Denne artikkelen er produsert og finansiert av Havforskningsinstituttet - les mer.
Slik vil forskarane hindre at blomsterengene i havet forsvinn
Dei er blant verdas mest produktive økosystem, men over heile Europa går sjøgrasenger tapt. No har fleire titals europeiske forskarar gått saman for å stoppe fråfallet.
Over 50 forskarar frå 17 europeiske land går saman om åtte konkrete tiltak for å ta vare på sjøgrasengene som er att – og for å byggje opp att dei tapte.
Sjøgrasenger ligg til grunn for fiskeria langs kysten og beskyttar kystlinja frå erosjon og flaum.
Vidare filtrerer dei vatn og er skjulestad og jaktmark for ei rekkje artar. Dei lagrar dessutan store mengder karbon.
Men over heile Europa minkar desse leveområda kraftig.
Ålegrasenger forsvinn over heile kontinentet
Undervassengene går tapt til dårleg vasskvalitet, kystutbygging, sjukdom, invaderande artar og lite berekraftig bruk.
– Langs den svenske Skagerrak-kysten har meir enn 60 prosent av ålegrasengene forsvunne dei siste 40 åra, seier havforskar Karine Gagnon.
Ålegras er ein av dei fire artane sjøgras som høyrer heime i europeiske farvatn.
– Også langs norskekysten møter ålegrasenger fleire trugslar og stressfaktorar, legg Gagnon til.
Ho er del av det internasjonale forskarkollegiet som no kjem med anbefalingar. Ho leier også havforskingstiår-prosjektet NORSE. Der rettar dei søkjelyset mot ålegrasenger her heime.
Forskarar frå Havforskningsinstituttet undersøker mellom anna dei langsiktige trendane for ålegrasenger i den norske delen av Skagerrak.
– Ålegrasenger er særleg truga. I Oslofjorden har dei minka på grunn tidlegare næringsstoff-nivå, kystutvikling og overfiske, seier Gagnon.
Trådalgar (ofte kalla «lurv») kan også by på utfordringar. Her kan du sjå lite og mykje lurv i same ålegraseng på ulike tidspunkt av sesongen.
Dette er anbefalingane
Dei åtte anbefalingane frå den europeiske alliansen for sjøgrasrestaurering (ESRA) er:
Ta vare på dei eksisterande ålegrasengene – sunne, eldre ålegrasenger gjev høgare økologisk vinst enn nyoppkomlingane.
Reduser stressfaktorane først – restaurering lukkast ikkje med mindre ein først har adressert årsakene til at undervassengene forsvann.
Identifiser historisk, noverande og framtidig potensial for leveområde for sjøgras, for å ha ei rettesnor i restaureringsarbeidet.
Langsiktig overvaking er avgjerande for tilpassingsdyktig forvalting.
Utvikle forskingsbaserte tilnærmingar og promotere etisk kunnskapsdeling.
Kompetanselyft – anten ein vedtek politikk, driv forvalting eller nyt godt av økosystemtenestene frå sjøgrasenger.
Forvaltning, politikk, mekanismar for finansiering og restaureringsvitskap må samordnast.
Utvikle og optimalisere motstandsdyktige forsyningskjeder for sjøgras.
Engene kan kome seg igjen
– Det er ikkje for seint, seier Karine Gagnon.
Havforskaren har tidlegare gjennomført forsøk med å transplantere nytt ålegras til havbotnen hos svenskane med lovande resultat.
Etter tre månader var mangfaldet i nyplanta ålegras på same nivå som i naturlege enger.
– Sjøgrasengene som har overlevd, kan kome seg igjen. Det er potensial for å skape nye leveområde.
Referansar:
Karine Gagnon mfl.: Rapid faunal colonization and recovery of biodiversity and functional diversity following eelgrass restoration. Restor Ecol, 2023.
Govers, L. mfl.: European Seagrass Recommendations 2026 - On the future of seagrass restoration in Europe (Version 2026). Zenodo, 2026.