Talet på pasientar som brukar fleire
legemiddel, aukar i takt med at levealderen aukar. For desse pasientane er
legemiddellister ei nyttig oversikt for både behandlarar og pasienten sjølv.
Men nytten minkar dersom listene ikkje stemmer overeins med det
pasienten faktisk brukar.
– Folk som brukar mange legemiddel, gjer det ofte
fordi dei har fleire ulike sjukdommar. Desse pasientane har auka risiko for
sjukehusinnleggingar enn andre. Dei har også kontakt med fleire delar av helsevesenet.
Det fortel forskar Malin O. Syversen ved Farmasøytisk institutt på Universitetet
i Oslo.
– Det er kjend frå før at det oppstår feil i
legemiddellistene ved overføring mellom institusjonar eller frå institusjon
til heim. Vi ynskte å finna ut kor mange pasientar dette gjaldt for etter at dei
var utskrivne frå sjukehus.
Relevant på kort sikt
Forskarane reiste derfor rundt i heile Oslo for
å snakka med 150 heimebuande pasientar. Dei brukte alle fire legemiddel eller
meir, ei til to veker etter utskrivinga.
Slik kunne forskarane med sjølvsyn sjå
korleis pasientane tok medisinane sine. Sjølv om dei var førebudde på at det
ville vera avvik, var talet på avvik oppsiktsvekkjande høgt.
– Heile 88 prosent, nesten ni av ti, hadde
minst eit avvik frå legemiddellista frå sjukehuset. Mange hadde fleire. Det
meste vi fann, var ti avvik på ei og same liste, seier Syversen.
– Dei fleste av avvika var heldigvis ganske små og uskuldige, seier Malin Olsen Syversen.(Foto: Adam R. Babinski / UiO)
– Dei fleste av avvika var heldigvis ganske små
og uskuldige. Men fem prosent av feila hadde potensial til på kort sikt å ha ein effekt på pasienten – i desse tilfella ein
negativ effekt.
Dosering, styrke og tidspunkt
På lang sikt var risikoen betydeleg større. Så
mange som 28 prosent av avvika kunne potensielt få ein negativ effekt.
– Den klart vanlegaste feilen var at pasienten
brukte medisinar som ikkje stod på legemiddellista frå sjukehuset. Det omvende
var òg vanleg: at medisinar stod på legemiddellista utan at pasienten brukte
dei, forklarar Syversen.
– Resten av feila var knytt til dosering,
styrke og når legemiddelet skulle takast.
Endra medisinering etter utskriving
Å finna feila er ein ting, men skal ein få ned
talet på dei, må ein òg vita kva dei kjem av.
Syversen har sett på det òg.
– Den klart vanlegaste årsaka vi registrerte, var såkalla manglande eller utilstrekkeleg legemiddelsamstemming under
sjukehusopphaldet. Det betyr at ein ikkje har sikra at det som står oppført på
legemiddellista, inklusive endringar, stemmer over eins med kva pasienten
faktisk brukte før sjukehusopphaldet, seier Syversen.
Annonse
Ho fortel at dette utgjorde nesten to tredelar av alle
feila.
Andre vanlege årsaker ho fann, var at pasienten bevisst valde å endra
medisinregimet eller at informasjonen frå sjukehuset mangla eller var
mangelfull.
– At pasienten sin fastlege i samråd med pasienten endra
medisineringa etter utskriving, var òg blant årsakene.
Meir sårbare for komplikasjonar
Syversen ser betre rutinar for
legemiddelsikkerheit i sjukehusa som det beste botemiddelet mot problemet.
– Når det er ei sjeldanheit at ein pasient
kjem ut frå sjukehuset med ei riktig legemiddelliste, seier det seg sjølv at
det ikkje er bra nok, slår ho fast.
– Pasientar som brukar så mange legemiddel,
gjer det fordi dei har tilsvarande mange tilstandar som krev behandling. Dei er
dermed meir sårbare for biverknadar eller andre komplikasjonar som fylgje av
feil legemiddelbruk.