Forskarane har spora 26 steinkobbar for å undersøke kor dei oppheld seg.
– Resultata viser at dei ofte flyttar seg mellom forvaltingsområde. Dei fleste selane vil ha reist over ei grense i løpet av dei første 25 dagane etter dei vart merkte, seier havforskar Carla Freitas.
Det kan lage kluss for forvaltinga av bestanden.
Fleire tal for deg som likar slikt
GPS-data frå selane viser at:
9 av 14 selar merkte i Vestfold, reiste på tur til Østfold, Buskerud og/eller Sverige for å legge seg på land. 5 av selane reiste fram og tilbake fleire gongar.
6 av 8 steinkobbane merkte i Telemark, heldt seg i Telemark.
2 av 3 steinkobbar merkte i Aust-Agder reiste langt – mellom 100 og 260 kilometer heimanfrå. Eitt av individa bytte gong på gong mellom å reise til Vest- og Aust-Agder og til Sverige, mens en anen individ reist helt til Danmark.
Kvoteregulert jakt
I Noreg har fylkeskommunen ansvar for jakt på kystsel. Jakta er kvoteregulert, og jegarar som vil delta, må søke fellingsløyve og rapportere om dei tek dyr eller ikkje.
For steinkobbe er jaktsesongen frå 2. januar til 30. april og frå 1. august til 30. september.
Flyfoto av skjær med steinkobber oppå.(Foto: Michael Poltermann / Havforskingsinstituttet)
Havforskingsinstituttet gjev kvoteråd for berekraftig forvalting av steinkobbar. Til grunn for kvoterådet, ligg eit estimat for kor stor bestanden i kvart fylke er.
Dette estimatet kjem frå årlege teljingar på seinsommaren, medan steinkobbane feller pels på land. I løpet av ein femårig syklus vert heile landet dekt.
Den ferske studien byggjer på data samla inn mellom 2017 og 2022, då havforskarane merkte 26 selar i Aust-Agder, Telemark, Vestfold og Østfold.
Steinkobbane fekk kvart sitt GPS-telefonmerke. Dette er GPS-merker med ein innebygd våt/tørr-sensor som registrerer når selen går i land.
Merka lagrar også posisjonsdata, dykkeprofil og temperatur. I område med mobildekning vert dataa sende heim.
– Slik kunne vi følgje steinkobbane og kor dei drog, forklarar Freitas.
Steinkobbar går i land for å kvile, men óg for å felle hår, for å pare seg og for å kaste, som det heiter når sel føder ungane sine.
Kor lenge merkene sende data, varierte frå individ til individ – frå 10 til 178 dagar.
Ser du fleire steinkobbar?
Dei siste to tiåra har både folk flest og forskarar merka ei auke i talet steinkobbar langs den norske Skagerrak-kysten, og særleg i dei austlege delane rundt Oslofjorden.
Slik var det faktisk «før i tida». Då var steinkobbar talrike i dette området.
– Men utbreidd jakt frå slutten av 1800-talet saman med virus-epidemiar utrydda nesten arten frå Sør-Noreg, forklarar forskar Freitas.
Ei rekolonisering – at steinkobbane slår seg opp att her – skjer truleg ved innvandring av sel frå Sverige. Det er difor slike merke-forsøk kan hjelpe er viktige for å la oss kartlegge dette.
Stor tilkopling mellom fylke
Merka syner at steinkobbane til saman trekte på land 1.931 gongar. Oftast la selane seg på land innan 25 kilometer frå der dei først vart merkte.
Annonse
– Men over halvparten av alle dei merkte steinkobbane la seg i land i andre forvaltingsområde enn der dei opphaveleg vart merkte, seier Freitas.
I jaktsesongen for steinkobbe gjaldt dette 33 prosent av individa forskarane fekk data frå.
Sjå video frå då steinkobbar vart merkte i 2019:
Grenselause
Det har vore mangel på data av denne typen frå Skagerrak.
– Funna våre viser at steinkobbane er grenselause. Dei legg seg ofte i land i ei anna forvaltingseining – anten det er mellom fylkesgrenser i Noreg eller over landegrensene til Sverige og Danmark, seier havforskaren.
Freitas peikar på at steinkobbane i Skagerrak reiser mellom land med tre forskjellige lovverk, i tillegg til dei fylkesvise skilnadane i forvalting.
Ein sel som vart talt i Agder, kan med andre ord opphalde seg i Østfold når jakta startar. Det kan difor vere manglande samsvar mellom kvote, fordeling og størrelsen på bestandane av steinkobbe.
Her ser du rute «Freya» symde tilbake.(Kart: HI)
– Forvaltingseiningane i den norske delen av Skagerrak speglar ikkje korleis steinkobbane brukar Skagerrak, seier Freitas.
Forskarane arbeider også med ei genetisk kartlegging av steinkobbe-bestandane langs kysten, noko som også kan danne grunnlaget for omdefinerte forvaltingsområde.