Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.

Forskaren blir kalt fotballdoktoren. No får han trenartilbod frå storklubbar

Karl Marius Aksum (35) har skapt seg eit namn ved hjelp av unik fotballforsking.

Karl Marius Aksum tok bachelor i trenarrollen, master i coaching og idrettspsykologi og årsstudiet i PPU på NIH. No er han assistenttrenar for gulljagande Mjällby i svensk eliteserie.
Publisert

Som 18-åring sat Karl Marius Aksum seg ned og skreiv «Eg skal bli verdas beste fotballtrenar» på ein plakat.

Han forstod at vegen var ekstra lang for han som ikkje hadde vore god fotballspelar sjølv. Dermed valde han den lange vegen gjennom utdanning og etter kvart forsking.

Nå meiner mange at det er nettopp forskingsfunna og kunnskapen hans som gjer at han opplever sensasjonell suksess og får trenartilbod frå storklubbar rundt om i Europa.

Fotballsensasjon i Sverige

Den vesle fotballklubben Mjällby AIF er for tida i ferd med å skriva historie når dei no leier tabellen i Allsvenskan

Bak suksessen står den norske assistenttrenaren Karl Marius Aksum (35) frå Narvik. Han vert omtala som «fotballdoktoren» og «doktoren» i svenske medium, både for si taktisk klokskap og fordi han har ein doktorgrad frå Noregs idrettshøgskule.

Han har forska på korleis fotballspelarar brukar blikket for å vurdera pasningar og avslutningar. Denne kunnskapen er no med på å løfta Mjällby til svensk toppnivå.

Mjällby

Mjällby er ein fotballklubb frå ein tettstad med omkring 1400 innbyggarar, heilt sør i Sverige. No leiar klubben Allsvenskan, Sveriges øvste divisjon for menn. Sesongen Allsvenskan 2025 starta 29. mars og avsluttes 9. november. Mjällby har spelt i Allsvenskan sidan 2020, og i 2020 oppnådde de 5. plass som nykommere.

Storklubbar interessert i forskinga

Svensk media omtalar 35-åringen berre som «Fotballdoktoren».

– Det vi gjer nå er litt urealistisk. Vi har berre det 11-12 største lønsbudsjettet i Allsvenskan, som ofte seier mykje om kor ein endar på tabellen, fortel han.

At Mjällby ligg an til seriegull og europaspel neste år, blir sett på som ei god forteljing også i fleire større europeiske aviser. 

Korleis hamna 35-åringen frå Narvik midt opp i dette? Og kvifor får ein assistenttrenar såpass mykje av merksemda?

Forskinga hans på korleis toppspelarar brukar blikket til å søkje etter moglegheiter på banen og kva det betyr når dei skal skyte eller finne medspelarane med drøymepasninga.

– Eg trur at kunnskap og kompetanse i eit kvart yrke, og spesielt for fotballtrenarar, er det som skil deg ut.

Forsking til bruk i trening

Aksum var i 2021 ferdig med ein doktorgrad og eit stort prosjekt om visuell persepsjon.

Han innrømmer at forskinga til tider var tung for ein som trivst best på treningsfeltet.

Midt i perioden angra han på valet, men da alt var innlevert og publisert, og storklubbar inviterte han for å presentere funna, var det meste gløymt.

Fotballtrenaren trur kunnskapen han tileigna seg gjennom dei 11 åra på Norges idrettshøgskole, har gjort sitt til at han har skild seg ut i fotballverda.

Kunnskapen både frå utdanning og forsking brukar han nå kvar dag på treningsfeltet.

– Det gav meg kunnskap om det pedagogiske, om leiing, treningsmetodologi og treningsfysiologi. Alt dette brukar eg aktivt i praksis nå. Og spesielt det eg lærte gjennom doktorgraden min og resultata derfrå, brukar eg mykje, fortel han.

Etter at han verdig med doktorgraden i 2021 blei Aksum ein svært populær mann i Fotball-Europa. Nåverande Liverpool-manager Arne Slot var ein av dei som ville høyre om funna og dele erfaringar.

Eigenutvikla «fotballbibel» på 400 sider

I leilegheita i kommunesenteret Sölvesborg, 15 minutt unna heimebanen, dreg han ofte fram eit spesielt dokument.

Hans eigen «fotballbibel» tel nå nærmare 400 sider. Dei fyrste sidene skreiv han som 21-åring på bachelorstudiet og handla om kva han heilt overordna tenkte om angrep og forsvarsspel.

– Det er eit levande dokument som eg heile tida oppdaterer etter kvart som eg tileignar meg erfaring og kunnskap.

Der har han inkludert alt frå coachingfilosofi, treningsmetodologi, treningsfilosofi, mental trening, scanning og korleis bygge ein fotballklubb.

