Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.

Anders forska på jagarflypilotar – nå jobbar han i oljefondet 

Anders Meland er mental trenar for finansfolka som skal sørgje for at oljepengane våre veks. 

Anders Meland jobba i mange år med dei beste topputøvarane våre på Olympiatoppen. Han er også utdanna jagarflypilot.
Publisert

Da Tangen tok til i oljefondet i 2020, ville han gjere store endringar. Oljefondet blei skildra som ein kraftig silo. Han ville bryte det ned og få til meir samarbeid på tvers.

Han meinte at Anders Melands eigenskapar med doktorgrad i idrettspsykologi og forsking på jagarflypilotar passa perfekt inn. 

Ein doktorgrad er den høgaste akademiske graden som kan oppnåast ved universitet eller høgskule.

Nå ser du Meland i NRK-serien Oljefondet, som viser livet bak kulissene.

I fyrste episode ser du mellom anna Meland ha mindfullness-trening med finansanalytikarane.

Ville få inn ein prestasjonskultur

– Mange tenker jo at mentaltrening og psykologi er noko du gjer når du slit. Men det er eigentleg heilt motsett, seier Meland.

Idrettspsykologen hadde jobba mange år med dei aller beste idrettsutøvarane våre på Olympiatoppen på det tidspunktet.

Han hadde også forska på korleis mindfullnes-trening gav mindre stress både for jagarflypilotar og fotballspelarar ved Norges idrettshøgskole (NIH).

I serien Oljefondet fylgjer ein livet bak kulissene hos dei som forvaltar landets oljerikdom. Mellom anna sjefen sjølv, Nicolai Tangen.

Før han tok til på doktorgraden var han tilsett i forsvaret etter utdanning som offiser.

Likevel var det delte meiningar om at Tangen satsa på han i Statens pensjonsfond utland, populært kalla oljefondet.

Kva slags eigenskapar kunne han ta med seg frå å forske på idrettsutøvarar og jagarflypilotar?

I NRK-serien fortel Tangen kvifor han valde Meland som sin fyrste tilsetjing:

– Det var heilt tydeleg for meg at det var sportspsykologar som hjelper idrettsutøvarar med å nullstille etter tap. Det må ein gjere i investeringsbransjen også.

Dette var forskinga til Meland

  • 107 personar med høgt prestasjonsnivå innanfor forsvaret og idretten har vore med i Melands forskingsprosjekt. Det var mellom anna jagerflygarar og fotballspelarar på elitenivå.
  • Mange av dei hadde gode erfaringar med mindfulness.
  • Dei rapporterte at dei styrte merksemda si betre. Dei var betre på å regulere kjensler og opplevde mindre kroppsleg angst i samband med prestasjon.
  • Effekta er god sjølv for dei som alt er godt kjent med ulike formar for mental trening, ifølgje Meland.
  • Studia hans kom i gang etter at forsvaret, Olympiatoppen og NIH fann ut alle kunne dra nytte av å forske på moglege effektar av mindfulness.
  • Forskinga til Meland viste at mindfulness gav positiv effekt i samband med stress og restituering under og etter stressbelastning.
  •  Mindfulness førte til eit mer bevisst forhold til verkelegheita, noko som kan vere tungt for ein som ikkje er trena i andre formar for mental teknikk og stressmeistring.

Ville få inn prestasjonskultur

Meland er samd i at det er mange likskapstrekk mellom dei beste utøvarane som jobbar for OL-gull, og analytikarane som skal prestere på børsen.

– Målsettinga var å få inn ein prestasjonskultur, slår Meland fast.

Alt han hadde opparbeidde seg av kunnskap om treningslære og idrettspsykologi kunne kome til nytte.

Organisasjonen skulle få lære om idrettspsykologiske prinsipp slik at dei kunne utvikle seg både som individ og i team.

– Akkurat som idrettsutøvarar ynskjer dei heile tida å bli betre. Dei blir også utsett for høg konkurranse. Det er jo tusenvis av smarte folk som prøvar å slå marknaden, seier Meland.

Halvparten av avgjerdene er feil

Den kanskje største skilnaden er at analytikarane i Oljefondet må handtere enda fleire feil og tap enn ein utøvar.

– Hos sjølv dei aller beste er halvparten av avgjerdene deira faktisk feil. Dei må vere utruleg gode på å handtere feil og tap og vere audmjuke. Enda meir enn idrettsutøvarane, forklarer Meland.

