Denne artikkelen er produsert og finansiert av Havforskningsinstituttet - les mer.

Sjeldan innsyn i lite kjent dyreliv

Forskarane vart fasinerte av det store biologiske mangfaldet dei såg på Den atlantiske midthavsryggen.

Både godt kjente og mindre kjente artar dukka opp på toktet. Øverst til venstre ser du at gripekloa på undervassroboten har plukka opp ein svamp, under er det havedderkoppar som er sortert ut frå prøvar som er henta opp i fartøyet. Øverst til høgre ser du sjøliljer og under ei arktisk ålebrosme.
Publisert

I fjor haust undersøkte forskarar havbotnen langs eit utvald område av Den midtatlantiske ryggen.

Den ligg omtrent så langt mot vest i Norskehavet som du kan komme.

– Vi observerte eit rikt dyreliv og spesielle geologiske strukturar, fortel forskar og toktleiar Heidi Kristina Meyer frå Havforskingsinstituttet.

Hen fortel om eit område med store kontrastar.

– Området vi undersøkte er frå under 500 til over 3500 meter djupt, og det er store variasjonar i havstraumar og temperaturforhald, seier hen.

Forskarane undersøkte utvalde område inne i den raude ramma. Området vert kalla Mohnsryggen og ligg langs Den midatlantiske ryggen.

Spennande landskap

Landskapet er minst like variert som det vi kan finne på land.

Her er det bratte sjøfjell, store djuphavsbasseng og både aktive og inaktive områder kvar det strøymer ut varmt vatn frå «skorsteinar» som stikk opp frå botnen.

Det fortel forskar Valérie Bellec frå Noregs geologiske undersøking, som var sjefsgeolog på toktet.

Ho fortel vidare at medan bassenga er kjenneteikna av blaut, mudderrik botn, har sjøfjella både hard steinbotn og lausmassar med varierande kornstorleik.

Slik kan ein «skorstein» sjå ut.

Observerte nesten ukjende dyr

Landskapet er med på å skape leveområde for mange ulike og til dels lite kjende dyr.

– Spesielt det biologiske mangfaldet i området er lite kartlagt frå før. Det var veldig spesielt å sjå kor raskt naturtypane skifta over korte avstandar, seier Meyer.

Spesielt overraska vart forskarane av å oppdage at bambuskorallar dannar revliknande strukturar.

Sjå korleis bambuskorall ser ut – opptaket er gjort med undervassroboten Ægir 6000:

– Det har aldri blitt observert før, så det var ganske spesielt å sitte oppe i videorommet på «Kronprins Håkon» og sjå på at det dukka opp ein heilt ny type korallrev framføre augene på oss, seier Meyer.

Forskarane som var med på toktet vart også overraska over kor artsrike nokre av leveområda var.

– I nokre av dei djupe bassenga har vi dokumentert sletter av blautbotn. Her fann vi mellom anna tette førekomstar av sjølilje og røyrbyggande børstemark, anemonar, svamp og enkelte områder med veldig mange sjøpølser, seier hen.

Ein svamp med sjøliljer rundt.

Fann «puter» på havbotnen

Andre stader i djupvassbassenga dukka det opp store førekomstar med putelava.

Putelava er steinformasjonar som blir danna ved vulkanutbrot under vatn eller isbrear. Slike formasjonar er vanlege på midthavsryggar. Dei oppstår når tyntflytande lava straumar ut i vatn.

Det kan minne om tannkrem pressa ut av ei tube, men er lava som har strøyma opp frå havbotnen. Lavaen størknar i det den får kontakt med det kalde vatnet. Etter at lavaen har størkna, vert det omtala som putelava.

Når den varme lavaen kjem i kontakt med det kalde vatnet, blir det fort danna ei tynn glasaktig skorpe på den. 

Lavaen størknar i ulike former som kan minne om puter eller til dømes tannkrem skvisa ut av ei tube.

