Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.
Denne bokstaven er det fullt lov å skrive på bokmål – men skuleelevar tør ikkje
Det går an å bli gløymt, sjølv om du står fremst i alfabetet.
Er «prøva» et ordentlig ord? spurde ein niandeklasseelev på Austlandet.
– Mange bokmålselevar trur at a-endingar er dialekt. Ein del fryktar dårlegare vurdering eller til og med retting frå læraren viss dei skriv det, seier Unn Røyneland.
Ho er professor i nordisk språk og fleirspråklegheit ved Universitetet i Oslo (UiO), og veit meir om nordmenns språkvanar enn dei fleste.
Forskarane overtok undervisinga
Røyneland er med i ei stor gruppe forskarar som nyleg granska norskbruken til ungdommar på niande trinn ved tre ungdomsskular på Vestlandet, Austlandet og i Nord-Noreg.
I ei veke overtok forskarane undervisinga.
Dei samla inn elevane sine skuletekstar og Snapchat-meldingar, intervjua dei og gjennomførte mange ulike eksperiment.
Elevane skil mellom chattar, noveller og saktekstar
Saman med forsker Helle Nystad har Røyneland fokusert på eit område på Austlandet der folk heller seier «bedrifta stoppa produksjonen» enn «bedriften stoppet produksjonen».
Her bruker ungdommane a-endingar i substantiv og verb når dei skriv til kvarandre på Snapchat, forteljar Nystad, som jobbar ved Høgskulen på Vestlandet.
– Dei kan også bruke det i noveller og forteljingar på skulen. Men i meir formelle fagtekstar er det nesten ikkje å finne. Éi sa at ho unngjekk det fordi ho ville ha gode karakterar, seier ho.
Unntaka er nokre få substantiv der a-en framleis er godt innarbeidd – som «bygda» og «elva».
Bokmålstekstar blir meir konservative
Vi tar eit raskt tilbakeblikk.
I 1938 skjedde det store endringar i norsk språkpolitikk. Årsaka var ønsket om at nynorsk og bokmål skulle smelte saman til eit felles skriftspråk.
I bokmål vart a-ending obligatorisk i nesten 1000 hokjønnsord, som «hytta» og «høna». Ein kunne også velje mellom å skrive «han kastet ballen» eller «han kasta ballen».
Med tida gjekk ein bort frå samnorskpolitikken, og på 2000-talet vart ein del av valfridomen fjerna. Men framleis har både nynorsk og bokmål mange valfrie former.
Langt frå alle veit det, og Røyneland og Nystad ser tydeleg at dette spesielt gjeld bokmålsbrukarar.
– Heller ikkje retteprogramma, for eksempel i Word, veit dette. Desse programma er veldig homogeniserande. Det store havet av bokmålstekstar har blitt meir og meir einsretta og konservativt, seier Røyneland.
Sjonglerer ulike skrivemåtar med glans
På alle dei tre skulane ser forskarane at måten elevane skriv på, varierer ut frå kven mottakaren er. Sender dei Snapchat-meldingar til venner, bruker dei ofte dialekt – her er elevane i Nord-Noreg på topp.
Særleg spørjeord og pronomen er på dialekt: «ka hadde dekan te middag?», for eksempel.
I tillegg kuttar ungdommane alle tre stadene ofte «stumme» bokstavar – for eksempel ved å skrive «d» i staden for «det», bruke forlengingar («Mmmmm», «!!!!!»), akronym («lks» for «liksom») og innslag av engelsk («han e clueless»).
Særleg jentene brukar emojis, men meir til vaksne enn til kvarandre – fordi dei vil vere høflege og hyggelege.
Forskarane ser likevel få teikn til at chattinga øydelegg skulespråket, sjølv om unntak kan finnast.
– Det er ingen tvil om at det er visse normer for skriving i chattinga, og andre i skulematerialet. Ungdommane har eit stort repertoar, seier Nystad.
Elevar i aust og nord kjenner ikkje att nynorsk
Sjølv om mykje er likt i aust, vest og nord, er noko også ulikt. For eksempel er nynorskelevane på Vestlandet kløpparar i bokmål.
Elevar i aust og nord, som har bokmål som hovudmål, slit på si side med å skilje nynorskord frå dialekt.
Røyneland synest dessutan at det er interessant å sjå at elevane på Austlandet, som har ei dialekt som ligg relativt nært skriftspråket, gjer dei same vurderingane som ho sjølv gjer som nynorskbrukar idet dei tilpassar språket etter målgruppa.
– Sjølv spør eg meg ofte om nynorsk kan bli misforstått, stigmatisert eller møtt med fordommar i ulike samanhengar. Elevane vi har studert, veit at dei skal bli evaluerte i andre enden, og dette er med å styre kva ord og former dei bruker. Til og med i skuleskrivinga byter dei mellom ulike skrivemåtar, seier ho.
«Flaska» heime og «flasken» på skulen
Éin elev fortalde at ho brukte ordet «flaska» heime, men at «hvis jeg hadde skrevet det på norsk, så tror jeg at læreren hadde retta det som feil».
Ei anna meinte at det å bruke a-endingar ser tullete og useriøst ut: «For når jeg snakker med en venninne, så skal det jo være litt useriøst,» sa ho.
– Dette viser berre at det eksisterer ulike normer for skriving der ute, seier Nystad.
Har dei to forskarane ei bekymring, er det at ein språkbruk som stadig blir tilpassa mottakaren, påverkar oppfatninga vår om kva som er riktig og feil.
– Vi kan tenkje oss at bruken av a-formene i chattar på Austlandet er med å forsterke inntrykket av desse formene som dialektale. Viss det er tilfelle, kan dette vere med å svekke a-endingane sin posisjon ytterlegare i formelt bokmål, seier Røyneland.
Les også disse sakene fra Universitetet i Oslo:
-
Overraskende mange ungdommer har hallusinasjoner og vrangforestillinger
-
Uten søvn glemte musene alt – kan det hjelpe KI til å lære?
-
Korleis skal ein få testa om eit legemiddel har effekt på gravide?
-
Antibiotika: – Lærebøkene bør nok skrives om
-
KI-skandaler: Er algoritmestyrt velferd en fattigdomsfelle?
-
Skipsloggbøker har formet vår forståelse av havet
forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER