Denne artikkelen er produsert og finansiert av Havforskningsinstituttet - les mer.

Klimaendringane vil skape både vinnarar og taparar i norske havområde. Dette biletet blir bekrefta i en ny rapport.
Klimaendringane vil skape både vinnarar og taparar i norske havområde. Dette biletet blir bekrefta i en ny rapport.

Sild og torsk i Nordsjøen vil tape på varmare klima

Kva vil skje med plankton og fisk som er viktig for både menneske og økosystem? Forskarar har sett på tre ulike klimascenario. Nokon vil tape og nokon vil vinna.

Forskarar sett på korleis 13 nøkkelbestandar innan plankton, fisk og skalldyr vil utvikle seg i tre ulike klimascenario.

Ikkje uventa gir scenarioet med høge utslepp av klimagassar størst utslag – både i positiv og negativ retning.

Ein nøkkelbestand er viktig i økosystemet som matressurs for andre artar.

– Resultata viser at sild, torsk, og raudåte i Nordsjøen, og polartorsken i Barentshavet, er dei som vil bli mest negativt påverka av klimaendringane, seier hovudforfattar Anne Britt Sandø.

Tidlegare studiar har vist at klimaendringane vil skape både vinnarar og taparar i norske havområde. Dette biletet blir bekrefta i den nye rapporten.

– Vinnarane er dei som kan utvide leveområdet sitt når det blir høgare temperatur. Det gjeld blant anna torsk i Barentshavet, og sild og makrell i Norskehavet, seier Sandø.

Ulike moglege framtider

Bakgrunnen for rapporten var at regjeringa ønskte ein risikoanalyse av korleis klimaendringar kan påverka dei norske havområda under ulike utsleppsscenario.

Havforskingsinstituttet fekk oppdraget med å lage rapporten som altså tar for seg 13 nøkkelbestandar av plankton, fisk og skaldyr.

Der tidlegare studiar har basert seg på eitt scenario for framtidig klimautvikling, har denne studien tatt for seg tre ulike framtidsbilete til år 2100, henta frå FNs klimapanel:

  • Lågt. Eit scenario med låge klimagassutslepp, i tråd med 2-gradersmålet (SSP1–2,6).
  • Moderat. Eit scenario med moderate utslepp, omtrent i tråd med gjeldande politikk (SSP2–4,5).
  • Høgt. Eit scenario med høge og raskt aukande utslepp (SSP5–8,5).

– For kvart scenario har vi gjort ein analyse av kva påverknad dei ulike klimaeksponeringane vil ha på dei ulike bestandane i Nordsjøen, Norskehavet og Barentshavet, seier Sandø.

Resultata viser til dels store forskjellar i utslag mellom dei ulike framtidsbileta.

– Det er utanfor vårt mandat å gå inn på kva scenario som er mest sannsynleg. Vi konkluderer uansett med at det er følgene av høgutsleppscenarioet som gir størst utslag for dei aller fleste bestandane, både i positiv og negativ retning, seier havforskaren.

Usikker framtid for polartorsken

Ein av artane forskarane har studert er polartorsken, som lever heilt nord i det polare Barentshavet.

Polartorsk gyter under havisen i desember–mars. Sjøisen beskyttar egga mot rovdyr. Redusert isdekke som følge av varmare klima vil derfor gjere at dei blir meir sårbare.

– I scenarioet med høge utslepp er så godt som heile isdekket og den tilhøyrande iskanten i Barentshavet borte i slutten av dette hundreåret. Dette vil vere kritisk for polartorsken i dette området seier Sandø.

Lagnaden til polartorsken er derimot meir usikker i det moderate scenarioet (SSP2–4,5). I dette scenarioet blir sjølve iskanten i Barentshavet lengre, mens isdekket blir mindre.

– Korleis dette vil påverke polartorsken er høgst usikkert. Vår studie viser at det kanskje kan gi ein liten positiv effekt, forklarer Sandø.

– Viss polartorsk er meir knytt til sjølve isdekket enn til iskanten, vil den få ei negativ forventa utvikling også i dette scenarioet, legg ho til.

Polartorsk (Boreogadus saida) er ein liten, pelagisk fisk i torskefamilien.
Polartorsk (Boreogadus saida) er ein liten, pelagisk fisk i torskefamilien.

Bør gjentakast med ny kunnskap

Polartorsken er altså ein av dei moglege klimataparane i norske farvatn, saman med blant andre nordsjøtorsken.

I scenarioet med høge utslepp blir det ifølgje studien så varmt at torsken i Nordsjøen vil få problem med vellykka gyting.

Blant vinnarane finn vi nordaustarktisk torsk og makrell, to bestandar som vandrar over store område og kan ete det meste. Dei gjer det bra scenarioa med både høge og moderate utslepp i studien – med størst utslag i høgutsleppscenarioet.

Havforskar Sandø peikar på at kunnskapen om sårbarheit for klimaendringar varierer mykje mellom dei ulike artane.

Rapporten byggjer på modellresultat som viser forventa utvikling i klima og havmiljø, kombinert med ekspertvurdering av eigenskapar hos artane som gjer dei meir eller mindre sårbare for klimaendringane. Blant anna om arten toler å få det varmare, og om den enkelt kan flytte eller legge om dietten ved behov.

– For nokon bestandar, særleg dei økonomisk viktigaste, har vi relativt god detaljkunnskap om desse eigenskapane. For andre artar – som polartorsken, lever i vanskeleg tilgjengelege områder under isen – trengst det framleis meir forsking, seier Sandø.

– Kunnskapsgrunnlaget vil endre seg med tida. Denne analysen bør derfor gjentakast når ny kunnskap blir tilgjengeleg, legg ho til.

Rapporten er bestilt av Miljødirektoratet og går inn i arbeidet med nye forvaltingsplanar for norske havområde.

Akkumulerte retningseffekter for de ulike bestandene i scenariene SSP1-2.6, SSP2-4.5 og SSP5-8.5. De vertikale linjene viser skillet mellom bestander som er typisk for Nordsjøen, Norskehavet og Barentshavet.
Akkumulerte retningseffekter for de ulike bestandene i scenariene SSP1-2.6, SSP2-4.5 og SSP5-8.5. De vertikale linjene viser skillet mellom bestander som er typisk for Nordsjøen, Norskehavet og Barentshavet.

Referanse:

Anne Britt Sandø mfl.: Risikoanalyse for de norske havområdene om direkte og indirekte virkninger av klimaendringer på marine økosystemer under ulike utslippsscenarier – Risikorapport om hav og klima. Rapport fra havforskningen 2022-41, 2022.

Slik har forskarane gått til verks

  • Forskarane har tatt utgangspunkt i ein stor global klimamodell og skalert den ned til De nordiske hav og Arktis. Dette har gitt informasjon om korleis faktorar som temperatur, salt, sjøis og havstraumar, vil endre seg i kvart av dei tre utsleppscenarioa.
  • Denne informasjonen er lagt inn i ein økosystem-modell som gir tilsvarande informasjon om oksygennivå, pH, primær- og sekundærproduksjon. Modellresultata gav forskarane eit grunnlag for å analysera effektar på dei utvalde bestandane av plankton, fisk og skaldyr.
  • I analysen har forskarane sett på ei rekke ulike eigenskapar eller «sensitivitetsattributtar» hos artane som gjer dei sårbare for endringar i klimaet – til dømes om dei toler høgare temperatur eller lågare pH, og om dei enkelt kan flytte eller legge om dietten ved behov.
  • Ut frå dette har kvar bestand blitt utstyrt med vekta «klimapåverknader» og tilhøyrande «retningseffektar» under kvart scenario, som fortel om kor mykje bestanden er forventa å utvikla seg i positiv eller negativ retning.
Powered by Labrador CMS