Stadig fleire eldre har sine eigne tenner no
enn før. Der dei eldre tidlegare kom inn på sjukeheim med gebiss, kjem dei no oftare
inn med naturlege tenner, kanskje med nokon implantat, bruer eller delvis
gebiss.
Implantat, bruer og gebiss er ulike typar erstatningar av ein eller
fleire manglande tenner.
Dette gjer at personellet på sjukeheim møter nye
utfordringar når dei skal ta vare på tannhelsa til bebuarane.
Munnhelse for eldre
Nokre bebuarar får dårlegare munnhelse etter at
dei sjølv ikkje klarar å ta vare på tennene sine. Særleg viktig er dagleg
tannpuss og reingjering av protesar.
Den hyppigaste dødsårsaka på sjukeheim er
lungebetennelse. Dette er tett knytt til dårleg munnhelse, fordi bakteriar i
munnen kan komma ned i lungene.
Enes Karamehmedovic er tannlege og tek doktorgrad ved Tannhelsetjenestens kompetansesenter Rogaland.(Foto: Tannhelsetjenestens kompetansesenter Rogaland)
For å prøva å gjera noko med dette ville ein
gjeng forskarar i Stavanger sjå på om ein app kunne vere løysinga.
– Me veit at munnhelse er tett knytt til
generell helse, så me må sjå på heilskapen. Likevel er dette med munn og tenner
så kopla frå resten av helsa. Difor ville me gjere det enklare for
helsepersonell å kunna følgja opp munnen, seier Enes Karamehmedovic.
Karamehmedovic er tannlege og tek ein
doktorgrad om munnhelse for eldre.
SmartJournal
Appen som skulle bli testa inneheld tre delar: Dagleg registrering av munnstell, månadleg sjekk av munnen og ein e-læringsdel.
På denne måten kan sjukeheimspersonell registrera det dei får gjort av
munnstell og følgja med på om det skjer endringar i munnen, som utvikling av
sår, soppinfeksjonar eller liknande. I tillegg kan dei lære meir om munnhygiene
og sjukdommar i munnen, og kva dei til dømes kan gjere om ein bebuar motsett
seg tannpuss.
Men det er ikkje vits å byrje med ein app viss
den ikkje blir brukt.
– Det første målet var difor å sjå om
sjukepleiarane synest at det var nyttig å bruke SmartJournal. Om dei ikkje
hadde lyst, og det berre hadde blitt oppfatta som ekstraarbeid, ville jo ingen
kome til å bruke det, seier Karamehmedovic.
For at ein app skal bli brukt er det som regel
to ting som må vere til stades:
1. Den
må vere nyttig.
2. Den
må vere enkel å bruke.
Ville sjukeheimspersonell bruke appen?
Annonse
For å sjekka om dei tilsette ville bruke appen, gjorde forskarane ein moglegheitsstudie. Det er ein slags
forstudie for å sjå om det er praktisk mogleg å gjere noko i større skala. Det ville
det ikkje vore dersom ikkje sjukeheimane ynskja å bruke applikasjonen.
I studien testa dei difor appen i bruk. I
etterkant sende dei ut eit spørjeskjema til alle tilsette, og bad dei svare på
spørsmål kring appen.
– Dei tilsette svara at dei brukte to minutt på
dagleg sjekk og fem minutt på månadleg sjekk, og dei opplevde at e-læringsdelen
var nyttig for bebuarane. Altså såg dei verdien av appen, seier Karamehmedovic.
I tillegg fann forskarane ut at det var eit
fåtal av dei tilsette som gjorde månadleg sjekk.
– I intervju forklarte sjukeheimspersonellet at
den månadlege sjekken var blitt gjort av eit fåtal av sjukepleiarane, fordi dei
måtte ha litt meir kunnskap om munnhelse for å gjere den. Desse hadde også
ansvar for å læra opp andre kollegaer til å gjera månadleg sjekk, forklarar
Karamehmedovic.
Munnhelse er tett knytt til generell helse
Karamehmedovic ynskjer meir heilskapleg tanke
omkring helse og munnhelse.
– Ofte tenkjer ein på om dei eldre spis godt,
søv nok og om dei har god rørsle. Ein tenker likevel sjeldan på munnhelsa. Dette
trass i at munnhelsa er knyta saman med helsa generelt, forklarer
Karamehmedovic.
Blei munnhelsa betre?
– Det gjenstår å sjå. Det er dette me har sett
på i den neste studien me publiserer. Denne gongen var me interessert i å sjå på
om dei ville bruke appen, og det ville dei, fortel Karamehmedovic.