Denne artikkelen er produsert og finansiert av Havforskningsinstituttet - les mer.

Derfor vert fjorden din grøn

I år er den harmlause algen som fargar fjordane turkise, ekstra tidleg ute. 

Tre bilder viser turkis sjø, en kystlinje og et grønt mikroskopbilde av en kalkalge.
Øvst til venstre er eit satellittbilete som viser ymt om Gephyrocapsa huxleyi langs kysten, tatt 11. mai 2026. Nedst til venstre er eit arkivfoto frå oppblomstringa utanfor Austevoll i 2021. Til høgre er den turkise fjordmålaren, kalkalgen Gephyrocapsa huxleyi.
Publisert

Det er kalkalgen Gephyrocapsa huxleyi som blømer. Algen er nok meir kjend under namnet Emiliania huxleyi eller berre Ehux. 

Den eincella mikroskopiske planten har ei overflate som er dekt av små kalkplater og i tillegg så slepp algen ut mange lause kalkplater i vatnet.

Når sollyset blir reflektert frå desse, får sjøen ein karakteristisk turkis farge. 

– Årets oppblomstring er litt tidlegare enn vanleg, men framleis ikkje utanfor normalen, seier havforskar Lars-Johan Naustvoll. 

Dei siste åra har Emiliania-oppblomstringa gjerne vore i juni. Som oftast ser vi dei i etterkant av solrike og vindstille periodar. 

Oppblomstringa er synleg heilt til verdsrommet. 

Turkis sjø ved bratte, grønne klipper under klar himmel.
Oppblomstring av algen Ehux fargar vatnet turkis. Her frå 2021, utanfor Austevoll.

Heilt vanleg, heilt ufarleg

Frå Skagerrak til Stadt er oppblomstringar av Emiliania huxleyi forholdsvis vanlege og førekjem så å seie kvart år – anten i heile eller i deler av området. 

Kalkalgen er harmlaus og oppblomstringane ufarlege – men dei kan by på siktutfordringar for båtfolket og for fisken.  

– I tidlegare oppblomstringar har vi sett at fisk som brukar synet for å fange føde, trekker seg ut av områda der algen blømer for fullt. Det kan difor verte dårlegare fangst ved i fiske i fjordar med oppblomstring, seier Naustvoll. 

Emiliania Huxleyi gjennom mikroskop
Emiliania Huxleyi er om lag 5 mikrometer stor. Det vil seie 5 tusendelar av ein millimeter. Til samanlikning er eit hårstrå rundt 75 mikrometer tjukt.

Kalkalgene formeirar seg hurtig

Det er ikkje sikkert kva som fører til at Ehux blomstrar.

Han kan gjere det på tider og i område med svært lite næringssalt, men er sjølv mat for dyreplankton og skjel.

Kalkalgene formeirar seg hurtig ved celledeling. Ein alge blir til to, som så blir til fire og så vidare.

Kor lenge oppblomstringane varar varierer også mykje frå år til annan og frå stad til stad.

Det kan vere frå ei veke til ein heil månad. Her har vinden og bølgjene mykje å seie, forklarer forskaren.

Powered by Labrador CMS