Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.

Melina trente hardt som gravid. Ja, det er trygt for godt trente kvinner, viser forsking 

– Det har vore lite forsking på kor hardt mor kan trene under graviditet, seier professor. 

Melina Magulas er løpar og langrennsløpar og var ein av dei 60 deltakarane i forskingsprosjektet Strong Mama på NIH.
Publisert

– Eg har aldri følt meg så trygg på trening nokon gong, smiler Melina Meyer Magulas.

Mange sperra opp auga da dei såg bilde og video av Magulas med høg puls på mølla, med stor mage.

Podcast: Høgintensit-trening under graviditet

I denne episoden av NIH-podden møter du professorane Kari Bø og Jorunn Sundgot-Borgen, to av Noregs fremste forskarar på kvinnehelse og trening.

Saman med programleiar Christina Gjestvang snakkar dei om mytar og fakta knytte til menstruasjon, graviditet, bekkenbotn og styrketrening – og deler ny forsking som utfordrar gamle sanningar. Du finn episoden nedst i denne artikkelen.

Gynekolog fylgde fosteret undervegs

På laben sprang ho og dei andre deltakarane intervallar på fem minutt, fem gonger. I pausane hoppa dei av mølla og sprang inn på naborommet. 

Der sat gynekolog og fødselsege Birgitte Sanda klar for å sjå korleis fosteret hadde det gjennom ultralyd.

– Ho bekrefta veldig raskt at babyen hadde det bra og alt var fint, fortel Magulas.

Birgitte Sanda er gynekolog og fødselslege og gjorde undersøkingane av kvinnene i pausene på intervalløktene.

For henne var det viktig å kunne trene på høg intensitet også som gravid.

– Det betydde at eg kunne halde fram med det eg gjer til vanleg, og kunne kome tilbake til det å vere idrettsaktiv. Eg ville gjere det eg kunne for å halde på forma, som jo også er viktig for helsa, uansett om det var i løping eller andre treningsformer.

Skiløparen som har konkurrert for Hellas i VM hadde trent jamleg gjennom sitt fyrste svangerskap, også med innslag av hardtrening.

Magulas har mastergrad i idrettsfysiologi fra NIH og er nå stipendiat ved Institutt for idrettsmedisinsk institutt ved NIH.

Med barn nummer to i magen var ho ei av 60 godt trente kvinner og eliteutøvarar i forskingsprosjektet Strong Mama.

Har visst lite om hard trening i svangerskapet

Hovudmålet i forskingsprosjektet var å finne ut om det er trygt for mor og foster å gjennomføre høgintensiv intervalltrening og tung styrketrening.

– Utgangspunktet var jo at vi har visst veldig lite. Det har vore lite forsking på kor hardt mor kan trene under graviditet, seier professor Lene Haakstad.

Ho understrekar at det er godt dokumentert og anbefalt at gravide kan trene på moderat intensitet, men at det har mangla datagrunnlag for kvinner som ligg langt over dette nivået.

Spesielt når det kjem til eliteutøvarar.

– Det var nettopp det kunnskapsholet me ynskte å fylle i forskingsprosjektet Strong Mama, seier NIH-professoren.

I prosjektet var ti av deltakarane eliteutøvarar og resten godt trente kvinner. Topputøvarane trente 11,6 timar i gjennomsnitt i veka, medan supermosjonistane trente i gjennomsnitt sju timar.

Få avvik som normaliserte seg raskt

Emilie Mass Dalhaug, stipendiat i prosjektet, fortel at funna viser at alt tydar på at fostera hadde det fint når mor hadde høg intensitet både på sykkel og i løping.

– Fosteret hadde normal respons på trening. Vi forventa ei liten auke i fosterets hjartefrekvens, og det var også det som blei vist hos gjennomsnittet.

Det forskarane var mest bekymra for er bradykardi, som vil seie at fosterets hjartefrekvens fell under 110 slag i minuttet i over tre minutt. Teoretisk kan det bety at fosteret får for lite oksygen.

I studien blei det registrert seks tilfelle av bradykardi under intervalltreninga.

– Avvika var kortvarige og normaliserte seg raskt. Alle tilfella varte kortare enn åtte minutt, som vil seie at det ikkje er alvorleg nok til å skade fosteret, forklarer Dalhaug.

