Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Til venstre ein «kjøtbolle», ein 3D-modell. Til høgre ein 2D-modell.

Muskelceller har andre matvanar i 3D-modellar enn i 2D-modellar

Når forskarane tilfører modellane sine ein ekstra dimensjon, endrar forbrenninga av næringsstoff seg.

I laboratorium over heile verda vert det forska på kulturar av modifiserte menneskelege celler, dyrka fram til blant anna forskingsformål.

– I Muskelforskingsgruppa ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo forskar vi på energiomsetjinga i cellene i skjelettmuskulaturen, forklarar forskar Andrea Dalmao Fernandez.

– Det er enklare å forklara 3D-modellar om eg berre kallar dei kjøtbollar, seier Dalmao Fernandez.

Ho fortel at i laboratoriet vert celler oftast dyrka i cellekulturar som berre er eitt lag tjukke. Kulturane er med andre ord to-dimensjonale. I kroppen er cellene sjølvsagt sett saman tredimensjonalt.

Dei framdyrka, to-dimensjonale cellekulturane er difor ikkje alltid representative.

Kva er ein vitskapeleg modell?

I vitskapen er ein modell ein forenkla representasjon av ein observert del av verkelegheita, brukt for å oppnå forståing, for visualisering, for å gjere berekningar og/eller for å varsle åtferda til det som modellerast.

Fungerer for å undersøkja muskelsamantrekningar

Som namnet tyder på, er skjelettmusklane dei musklane som er festa til skjelettet. Det er i motsetning til til dømes hjartemuskelen. Skjelettmusklane er det viktigaste organet for forbrenning til energi av næringsstoffa vi får i oss gjennom maten.

– Vi tok vevsprøvar frå låret til tolv frivillige personar og isolerte muskelceller frå desse prøvane, forklarar Dalmao Fernandez.

Mykje forsking på skjelettmuskelceller skjer altså ved hjelp av 2D-modellar. Der vert cellene plasserte side ved side, nesten som eit puslespel og veks saman til muskelfibrar.

– Det fungerer når ein til dømes skal undersøkja samantrekningar av muskulaturen. Men vi ynskte å finna ut korleis 3D-modellar eigna seg til forsking på energiomsetjinga, seier Dalmao Fernandez.

Enklare å snakka om kjøtbollar

– Ein måte å laga 3D-modellar på er å bruka eit slags stillas som cellene kan festa seg til. Men det er komplisert, og det skalerer dårleg på størrelsen. Vi ynskte ein enklare og meir fleksibel framgangsmåte.

Løysinga deira var å plassera cellene i cellemedium i runde små brønnar og la dei vera i fred. Etter nokre timar hadde dei sokke til botnen og klumpa seg saman til kuler eller ballar.

– I den engelske faglitteraturen heiter desse «myospheres». Men eg har funne ut at det er enklare å forklara dette for folk om eg berre kallar dei kjøtbollar, seier Dalmao Fernandez.

Dei ytste laga kjem i kontakt fyrst

Parallelt med dyrkinga av kjøtbollane hadde forskarane òg dyrka fram 2D-kulturar frå dei same vevsprøvane. Dermed kunne dei tilføra næringsstoff til cellene og sjå om næringsopptaket var forskjellig frå 3D- til 2D-kulturane.

Det var det.

– I 2D-modellen ligg cellene side ved side og kjem alle i kontakt med næringsstoffa. Her forbrann dei nesten berre glukose, karbohydratet som er ei av dei viktigaste energikjeldene våre, seier Dalmao Fernandez.

– Men i kjøtbollane er det fyrst dei ytste laga med celler som kjem i direkte kontakt med næringsstoffa. Seinare dei inne i midten.

Ikkje berre muskelceller i kroppen

I kjøtbollane var det ikkje forbrenning av glukose som dominerte, men av oljesyre. Dette er ei feittsyre, og feitt er ei anna hovudgruppe av energigjevande næringsstoff enn karbohydrata som glukose tilhøyrer.

– Cellene kom jo frå dei same forsøkspersonane, frå same type vev og hadde dermed det same arvematerialet. Likevel var det som om dei utvikla heilt ulike eigenskapar.

Sjølv om forsøka har vist korleis denne typen 3D-modellar kan brukast i forskinga, understrekar Dalmao Fernandez at det fortsatt er modellar det er snakk om.

– I musklane i kroppen er det jo ikkje berre muskelceller. Spesielt nerveceller og blodårer spelar òg viktige roller.

Referanse:

Andrea Dalmao-Fernandez mfl.: Development of three-dimensional primary human myospheres as culture model of skeletal muscle cells for metabolic studies. Frontiers in Bioengineering and Biotechnology, 2023. Doi.org/10.3389/fbioe.2023.1130693

Powered by Labrador CMS