Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Innlandet - les mer.
Dette kan gi betre læring for alle elevar
Barn i grunnskulen lærer betre når dei får utforske, skape og samarbeide, viser ny forsking.
644 elevar frå ei rekkje skular i Noreg har delteke i studiet med meir kunst og kultur i undervisninga. Biletet er frå ei av øvingane.(Foto: Barbora Hollan)
I to år har det blitt forska på kva som
skjer i hjernen til elevar som har kunst og kultur som læringsform på
skulen.
Ei rekkje grunnskular i Noreg og Ungarn har delteke i prosjektet.
Dei samla funna frå forskingsprosjektet viser at kunst- og kulturintegrert undervisning kan styrke læringsmotivasjon, sjølvregulering og fellesskap.
Forskar Ulrika Håkonsson trur norsk skule kan nå fleire med ei slik kreativ læringsform som dei har testa ut i «Kunsten å lære».(Foto: Marianne Bjelle)
Naturleg
å gjera feil
Studiet
bygger på ei stor mengde intervju og observasjonar med lærarar, rektorar,
elevar, kunstnarar og føresette. Totalt har 644 elevar
delteke i prosjektet.
Det er forskarar frå Universitetet i
Innlandet som har gjennomført undersøkingane i Noreg. Rapportane er no klare.
– Lærarar, elevar og foreldre fortel at
barna gradvis har gått frå å søke etter det «riktige» svaret til å ta
eigne val, prøve ut nye løysingar og sjå verdi i å gjere feil som ein naturlig
del av læringa.
Det fortel Ulrika Håkansson som har leia forskinga.
– Denne endringa tyder på auka evne til
sjølvregulering, betre fokus og ein større evne til å tilpasse seg nye
situasjonar, fortset ho.
Prosjektet har vore leia av Innlandet
fylkeskommune i samarbeid med Universitetet i Innlandet, og med
samarbeidspartnarane T-Tudok i Ungarn og CCE i England.
Forskarane har i tillegg brukt ein spelbasert digital test, Yellow-Red-testen, som måler
kontrollfunksjonar hos barn i alderen 6–11 år.
Testen viste lik utvikling hos
dei som hadde kunst og kultur i undervisninga og dei som ikkje hadde det. Den kvalitative delen av analysen viste fleire positive endringar hos dei
elevane som deltok i prosjektet.
Meir
engasjerte, sjølvstendige og trygge elevar
Undervisninga var prega av opne oppgåver. Elevane fekk ta eigne val og lære gjennom prøving og feiling.
Ein av rektorane i studien påpeikte at
elevane blei flinke til å kjenne att kvarandre sine styrkar og bruke desse i
samarbeid.
Ulrika Håkansson stadfester dette.
– Elevane vart meir sjølvstendige,
trygge og betre til å samarbeide. Elevar som strevde i tradisjonell forstand, blomstra i det kreative miljøet.
Kreativitet, og sjølve prosessen med å tilegne seg kunnskap, har stått i fokus for forskingsprosjektet «Kunsten å lære».(Foto: Erik Brandsborg / Kulturtanken)
Særleg utbytte fekk elevar som ofte fell
utanfor. Analysen viser at dette var barn frå låginntektsfamiliar, Rom-barn i
Ungarn og elevar med ADHD.
Annonse
Desse har hatt særleg god nytte av den
kunstbaserte undervisningsforma – forutsett at dei fekk støtte og struktur,
ifølgje forskinga.
– Kunsten å lære bidreg til auka likskap
og sosial inkludering i skulen, fortel Håkansson.
Han trur at dei barna som kanskje er litt
urolege i kroppen og i hovudet, tener på noko av dette kreative som krev at du
også bevegar kroppen.
Å bevega kroppen kan gi meir ro i hovudet. Opplegget kan difor treffe dei som strevar
med ordinær skule, ifølgje forskaren.
Skulane
ønsker vidareføring
Resultata vart
presenterte under Kulturytring i Drammen i slutten av juni.
Erfaringane frå
prosjektet er så gode at alle skulane som har delteke ønsker å vidareføre
undervisningsmetoden med kunst og kultur. Det fortel prosjektleiar for «Kunsten å lære» i Innlandet fylkeskommune, Marie Othilie Hundevadt.
– To skular har fått moglegheit så
langt gjennom eit vidareføringsprosjekt. Forskinga dokumenterer at kunst og
kultur ikkje er pynt på kaka, men gjev motiverte og glade elevar og betre
resultat. Og er det ikkje akkurat det vi alle ønsker for barna våre? spør ho.
Elevane deltek aktivt med kroppen sin i læringa dei har vore igjennom i forskingsprosjektet «Kunsten å lære» som har vart i to år.(Foto: Barbora Hollan)
Foreldre i studien melder
også om elevar som tek med seg interessa heim, delar kunnskap vidare og kjenner
seg frie og trygge.
Funn viser også behov for betre tilrettelegging. Elevar som treng
meir føreseieleg struktur, må få tilpassa støtte for at eit slikt opplegg skal
fungera.
– Kva kan norsk skule læra av det de
har komme fram til her?
– Eg meiner ein gjerne kan nytta seg av
meir kreative læringsformer for å læra vanlege fag i skulen. Læringa blir meir
integrert i barna om ein gjer det. Eg trur ein kan nå fleire med ei slik
kreativ læringsform, avsluttar Ulrika Håkansson.
Kunsten å lære er eit
internasjonalt prosjekt som har forska på kva som skjer i hjernen til elevar
som har kunst og kultur som læringsform på skulen.
Prosjektet er leia av
Innlandet fylkeskommune i samarbeid med Universitetet i Innlandet og
samarbeidspartnar T-Tudok i Ungarn og CCE i England.
Universitetet i Innlandet har
gjennomført forskinga i samarbeid med T-Tudok i Ungarn og har utarbeidd
rapportane.
Prosjektet inneheld eit
spesialdesigna undervisningsopplegg der lærarar og kunstnarar har samarbeidd om
å gi elevane kunst og skulefag i kombinasjon, som ein del av «livet i skulen»
over to år.
644 elevar har delteke i
prosjektet frå desse skulane i Noreg (i tillegg til tre skular i Ungarn):