Det motsette, takykardi, som vil seie at fosteret har høgare hjartefrekvens enn normalt, blei det registrert tre tilfelle av. Også desse tilfella normaliserte seg innanfor grensa.

Stipendiat Emilie Mass Dalhaug fylgde opp deltakarane undervegs på intervalløktene. Deltakarane var gjennom 5x5 intervallar både i løping og på sykkel.

Kva betyr funna for gravide flest?

Lene Haakstad er prosjektleiar for studien og har i mange år jobba for å få til forskning på høg intensitet under graviditet.

Forskarane understrekar at funna frå Strong Mama-studien er gjort på godt trente kvinner og at ein ikkje kan seie at det er trygt for alle gravide å trene hardt.

Men dei færraste gravide kvinner går inn i svangerskapet som topptrente og med store treningsmengder kvar veke.

Kva kan gravide kvinner, som også vil trene under svangerskapet, lære av forskinga?

– Viss du ikkje er vant til å trene på høg intensitet før du blir gravid, bør du heller ikkje starte med slik trening under svangerskapet, seier Haakstad.

Dei rådar kvinner å halde fram med nivået dei har trent på tidlegare, og vere litt forsiktig.

Vil ufarleggjere trening for gravide

Viss ein ynskjer å trene intervallar, er anbefalinga å ha kortare intervalldrag med lågare intensitet, enn det som blei gjort i Strong Mama-studien.

– All aktivitet med moderat intensitet er trygt og gir store helsegevinstar for mor og fosteret, seier Emilie Mass Dalhaug.

Lenge levde ein regel om at gravide ikkje skulle ha puls over 140 slag i minuttet.

– Den har ingen vitskapeleg støtte og må bli lagt heilt død, seier Haakstad, og legg til:

– Vi håpar også at forskinga kan bidra til å ufarleggjere trening for dei som er litt redde for å bevege seg når ein blir gravid. Det viktigaste er å lytte til kroppen og redusere intensiteten eller stoppa økta, om ein merkar varselsymptom som kvalme, svimmelheit eller sterke kynnarar, seier Lene Haakstad.

Kvinnene blei nøye fylgd opp undervegs i økta. Pausene mellom dei fem minutt lange intervalldraga var spesielt lange for å kontrollere best mogleg at fosteret hadde det bra.

Mange har blitt påført dårleg samvit

Melina Magulas er sjølv utdanna frå Norges idrettshøgskole og trenar også andre kvinner i løping.

Ho er svært glad for at forskingsfunna kan trygge kvinner som vil halde fram med høgintensiv trening i svangerskapet.

– Det er kjempeviktige funn. Det betyr mykje for den aktive, gravide kvinna. Ikkje minst også for kvinner som ikkje er gravide, men som ynskjer å bli det og kunne behalde treningsplanene sine, seier ho.

For 40-åringen var det sjølvsagt tungt å trene med stor mage. Magulas skildrar det som om pulsen gjekk opp berre ho såg ei trapp eller sine eigne løpesko.

Men sjølv fekk ho mykje ut av å trene i svangerskapet og kom lett tilbake til treningskvardagen etter fødselen. 

Nå får kvinner som henne støtte frå forskarhald.

– Det er fint å kunne banke i bordet med forsking og skrote gamle myter og idear om at når du er gravid skal du berre kvile og ikkje trene meir. Eg veit om mange kvinner som har blitt påført dårleg samvit over å drive med fysisk trening, fordi nokon har påstått at det er noko ein ikkje bør gjere. Nå veit me at det ikkje stemmer, seier Magulas.

Referanser:

Emilie Mass Dalhaug mfl.: Is fetal well-being jeopardised during high-intensity interval training?. BMJ Open Sport & Exercise Medicine,  2025. Doi.org/10.1136/bmjsem-2025-002496

Emilie Mass Dalhaug mfl.: Exceeding the guidelines: A descriptive study of exercise, pregnancy, maternal and neonatal health outcomes in elite and recreational athletes. BMC Pregnancy Childbirth, 2025. Doi.org/10.1186/s12884-025-07572-6 

Powered by Labrador CMS