Denne artikkelen er produsert og finansiert av Tannhelsetjenestens kompetansesentre - les mer.

Kven sit i norske fengsel, og korleis er munnhelsa deira?

Ti tilsette i tannhelsetenesta har intervjua og sett i munnen på 326 innsette i fengsel i Rogaland.

Den gjennomsnittlege innsette er ein einsleg mann på 37 år som er fødd i Noreg og ikkje eig sin eigen bustad.
Publisert

Det er frå tidlegare kjent at dei innsette i fengsel har dårlegare munnhelse enn resten av befolkninga.

– Difor må me forsøka å finna ut kva som gjer dette, og ikkje minst kva me kan gjera med det, seier forskar Kathrine Høyvik Bergum.

Det er 40 år sidan førre gong det blei gjort ei større tannhelseundersøking i fengsel. Mykje kan endra seg på så lang tid.

Kva bakgrunn har dei innsette?

– Når fire av ti har ubehandla karies, viser dette at dei har eit tydeleg behov for tannbehandling, seier forskar Kathrine Høyvik Bergum.

Den gjennomsnittlege innsette er ein einsleg mann på 37 år som er fødd i Noreg og ikkje eig sin eigen bustad.

Nesten halvparten av dei innsette i fengsel har ikkje fullført vidaregåande skole og har vore utan jobb det siste året før dei blei fengsla.

Ein tredel seier at dei har vanskeleg for å få endane til å møtast økonomisk.

Berre halvparten vaks opp med ei mor og ein far. Dei som ikkje gjorde det, vaks mellom anna opp med adoptivforeldre, fosterforeldre, besteforeldre, sysken eller i institusjon.

Halvparten av dei innsette har vore i fengsel tidlegare.

Fire av ti hadde angst for tannbehandling 

Nesten halvparten seier at dei har dårleg munnhelse. Dette er betydeleg dårlegare enn i resten av befolkninga, der det berre er om lag ein av ti som meiner at dei har dårleg munnhelse.

Fire av ti hadde hòl i tennene som ikkje var behandla. Fire av ti hadde tannbehandlingsangst.

Ein av ti hadde alvorleg tannbehandlingsangst. Det er meir enn tre gonger så mange som i resten av befolkninga.

– Når fire av ti har ubehandla karies, viser dette at dei har eit tydeleg behov for tannbehandling, seier Bergum.

Gratis hjelp blir ikkje brukt

Innsette i fengsel har rett på gratis tannhelsehjelp.

Frå fyrste dag har dei rett til akutt hjelp, og med opphald på meir enn tre månader har dei rett på gratis undersøking og nødvendig behandling. 

Berre ein tredel av dei innsette hadde brukt dette tannhelsetilbodet.

– Det er viktig å finna ut kvifor tenesta ikkje blir brukt når det er eit så stort behov. Me må sjå på om det er nokon barrierar me ikkje veit om og finna ut om det går an å gjera tilbodet lettare tilgjengeleg, fortel Bergum.  

Dei innsette blei òg spurt om dei gjekk regelmessig til tannklinikk utanføre fengselet. Over halvparten av dei gjorde ikkje det.

På spørsmålet om kvifor var svara tannbehandlingsangst, ein følelse av at dei ikkje trong det og at dei hadde dårleg råd.

Meir enn halvparten bruker reseptbelagt medisin

Meir enn halvparten lever med fysiske smerter.

Fire av ti har tidlegare fått behandling for psykisk sjukdom.

– Dei innsette har mange helseutfordringar, der meir enn halvparten bruker reseptbelagt medisin, fortel Bergum.

I tillegg har fleire av dei ei fortid med rusutfordringar, der halvparten brukte ulovlege rusmidlar utanføre fengselet.

Det er likevel ikkje berre 37 år gamle menn med dårleg munnhelse og utan fast jobb som er innsett i fengsel. Variasjonen er stor, og ein finn folk med ulike bakgrunnar.

– Dei innsette er jo òg småbarnsforeldre, har jobb med god inntekt og god helse. Det er òg kvinnelege innsette, men mykje færre enn menn, seier Bergum.

– Grunnen til at me skildrar kven som sit i fengsel, er at me treng kjennskap til gruppa me forskar på. 

Neste steg er å sjå etter samanhengar mellom munnhelse, munnhelsevanar og andre faktorar, samt sjå på effekten av motiverande intervju for betre munnhelse.

Referansar:

Kathrine Høyvik Bergum mfl.: Oral health and background characteristics in a prison population: the PriOH study. Acta odontologica, 2026. Doi.org/10.2340/aos.v85.45307

Hege Nermo mfl.: Dental anxiety and potentially traumatic events: a cross-sectional study based on the Tromsø Study—Tromsø 7BMC Oral Health, 2021.

Hadler-Olsen, E. og Jönsson, B.: Oral health and use of dental services in different stages of adulthood in Norway: a cross sectional study. BMC Oral Health, 2021.

Om forskingsprosjektet

Prison Oral Health er eit forskingsprosjekt frå Tannhelsetjenestens kompetansesenter Rogaland.

Formålet med forskinga er å auka kunnskapen om innsette si munnhelse og faktorar som kan forklara munnhelsa deira. I tillegg skal prosjektet testa ut om eit motiverande intervju kan bidra til at innsette får betre oral helse.

Fyrste forskingsartikkel frå prosjektet er ein skildrande artikkel skrive av Kathrine Høyvik Bergum, Emilie Bryne og Linda Maria Stein.

forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER

Bergum KH, Bryne, E & Stein LM (2026). Oral health and background characteristics in a prison population: the PriOH study. Acta odontologica. https://medicaljournalssweden.se/actaodontologica/article/view/45307  

Powered by Labrador CMS