Da er det lett å forstå at det kan vere godt å ha ein av landets beste ekspertar på nettopp mental trening på huset.

Bygd opp prestasjonsprogram

Meland har vore med på å bygge opp ulike program som skal ruste medarbeidarane til å takle dei store utfordringane dei står i.

Han har utvikla Human Performance-programmet som han køyrde i to år i Oljefondet, før dei tilsette jagerpilot Bjørn Mannsverk. Mannsverk er best kjent som mental-trenar i Bodø Glimt.

Basert på hans erfaringar i klubben som for tida stormar framover i Europa, utvikla dei fleire program som dei nå køyrer saman. Desse er både for medarbeidarar og leiarar og har namna «Team Performance» og «Leader performance». 

– Programma går heile tida, og berre nokre få deltakarar er med kvar gong. Slik får organisasjonen stadig påfyll av nokon som har vore gjennom programma. Målet var å få eit felles språk rundt dei viktige menneskelege sidene av jobben, fortel han om starten.

Etter å ha vore med på programmet kjem deltakarane innom Meland til samtalar der ein tar opp tråden igjen nokre gonger i halvåret.

Han held også kontakten med toppidretten.

Rosenborg fotball henta i 2023 han inn som mental trenar og prestasjonsutviklar i ei 20 prosent stilling.

Tips til andre som vurderer doktorgrad

Meland var ferdig med sin doktorgrad i 2016 og har tatt med seg mange av eigenskapane frå forskingstida på NIH.

– Det å tenkje som ein forskar har hjelpt meg. Frå utsida kan ein tenkje at det blir snevert å forske på eitt tema, men det å ta ein doktorgrad i seg sjølv gjer noko med ferdigheitene i metode, seier Meland. 

Han meiner at denne kunnskapen også er viktig i jobben hans nå.

– All metodeundervisning, og det å vere nøyaktig i gjennomføring og ha målemetodar som kan avdekke om hypotesen er riktig eller ikkje, seier han.

«Outsidar» i finansbransjen

Meland er eit bevis på at idrettskompetanse kan bli brukt på mange forskjellige felt og bransjar.

– Eg opplever at kompetansen min har blitt veldig godt mottatt i finansbransjen. Tilnærming mi er å formidle kunnskap som kan passe til konteksten dei står i slik at dei sjølv kan ta gode val. Eg kjem aldri med ei oppskrift som dei skal fylgje og så blir alt bra.

Han legg ikkje skjul på at han er ein «outsider» når det kjem til finans. Det er ikkje det han snakkar med analytikarane om.

Hos han er det dei menneskelege ferdigheitene som står i sentrum. Konsentrasjon, motivasjon og handtere periodar med høg belastning.

– Det blir akkurat som med jagarflyprosjektet i forskinga mi. Me vil ta vare på dei tilsette slik at folk skal vare i jobben til dei er 50–60 år.

Tenkjer annleis etter å ha vore forskar

Han er sikker på at han ikkje fått jobben i Oljefondet med berre doktorgraden å vise til.

Nicolai Tangen såg på erfaringa hans frå forsvaret og toppidretten som gull verdt og ein prestasjonskultur han ville lære av.

– Det er også mange som ser etter faglegheita i det feltet eg opererer i. At du ikkje berre er mentaltrenar, men at du har ein fagleg tyngd bak deg. Eg trur ein tenkjer litt annleis etter ein doktorgrad. Ein tenkjer meir som ein vitskapsperson og har med deg grundigheit og treffsikkerheit i alt ein gjer.

Anders Meland såg ikkje på Oljefondet som ein drøymearbeidsplass. Han hadde aldri sett for seg at det var akkurat der han skulle ende opp.

Han er heller ikkje typen som legg slike planar.

– Eg er liksom fullt og heilt inne i det eg gjer og kanskje er det også viktig. Ein prøver å gjere ein god jobb der ein er, og nokre gonger dukkar moglegheiter opp. Ein skal ikkje hoppe på alle, men denne valde eg å hoppe på.

Referanse:

Anders Meland: Mindfulness i høyprestasjonsmiljøer (PDF). Doktorgradsavhandling ved Norges idretthøgskole, 2016.

Powered by Labrador CMS