– Når trykket inne i lavaputene blir for stort, blir skorpa sprengt og meir lava straumar opp innanfrå, dermed oppstår det stadig nye puter, fortel Bellec.

Vêrhardt og lite tilgjengeleg område kravde nytenking

– Dette området ligg vanskeleg til med tanke på å undersøke biologien. Ei utfordring er det store djupet, så kjem det veldig varierande landskapet, og i tillegg kan vêrforholda på overflata gjere området utilgjengeleg for utstyret vårt, fortel Meyer.

Veiret på Den midtatlantiske rygg kan vere utfordranda. Blir bølgende store nok, kan ikkje forskarane senke utstyret som dei brukar til kartlegginga ned i sjøen.

Derfor blei dette toktet også førebudd over lengre tid enn tidlegare tokt i andre område.

– Vi gjekk mellom anna gjennom alt utstyret vi brukar for å ta prøver på botnen. Noko kunne vi bruke som vanleg, anna utstyr måtte vi endre på.

Til dømes bytta forskarane ut den tradisjonelle Mareano-videoriggen Chiamera med ein undervassrobot: Ægir 6000.

– Den lar oss ta prøver direkte frå havbotnen. Slike prøvar er svært nyttige når vi skal kartlegge biologi, geologi og kjemi i djuphavet, seier Meyer.

Sjølv om avansert utstyr bidreg til å kartlegge havbotnen, skjer det også mykje arbeid om bord. Får venstre ser du: Prøvar av ulike dyr vert sortert for nærare undersøking på land, toktleiar Heidi Meyer går gjennom arbeidet på ein komande stasjon, og undervassroboten Ægir 6000.

Fire veke til havs

Etter omtrent fire veke, kom forskarane tilbake til landjorda med 140 timar video frå havbotnen. 

I tillegg hadde dei med seg ei mengde bøtter og mindre behaldarar med prøvar av ulike artar som skal identifiserast.

Dei hadde også sedimentprøver som skal analyserast for både samansetning og forureining, inkludert mikroplast.

Om Mareano-programmet

Mareano ble opprettet i 2005 og er et nasjonalt, tverrfaglig program for kartlegging av havbunnen i norske havområder. 

Mareano-programmet skal øke kunnskapen om havbunnen, og bidra til en kunnskapsbasert og bærekraftig forvaltning og næringsutvikling.

Mareano kartlegger dybde, bunnforhold, biologisk mangfold, naturtyper og forurensning i sedimentene.

Les mer om programmet her.

– Totalt fekk vi gjennomført heile 41 stasjonar med den tilpassa metodikken vår, seier Meyer

Ei av utfordringane som oppstår på så store djup som i dette området, er tida det tar å senke og heve utstyret.

– For å utnytte tida best mogeleg, forlenga vi kvar videostasjon i forhald til kva som er vanleg lengd på Mareano-tokt. På den måten sikra vi oss mest mogeleg informasjon på kvar stasjon, seier forskaren.

Dette er ein nakensnigel, men akkurat kva art er foreløpig ukjent. Snigelen blei tatt med opp frå havbotnen slik at den kan identifiserast. Dermed får vi betre kunnskap om kva artar som held til på Den midtatlantiske ryggen.

Skal snart tilbake til Den midtatlantiske ryggen

Framover skal alle videoane og prøvene analyserast før dei etter kvart dukkar opp som ferdig behandla data. Desse skal settast inn i ein større samanheng, til dømes som kart over naturtypar.

Men forskarane er ikkje ferdige med datainnsamlinga i dette området.

– Allereie i april skal vi tilbake til dette området, seier Heidi Kristina Meyer.

Sjå toktrapporten nedanfor for detaljar om toktet.

Referanse:

Heidi Kristina Meyer mfl.: MAREANO's first cruise to the Arctic Mid-Ocean Ridge — 2025007011 Cruise Report. Toktrapport 2025-11, MAREANO, 2025.

Powered by Labrador CMS