Hovuddelen handlar om ein spelmodell der kvart einaste prinsipp han trur på i alle fasar av spelet er nøye gjennomarbeida.

Prinsipp som dei trenar etter kvar dag hos den svenske serieleiaren.

Besøkte Arne Slot

Dokumentet har også med erfaringar frå nokon av dei aller beste fotballtrenarane i Europa.

– Eg trur den tettaste kontakten eg hadde var med Arne Slot, som nå er manager i Liverpool.

Gjennom forskinga fekk Karl Marius nemleg reise rundt til mange klubbar i Europa. 

Etter kvart blei han også kontakta av klubbar som ville at han skulle halde føredrag og fortelje om funna sine. 

Mellom anna i Feyenoord der Slot hadde leia laget til siger i den nederlandske serien for fyrste gong på mange år.

Nå er det Karl Marius sjølv som får tilbod frå storklubbar.

Under doktorgraden filma Aksum svært mange timar frå ei rekkje toppkampar for å finstudere og kartlegge spelarnes hovudrørsler før dei mottek ballen.

X-faktor som trenar

Kva er det med visuell persepsjon som gjer han interessant både for toppspelarar, trenarar og ikkje minst media?

Karl Marius meiner at det gir han ein X-faktor få andre trenarar har. Mange har fylgd han på X (Twitter) der han har gitt følgjarane jamlege drypp frå forskinga og korleis han ser på fotball.

– Når eg møter spelarar, så veit dei med ein gong at eg har ein spesialitet på feltet. Det gir meg ein inngang til å kunne prate med dei beste spelarane om noko eg kan forbetre spelet deira på. Det skapar ei fagleg tyngde som hjelper meg.

Tips til deg som vil bli topptrenar

Anten du vurderer eller har starta på trenarutdanning på NIH, har Karl Marius Aksum gode tips til deg.

– Det farlegaste er om du er for utolmodig. Det har eg eg kjent på utruleg mykje sjølv. Du tenkjer at tida går frå deg, og du ser andre yngre trenarar får sjansar. Det viktigaste er å finne din veg. Viss du likar å studere og fordjupe deg, så trur eg den akademiske vegen verkeleg kan vere ein måte å kome seg opp og fram på. Eg trur heilt ærleg at det kjem til å bli enda fleire plassar for akademikarar i fotballen framover. Men viss du ikkje kjenner på den lysta, så ta den praktiske vegen. Skaff deg mykje erfaring.

Vil skape ein svensk versjon av Bodø/Glimt

Ingenting tyda på at han skulle vere med på eit svensk fotballeventyr da han runda 30 år og angra djupt på valet om å ta doktorgrad på eit stipendiatkontor på NIH.

Nå er han nærmare den store draumen og setninga på plakaten over senga, enn nokon gong.

Mottoet til den vesle klubben i gule drakter er «Tillsammans gör vi det omöjliga möjligt!»

Det er lett å la tankane gå til ein annan klubb med gule drakter i nabolandet. Aksum er heilt klar på at suksessen i Bodø/Glimt inspirerer dei.

– Når eg snakkar med klubbsjefen og leiinga her, så seier vi at målet vårt er å gjere dette til eit Bodø/Glimt. Bygge opp klubben sakte og sikkert etablere oss i øvste halvdel. kome til Europa og få til dei store spelarsala. Vi pratar mykje om dei og brukar Glimt som ein inspirasjon, seier han og trur Mjällby nå er der Glimt var for fem-seks år sidan.

Men det kan fort bli større arenaer enn Strandvallen i åra framover.

Han vil ikkje seie kva for klubbar, men legg ikkje skjul på at tilboda har dukka opp den siste tida.

– Eg har fått tilbod om å bli ein del av trenarstaben i nokon av dei største klubbane i verda.

Enkeltspelarar blei utstyrt med spesialbriller som både filmar det spelarane ser og registrerer kor dei til ein kvar tid rettar blikket.

Vil ikkje snakke om gull

Det er ingen tvil om at han står ovanfor store og freistande moglegheiter framover.

Fyrst står kampen om svensk gullmedalje.

Til trass for åtte poengs leiing ned til nummer to, vil han ikkje snakke om å bli svensk seriemeister.

– Folk får berre prate så mykje dei vil. Det har faktisk ikkje vore ein tanke hos meg. Eg tenkjer prestasjonsforbetring heile tida. Nå har me prestert dårleg eit par kampar, og da handlar det berre om å kome på treningsfeltet og gjere prestasjonen betre.

Prestasjonane og kunnskapen har begynt å gje han eit namn i fotball-Europa.

«Fotballdoktoren» frå NIH verkar å vere på veg mot noko stort. Tida vil vise om han når draumen på plakaten over senga.

Powered by Labrador CMS