Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Reiser tvil om råd om fars bruk av epilepsimedisin før befruktning

Forskarar har sett ein samanheng mellom at fedrar brukar eit epilepsimedisin og at barn får problem med utviklinga i hjernen. Men samanhengen betyr ikkje nødvendigvis at medisinen er årsaka.

Fars genetikk kan ha betydning for nevroutviklingsutfall hjå barnet.
Publisert

Det starta med at EMA, det europeiske legemiddeltilsynet, oppdaterte råda sine for epilepsimedisinen Valproat. 

Menn som planla å bli fedrar og som brukte Valproat, vart anbefalt tett oppfølging av spesialist og god informasjon om den moglege risikoen ved bruk dei tre siste månadane før befruktninga. 

Det er perioden då sædcellene vert danna. 

Ein vart óg tilrådd å vurdera om andre legemiddel kunne brukast i staden for valproat.

Studien fekk kritikk

 – Mange i dei farmasøytiske forskingsmiljøa stussa over denne endringa. At kvinner ikkje bør ta Valproat under svangerskapet var kjend frå før, fordi det blant anna kan påverka nevroutviklinga hjå barnet, seier Emilie Willoch Olstad.

Ho er forskar ved Farmasøytisk institutt, Universitetet i Oslo.

– Eg opplever ei aukande forståing for at ein alltid bør ha med genetikken når ein skal studera om foreldra sin legemiddelbruk påverkar barnet, seier Emilie Willoch Olstad.

– Men her var det berre ein enkelt studie som låg til grunn. Studien fekk ein del kritikk, og det har seinare kome liknande studiar som ikkje har funne den same samanhengen.

Var det ein underliggjande og felles årsak?

Sjølv forskar Olstad på korleis genetiske forhold kan påverka samanhengen mellom foreldra sin legemiddelbruk og nevroutviklinga hjå fosteret. Forskingsmiljøet tok ei anna tilnærming.

Den fyrste studien hadde ikkje teke høgde for at det er ein del genetiske likskapar mellom epilepsi og nevroutviklingsforstyrringar som autisme og ADHD, forklarar ho.

– Så vi spurte oss om det kanskje var ein underliggjande og felles årsak til både Valproatbruken og forstyrringar i nevroutviklinga til barnet. At det ikkje gjekk ei pil frå Valproat til barnet, men at ei underliggjande årsak hadde piler både til Valproat og til nevroutviklinga hjå barnet, seier ho.

Kan ha lette symptom utan diagnose

Dei tok utgangspunkt i Den norske mor, far og barn-undersøkinga (MoBa), som inneheld ei rekkje data frå meir enn 285.000 mødrer, fedrar og barn, deriblant genetiske data for nesten alle deltakarane.

Forskarane såg på eigenskapar som språkleg utvikling, kommunikasjon, motorisk utvikling og så vidare, slikt som vert påverka av forstyrringar i nevroutviklinga.

– Vi fann ingen samanheng mellom fars Valproatbruk og førekomsten av slike symptom hjå barna. Desse symptoma er gjerne assosiert med til dømes ADHD eller autisme, men vi såg altså på symptoma framfor diagnose, sier Olstad. 

Ein del kan jo ha nokre få og ganske lette symptom utan at det fører til nokon diagnose, legg ho til.

Fedrane hadde ein annan genetisk bakgrunn

Neste steg var å rekna ut det som heiter polygene risikoscorar.

Det er ein sum av dei genetiske risikovariantane ein person har, for eksempel kor mange av risikovariantane for epilepsi ein person har, forklarar forskaren.

– Vi samanlikna fedrane som brukte Valproat med fedrar som brukte andre antiepileptika, og fedrar som ikkje brukte epilepsimedisin, fortel Olstad.

­– Då såg vi at dei som brukte Valproat hadde ein betydeleg høgare genetisk risikoscore for epilepsi enn dei som brukte andre epilepsimedisinar. Det peikar mot at dei har ein annan genetisk bakgrunn, seier forskaren.

Gjev 50 prosent av gena til barnet

På same måte som ein kan finna den genetiske risikoscoren for epilepsi, kan ein finna det for ADHD og autisme.

– Då vi samanlikna kva variantar og gen som var sterkast knytt til auka risikoscore for ADHD og autisme, overlappa desse signifikant med dei gena som gav auka risikoscore for epilepsi, seier Olstad.

Det kan tyda på at det finst ei felles underliggjande årsak til Valproatbruk og risiko for nevroutvikling hjå avkomet, slik vi mistenkte, forklarar Olstad.

– Sjølv om desse nevroutviklingsutfalla ikkje eller berre i liten grad kjem til uttrykk, gjev han jo 50 prosent av gena sine til barnet, som kan vera forklaringa på den auka risikoen for slike utfall hjå barnet, seier ho.

Bør alltid ha med genetikken

Men heilt i mål kom dei likevel ikkje. Dei lukkast ikkje i å påvisa ein direkte samanheng mellom genetikken og påverknaden på barna. 

Trass det er Olstad klar på at ein må ta med genetikk i rekninga når ein ser på samanhengen mellom Valproat og nevroutvikling.

– I eit større perspektiv bør ein eigentleg alltid ha med genetikken når ein skal studera om foreldra sin legemiddelbruk påverkar barnet. Det opplever eg óg at det er ei aukande forståing for, både hjå oss og i forskingsmiljø elles, seier ho.

– Uansett understrekar eg at ingen bør slutta med eller gjera endringar i medisineringa si utan å ha rådført seg med legen sin, seier forskaren.

Referanse:

Emilie Willoch Olstad mfl.: Paternal valproate use and impact of shared genetic susceptibility on child neurodevelopmentScientific Reports, 2025. Doi.org/10.1038/s41598-025-23377-1

Powered by Labrador CMS