Denne artikkelen er produsert og finansiert av Forsvarets forskningsinstitutt - les mer.
Desse soldat-råda hjelper deg å yte betre på trening og tur
Forskaren seier at tre faktorar er heilt avgjerande.
Alle kan lære av råda som soldatar får for å halde oppe yteevna over tid.
(Illustrasjonsfoto: NTB)
Forskar Hilde Teien seier at den største utfordringa soldatar møter i felten ikkje berre handlar om fysisk form.
Det dreier seg vel så mykje om summen av søvn, ernæring og restitusjon.
Forskinga hennar syner at desse tre faktorane er heilt avgjerande for å halde oppe yteevne over tid.
Podcast: Soldatråda som gjer deg meir uthaldande
I over 25 år har Hilde Teien forska på menneskekroppen. I denne episoden av Ugradert får du høyre meir om kor viktig det er med søvn, ernæring og restitusjon. Du finn episoden nedst i denne artikkelen.
Søvn er ei superkraft
Å få sove nok, kallar ho den mest undervurderte faktoren for restitusjon.
Mangel på søvn svekker ikkje berre den fysiske kapasiteten, men også evna til å halde varmen og ta gode avgjerder. Det handlar om heilskapen.
– God søvn er ei gratis superkraft, fastslår ho.
Den største utfordringa for soldatar i felt er å få i seg nok total energi. Sjølv om soldatane får mat som inneheld rikeleg med protein og karbohydrat, klarar mange ikkje å ete nok.
Ein viss del kroppsfeitt er faktisk ein fordel
Teiens forsking viser at det viktigaste er å ha tilstrekkeleg med energi, anten den kjem frå feitt, protein eller karbohydrat.
Ho peikar også på at ein viss del kroppsfeitt faktisk er ein fordel under krevjande operasjonar, då det fungerer som energireservar.
Forskinga hennar utfordrar nokon mytar. I ein studie fra 2016 viste ho at kvinner tolte ei krevjande feltøving like bra som menn. (Se referanse nederst i artikkelen).
Ho understrekar at yteevne ikkje berre handlar om kjønn, men også om blant annet kroppsstørrelse og kroppssamansetning.
Slike innsikter kan hjelpe Forsvaret med å tilpasse rekruttering og utstyr betre.
Råd mot kaldværsskadar
Hilde har nokon enkle, men effektive råd for å unngå kaldværsskadar.
Den vanlegaste feilen mange gjer, anten dei er soldatar eller turgåarar, er at dei sveittar mykje og ikkje regulerer påkledinga etter aktivitet.
– Når sveitte blir til fukt blir du raskt kald. Derfor er litt lause lag med tekstilar betre enn tronge klede, sidan dei skaper isolerande luftlommer som held på varmen.
Kort sagt: Skal du utfordre deg sjølv i naturen, bør du ete nok, sove godt og kle deg rett, sier ho.
Høyr episoden:
Referanse:
Lasse Vestli Bækken og Hilde Teien: Allmenn verneplikt : militært multifaktorielt stress - er det kjønnsforskjeller? FFI Rapport, 2016.
Les også disse sakene fra FFI:
forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER