– På sikt kan vi få eit mønster over kva sjøpattedyrartar som strandar. Vi kan også få ein peikepinn på om nye sjøpattedyr kjem til våre farvatn, eller om andre blir mindre vanlege, seier Kathrine A. Ryeng.
Ho er veterinær og sjøpattedyrekspert, og trekk fram fisk på flyttefot som følge av klimaendringar.
– Kanskje vil slike mønster spegle seg i sjøpattedyra som lever av fisken, seier ho.
Denne spermkvalen blei funnen nord på Andøya.(Foto: Bidrag til Dugnad for havet)
Niser utan hale er enkle å fjernobdusere
I rapporteringssystemet blir du beden om å ta ulike bilde av dyret. Du kan beskrive lukt, forråtningsgrad, skader og plassering.
Forskarane sjekkar funnet og melder tilbake kva art du har snubla over.
– Art plar vere greitt å finne ut av. Men vi kan ikkje seie noko om årsaka til strandinga berre ut frå bilda, seier Ryeng.
– Unntaket er niser med perfekt avkutta hale. Desse har mest sannsynleg gått fast i garn og drukna. For å få nisa ut av garnet, kan det ofte vere enklast å kappe av halen, forklarer ho.
Niser som bifangst er eit kjent problem.
Skjelettet er ikkje identifisert nærare enn at det er ein tannkval. Funnen på Teksmona.(Foto: Bidrag til Dugnad for havet)
Fleire folk = fleire funn
Den som studerer kartet over alle observasjonane, vil kunne tenke at det er tett mellom stranda sjøpattedyr i Oslofjorden.
Ryeng meiner dette er eit naturleg resultat av at det er fleire folk der som "held utkikk" og kan melde inn.
– Elles er heile fastlandskysten representert. Vi fekk også nettopp inn ein observasjon av ein stranda nebbkval på Jan Mayen, seier ho.
Denne gridkvalen stranda på Vega.(Foto: Bidrag til Dugnad for havet)
Ønsker seg kadaver frå Svalbard
Annonse
– Men vi har aldri fått inn observasjonar frå Svalbard, som forundrar meg litt. Ja, det er få folk, men mykje kval, sel og kvalross. Sikkert stranda også. Og internett har ein jo på øya, så eg vil oppmode svalbardianarane om å ha auga med seg i fjæra, seier ho.