Denne artikkelen er produsert og finansiert av Havforskningsinstituttet - les mer.

Sjelden art: Første registrering i Noreg

På toktet i 2024 observerte forskarane for første gong uflekka storsil som gytte i norske farvatn.

I 2023 og 2024 granska havforskarane førekomstane av kystsil – frå Fensfjorden til Giske.
Publisert

Den uflekka storsilen er den mest sjeldne av tobisartane i norske farvatn.

Det er berre 15 år sidan Havforskingsinstituttet registrerte fisken for aller første gong. 

– Det var nesten magisk. Det er det som er så interessant med forsking – at vi framleis kan ha slike opplevingar, seier havforskar Kjell Nedreaas.

Han fortel om kysttobistoktet i 2024, då havforskarane fekk gyteklar uflekka storsil i fangsten for aller første gong. 

– Vi fekk nokre som var spreng fulle av rogn, andre med melke og nokre som var utgytte.

På kysttobistoktet utanfor Ålesund var havforskarane på rett stad til rett tid, og trefte midt i gyteperioden. 

Toktet i mars 2024 er første gong uflekka storsil (Hyperoplus immaculatus) er registrert reproduserande i norske farvatn. Her er både rennande hannfisk, rennande hofisk og utgytt hofisk.

Dei mindre kjende tobisane

I norsk fauna finst fem tobisartar: havsil, glattsil, storsil, uflekka storsil og småsil. 

Havsilen er tobisen vi kjenner best – han er den vanlegaste og utgjer den største tobisressursen i Nordsjøen. 

Silane langs Norskekysten kjenner vi dårlegare.

Desse er ikkje dokumenterte i same omfang, men dei kan vere viktige artar for sine økosystem.

Silen er ein fødegarantist heile året

– Ved eit kvart etablert fuglefjell langs Norskekysten er det minst ein sandbanke der det bur sil. Andre artar er óg viktige for sjøfuglane, men silen er ein fødegarantist heile året, forklarar Nedreaas. 

Føremålet med kysttobistokta er å kartlegge desse silbestandane som har levd litt i skuggen av «storebror» til havs.

Områda som tobisen trivst i er fragmenterte og ofte avgrensa til små, spreidde område langs kysten. Dei nye marine grunnkarta er avgjerande for å identifisere desse leveområda. 

På dagtid, beitar tobisane i dei frie vassmassane. Men når det lir mot natt eller årstida mørknar, grev fisken seg ned i sanden

Tobisane

Tobis er eit samleomgrep for fleire artar innan silfamilien.

I norske farvatn er fem artar:

  • Havsil (Ammodytes marinus)

  • Glattsil (Gymnammodytes semisquamatus)

  • Storsil (Hyperoplus lanceolatus)

  • Uflekka storsil (Hyperoplus immaculatus)

  • Småsil (Ammodytes tobianus)

Havforskingsinstituttet gir kvoteråd for hausting av havsil i Nordsjøen kvart år.

Dei siste par åra har rådet vore nullfangst. Forskarane har så langt ikkje klart å avdekke genetisk skilnad mellom havsil i Nordsjøen og langs Norskekysten.

Fangsta fire artar på ti minutt

På dagtid, beitar tobisane i dei frie vassmassane.

Men når det lir mot natt eller årstida mørknar, grev fisken seg ned i sanden. Det er då havforskarane legg frå kai, utstyrt med ei sandskrape bak fartøyet. 

– Vi kan fangste fire artar sil i løpet av ti minutt på same stasjon. Så nært lever dei på kvarandre, men dei er likevel eigne artar, seier Nedreaas.

Dei to tokta stadfesta førekomst av glattsil, havsil, «vanleg» storsil og uflekka storsil langs kysten mellom Fensfjorden og Giske, nordvest av Ålesund. 

Forskarane mangla berre småsilen for å få fullt hus i tobisbingoen. 

– Småsilen trur vi dominerer heilt inne på grunna, på badestrender, der ein kan sjå silstimar om ein dukkar grunt, seier Nedreaas. 

Jamt med glattsil og uflekka storsil

Havsilen var den vanlegaste tobisarten i fangstane, men både uflekka storsil og glattsil vart jamt observert i begge dei to tokta.

– Frå før var både uflekka storsil og glattsil lite dokumenterte i norske farvatn. På tokta fekk vi dei oftare enn «vanleg» storsil, seier havforskaren. 

Storsilen vert betydeleg større enn glattsil og havsil. Av dei 15 individa som vart fangsta på tokta, strekte ein seg heile 39 centimeter. 

– Det er ein av dei største storsilane vi har registrert, seier Nedreaas. 

Referansar: 

Kjell Nedreaas mfl.: Kysttobistokt i 2023 og 2024. Rapport, Havforskningsinstituttet, 2026.

Powered by Labrador CMS