ei viktig stresskjelde.
‒ Om stress gir fråvær, og fråvær gir meir stress, kan ein vond sirkel oppstå, seier White.
Set høgare krav til læraren
Frå 2018 til 2024 har delen elevar som strevar med norsk, er fagleg svake eller har andre spesielle behov eller åtferdsvanskar, auka, skriv forskarane i rapporten.
‒ Lærarsvara avdekker ei stor endring i elevgruppa i Noreg. Klasseromma er fagleg og kulturelt meir samansette enn før, seier White.
Fleire klassar krev no meir av lærarane i tilpassa undervisning, seier White.
‒ Slik sett har Noreg vorte likare dei andre TALIS-landa. Historisk har Noreg vore mindre mangfaldig og heterogent enn andre land, seier forskaren.
Lærarutdanninga held god kvalitet
Nyutdanna lærarar opplever høgare kvalitet i lærarutdanninga og får meir oppfølging i skulen. TALIS24 visar også at nyutdanna blir følgt opp betre enn 2018.
Les heile rapporten på TALIS` nettsider.
Les også disse sakene fra Universitetet i Oslo:
-
– Hvis testene ikke fanger opp barna som faktisk er i risiko, kan noen elever gå under radaren
-
I Oslo finner du sola, jorden og månen i miniatyr
-
Klarer du å se hva dette mønsteret er laget av?
-
Surrogati i Norge: – Du står i praksis fritt til å betale en fattig, utenlandsk kvinne for å gi fra seg et barn
-
Slik forvandler internasjonale standarder verden
-
Må vi velge mellom klima og urfolks rettigheter?
forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER