Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Innlandet - les mer.
Pilegrimar går og går, men bidreg for lite
Dagens pilegrimar går ikkje av religiøse grunnar, og har avgrensa økonomisk betydning for lokalt næringsliv langs pilegrimsleiene.
Pilegrimsarbeidet i Noreg er retta mot verdiskaping og positiv utvikling langs St. Olavsveiene til Trondheim – eit nettverk av historiske vegar som leiar til Nidarosdomen.(Foto: Colourbox)
Universitetet i Innlandet Universitetet i Innlandet
Publisert
Arbeidet med pilegrimar i Noreg er retta mot
verdiskaping og positiv utvikling langs St. Olavsveiene til Trondheim – eit
nettverk av historiske vegar som leiar til Nidarosdomen.
Det gjeld ikkje nødvendigvis økonomisk verdiskaping.
Det finst ikkje så mykje forsking på pilegrimsturisme, men no veit vi litt meir, fortel forskar Iveta Malasevska.(Foto: Ole Martin Ringlund / INN)
– Det viktigaste funnet er at vi fekk stadfesta kor mykje pilegrimane bruker av lokale tilbod og legger igjen på sin veg, seier forskar Iveta Malasevska.
Ho står bak ein nyleg publisert rapport frå Østlandsforskning på Universitetet i Innlandet. Rapporten er laga på oppdrag frå Pilegrimssenter Dovrefjell.
Går
og går – bruker lite
Det finst ikkje så mykje forsking på
pilegrimsturisme, men no veit vi litt meir.
Gjennom tre spørjeskjema har forskarane no eit klarare bilete av både kven dei er, kvifor dei går og kva dei betyr. Dei har fått svar frå pilegrimane, lokalbefolkninga og bedrifter i kommunane
Dovre, Oppdal, Rennebu og Orkland.
93 pilegrimar svarte. Gjennomsnittsalderen
er rundt 50 år. Fleirtalet er utanlandske, særleg frå Tyskland og Nederland, og
med ei lita overvekt av kvinner. I snitt hadde dei som svarte på undersøkinga
eit dagleg forbruk på 935 kroner, der halvparten gjekk til overnatting.
Nokre av dei små bedriftene langs leia opnar på sommaren, og held ope på grunn av at det går folk forbi som treng overnatting eller servering. For dei har pilegrimane ein verdi.(Figur: INN)
Er pilegrimsturisme berekraftig?
Målet med rapporten har vore å
kartleggja i kva grad Pilegrimsleden bidreg til lokal økonomisk verdiskaping
for bedrifter og lokalsamfunn i det undersøkte området.
Dette er viktig for å
belysa korleis kultur- og naturbasert reiseliv kan fremme berekraftig utvikling
i distrikta.
– Denne undersøkinga viser at
pilegrimsturismen i desse kommunane har ein tydeleg, men avgrensa økonomisk
betydning. Effekten merkast mest for små, lokalt forankra overnattings- og
serveringsstader, fortel Malasevska.
Nokre av dei små bedriftene langs leia
opnar på sommaren, og held ope på grunn av at det går folk forbi som treng
overnatting eller servering. For dei har pilegrimane ein verdi.
– Du må hugsa på at pilegrimsturisme berre
varer to–tre månader. Det vi fann er at dei legg igjen rundt sju millionar kroner
i desse fire kommunane. Det er jo ganske bra. Ikkje sett opp mot vanlege
turistar, men sett opp mot at dette er turistar som eigentleg ikkje bruker
pengar, seier Iveta Malasevska.
Dei har andre grunnar til å gå
Stadig fleire går pilegrimsvandringar, men
dei har andre grunnar til å gå enn å bruka mange pengar på vegen.
Motivasjonen
til pilegrimsturistane er først og fremst naturopplevingar, åleinetid og ønsket
om å oppdaga nye stader.
Funna viser at dagens
pilegrimsvandringar i stor grad handlar om personleg utvikling og nærleik til
naturen, snarare enn tradisjonell religiøsitet.
Annonse
Men, kanskje har forskarane funne noko som
kan brukast til å få dei til å leggja igjen litt meir enn dei gjer i dag.
Manglar informasjon om lokale tilbod
– Dei viser stor interesse for lokal
mat og lokale tilbod, og vil gjerne støtta lokalt næringsliv. Samtidig påpeikar
dei at det manglar informasjon om desse tilboda og kva dei kan finna på medan
dei går. Her trur vi det finst eit potensial om ein klarer å informera
pilegrimane betre, fortel Malasevska.
Motivasjonen til pilegrimsturistane er først og fremst naturopplevingar, åleinetid og ønsket om å oppdaga nye stader.(Foto: Colourbox)
Da bør ein ikkje basera seg på å bruka
berre sosiale medium.
– Denne turistgruppa er ikkje så aktiv på
sosiale medium som ein kan tenkja. Dei ønskjer meir truverdige
informasjonskjelder. Så det å reklamera på sosiale medium
til pilegrimar er ikkje veldig effektivt, konstaterer Iveta Malasevska.
Kommunane kan leggja
til rette meir enn i dag
Noreg skil seg ut som det einaste landet i
Europa med ein overordna plan og ein koordinert nasjonal innsats for å fremja
vandringar langs historiske pilegrimsleier.
Den stadig aukande tilstrøyminga av
vandrarar dei siste åra kan vitna om at denne strategien fungerar.
Og forskaren har nokre forslag til
korleis ein kan utnytta desse turistane meir enn i dag. Det handlar om
tilrettelegging, og å bruka kunnskapen vi no har lurare.
– Vi veit at pilegrimane ønskjer rimeleg
overnatting. Da kan ein kommune stilla seg spørsmålet: Har vi nok billige
overnattingar hos oss, eller kan vi utvida og leggja til rette meir? spør forskaren.
Går med telt for å spare penger
– Mange
pilegrimar går med telt for å spara pengar. Kanskje kommunane kan leggja til
rette for gode, tilrettelagde fine og autentiske stader dei kan bruka, foreslår
Iveta Malasevska.
Annonse
Moglegheita for auka verdiskaping ligg
først og fremst i å skapa eksklusive tilbod, betre synleggjering av
eksisterande tilbod, utvikling av relevante aktivitetar og produkt i tillegg
til tettare samarbeid mellom aktørar langs leia, meiner forskaren.
– Med rett tilrettelegging kan
pilegrimsturismen i større grad bli ei stabil inntektskjelde for små bedrifter,
og samtidig utgjera eit viktig supplement til resten av reiselivet i regionen,
seier Iveta Malasevska.