Denne artikkelen er produsert og finansiert av Tannhelsetjenestens kompetansesentre - les mer.
Har munnhelse noko å seie for psykisk helse?
Kan depresjon ha opphav i sjukdom i munnen? Viss svaret er ja, blir tannpussen endå viktigare enn i dag.
– Psykiske plagar og sjukdommar slik som depresjon og angstlidingar påverkar munnhelse på mange måtar, fortel forskar.(Illustrasjonsfoto: NTB / Shutterstock)
Tidlegare meinte ein ofte at psykiske lidingar
var noko som berre skjedde i hovudet. Munnhelse var berre noko som
angjekk munnen.
No veit me at det fysiske og det psykiske heng tett saman.
Psykiske plagar gir mindre overskot til daglege rutinar
– Kan det vere slik at jo verre depresjonen er, dess dårlegare blir munnhelsa? Og kan samanhengen gå begge vegar? spør lege og forskar Sudan Prasad Neupane.(Foto: Privat)
– Psykiske
plagar og sjukdommar slik som depresjon og angstlidingar påverkar munnhelse på
mange måtar. Når ein slit psykisk, er det vanleg å få mindre overskot til daglege
rutinar.
Det fortel Sudan Prasad Neupane. Han er lege og forskar på korleis munnhelse og psykisk helse påverkar kvarandre.
Ofte heng det saman med dårleg kosthald, bruk av tobakksprodukt,
alkohol eller energidrikkar.
– Då kan det vera vanskeleg med eigenomsorg. Slik
som at ein som sosialiserer seg mindre, droppar tannpussen morgon og kveld, og
gjennomfører færre tannlegebesøk, seier han.
Medikament kan auke risiko for tannproblem
Dessutan er munntørrheit ein vanleg biverknad
av fleire typar medikament som blir brukt ved ulike psykiske lidingar.
Munntørrheit
aukar risiko for hol i tennene, tannkjøttsjukdommar, soppinfeksjonar, smerter,
og generelt nedsett livskvalitet.
Med andre ord: Psykisk sjukdom kan føre til
dårleg munnhygiene – og dermed sjukdom i munnen.
– Det
finst óg faktorar som påverkar både psykisk helse og munnhelse samtidig. Til
dømes livsstil, seier forskaren.
Korleis fungerer desse
samanhengane?
– Kan
det vere slik at jo verre depresjonen er, dess dårlegare blir munnhelsa? Og kan
samanhengen gå begge vegar? spør Neupane.
For å sjå etter samanhengar tok forskaren,
saman med kollegaer, ein sjekk på forskinga som fanst på området. Dei samanfatte
28 studiar innanfor feltet.
Dei aller fleste har bekrefta ein positiv
samanheng mellom depresjon og periodontitt, som er ein tannkjøtsjukdom.
– Det er
fleire biologiske faktorar som kan påverka både depresjon og tannkjøtsjukdom, seier Neupane
Her treff me kjernen i kva legen og forskaren er oppteken
av.
Annonse
Kan tannkjøtsjukdom føra til depresjon?
– Det
kan skje biologisk. Ikkje berre at du sit mykje heime aleine fordi du har
tannkjøtsjukdom, men på grunn av sjølve betennelsen som finst i tannkjøtet, seier han.
Han fortel at bakteriar som aukar betennelse nyleg fått stor merksemd. Det er fordi betennelsen kan «smitta» vidare til andre kroppsdelar.
– Betennelse i kroppen på sin side sender
signal til hjernen. Men betennelsen kan óg treffa den plassen i hjernen som
regulerer humør, fortel forskaren.
Sår kan gro saktare dersom ein har mykje psykologisk stress
Difor er Neupane oppteken av «holistisk helse»-perspektivet:
å sjå heile mennesket, ikkje berre munnen eller kroppen.
– Ein
ser at psykologisk stress har ein verknad på det som gjeld behandling av
tannkjøtsjukdom. Såra kan bruka lenger tid på å gro dersom ein har mykje
psykologisk stress, fortel han.
Med psykologisk stress meiner han den usunne
typen stress som varer over lengre tid, for eksempel symptom og diagnosar som
depresjon, angst, traumelidingar og bipolar liding.
Og forskinga i feltet peiker
i retninga av at jo meir psykologisk stress, dess dårlegare verkar behandlinga
mot tannkjøtsjukdom.
Lege ber helsepersonell tenkja utanfor boksen
– Psykiatrar må tenkja på at munnhelse kan påverka psykisk helse. Og
tannlegar må tenkja at psykiske lidingar kan påverka munnhelsa, seier Neupane.
Dei må altså tenkja utanfor boksen og sjå at det er andre ting enn dei vanlege
behandlingsformene som kan hjelpa.
Annonse
– Det
finst mellom anna forsking på stressbehandling mot tannkjøtsjukdom. Kanskje kan
yoga bli eit verkemiddel for pasientar med tannkjøtsjukdom, seier forskaren.
Samstundes
understrekar han at psykiske lidingar ofte er eit resultat av komplekse samspel
mellom fleire faktorar, der blant anna munnhelse er eit undervurdert tema.
Førebels veit ein at det er ein samanheng
mellom oral og psykisk uhelse. Men kva for veg samanhengen fungerer og kva som
fører til kva er uklart.
For Neupane er grunnen til at han forskar på det klar:
– Viss
eg til dømes kan dokumentera at depresjon kjem på grunn av tannkjøtsjukdom, så kan
kanskje behandling for tannkjøtsjukdom vera avgjerande for den enkelte
pasienten. Det vil vera viktig at ein behandlar det som er årsaka, seier han.
– Og dette
gjeld ikkje berre depresjon. Det er mange samanhengar mellom munnhelse og anna
helse, til dømes demens, som óg er svært interessant.