Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.
Med denne metoden kan forskaren gå og ta seg ein kopp kaffi i staden for å stå ein heil dag på laben
Forenkla metode for utvikling av legemiddel i film.
– I dag må ein vera i laboratoriet og fylgja prosessen steg for steg. Med vår metode injiserer du løysinga i kyvetten og kjem tilbake til ferdig resultat dagen etterpå, seier forskar Karin Korelc.
(Foto: Torstein Helleve / UiO)
Nokre gonger kan ein film eller ein oblat
festa på innsida av kinnet vera den beste måten å gje eit legemiddel på.
Det kan for
eksempel vere til barn eller til andre som har vanskar med å få ned medisinen i
tablettform.
– I slike filmar og oblat er verkestoffet
kombinert med ein såkalla polymer. Verkestoffet vert gradvis sleppt ut til blodet
gjennom slimhinna i munnen. Slik kan polymeren sjåast på som transportmediet for
verkestoffet.
Det forklarar forskar Karin Korelc ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo.
Polymerar er kjemiske samband som består av kjedeforma molekyl.
– Men verkestoffa kan jo ha vidt
forskjellige kjemiske eigenskapar. Og det påverkar korleis dei interagerer med
polymeren. Det gjeld å finna den riktige polymeren for det enkelte
verkestoffet. Det omfattar òg om ein ynskjer at stoffet skal frigjerast
raskt eller noko saktare.
Ein enklare framgangsmåte
For å finna den beste kombinasjonen mellom
verkestoff og polymer køyrer forskarane gjerne ei innleiande screening.
Der siler dei ut dei mest lovande kombinasjonane og forkastar resten.
Til no har dette vore ein omstendeleg og
tidkrevjande prosess. Han krev at forskaren brukar heile dagen på laben og går gjennom dei ulike stega i prosessen.
Men no har Korelc og kollegaene kome opp
med ein enklare framgangsmåte gjennom eit samarbeid med tidlegare kollega på
Farmasøytisk institutt Massimiliano Pio di Cagno.
– Vi tok utgangspunkt i to verkestoff,
koffein og hydroklortiazid. Koffein er hydrofilt, som betyr at det lett let seg
løysa i vatn. Hydroklortiazid er derimot hydrofobt og vanskelegare å løysa
vatn, seier Korelc.
Spesialglas
– Desse har vi kombinert med ein serie co-polymerar
bygd opp av polyvinylalkohol (PVA)- og polyvinylacetat (PVAc)-monomerar.
Monomerar er byggjesteinane til polymerar og dannar repeterande strukturar. Co-polymerar er polymerar som er
bygde opp av meir enn ein type monomer.
– PVA-monomerar er meir hydrofile, og PVAc-monomerar meir hydrofobe.
Eigenskapane til den enkelte polymeren vert styrt av det relative innhaldet av
dei to monomerane og blokkstrukturen deira.
Framgangsmåten derfrå er ganske rett fram,
i alle fall for ein farmasøyt: ulike kombinasjonar av verkestoff og polymerløysingar
vert injisert til botnen av ein kyvette, eit spesialglas som ein brukar i
laboratoriet.
Så måler dei kor raskt verkestoffet spreier seg frå polymerløysing til vatnet som kyvetten er fylt med.
Kjenner til korleis verkestoffa vert frigjorde
– Som venta såg vi at hydrofobt
hydroklortiazid spreidde seg saktare i kombinasjon med polymerar med høgare
relativ del av hydrofobt PVAc enn polymerar med høgare del av hydrofilt PVA.
Det tyder på at det er sterkare interaksjonar mellom hydrofobt legemiddel og
den meir hydrofobe polymeren, seier Korelc.
– For koffein, som er svært lett å løysa i
vatn, gjorde det ikkje store forskjellen kva polymer det vart blanda med.
Polymerane har med andre ord ikkje hatt forseinkande effekt på spreiinga av
koffein.
Frå før kjenner ein til korleis
verkestoffa vert frigjorde frå ferdige filmar av dei same polymerane.
Spørsmålet var om resultata ved bruk av den nye metoden kan seia noko om
korleis ein gitt kombinasjon av verkestoff og polymer vil fungera i ein ferdig
film eller oblat.
Prosessen tek omtrent eit døgn
Korelc fortel at dei fekk bra resultat på målinga – iallfall på dette stadiet i prosessen.
– Eg minner om at dette er ei
innleiande siling. Seinare i prosessen vil det uansett vera behov for meir
presise målingar, forklarar Korelc.
– Ho er òg berekraftig. Det trengst for
eksempel ikkje meir enn ein milliliter med vatn og små mengder av både
legemiddel og polymer. Metoden er godt eigna for tidleg fase i eit
utviklingsløp.
Ho fortel at prosessen tek omtrent eit
døgn. Det er samanliknbart med metodane som vert brukte i dag. Den nye metoden
har likevel ein stor fordel, seier ho:
– I dag må ein vera i laboratoriet og
fylgja prosessen steg for steg. Med vår metode injiserer du løysinga i kyvetten
og kjem tilbake til ferdig resultat dagen etterpå. I mellomtida kan ein gjera
som ein vil, ta seg ein kaffi for eksempel.
Referanse:
Korelc
mfl.: A simplified method to interpret the
mechanism of drug release from thin polymeric films by drug diffusivity
measurements. International Journal of
Pharmaceutics, 2025. Doi.org/10.1016/j.ijpharm.2025.125491
Les også disse sakene fra Universitetet i Oslo:
forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER