– Sjøaure kan bli infisert av parasitten spironucleus salmonicida, men blir ikkje sjuk. Auren kan likevel overføre parasitten til laks, der han forårsakar sjukdom og daude. Sjølv kvittar auren seg ganske raskt med parasitten.
Det fortel forskar Bjørn Olav Kvamme i Havforskningsinstituttet.
Bakgrunnen for forskinga er eit stort utbrot av parasittsjukdomen i oppdrettsanlegg i Finnmark i 2022.
Utbrot av spironukleose skjer ikkje ofte. Men når dei kjem, er konsekvensane store i form av lidingar for laksen og økonomiske tap for oppdrettarane.
Kostnadane ved det siste utbrotet er rekna til rundt ein milliard kroner.
Parasitten Spironucleus salmonicida
Spironucleus-artane er eincella mikroparasittar som er vanlige i fisk.
Dei lever normalt i tarmen og er harmlause.
Dei lever i oksygenfattige miljø. Høge oksygennivå er skadeleg for dei.
Nokre artar invaderer blodet og dermed heile dyret.
Desse artene kan skape alvorleg sjukdom.
Parasitten går i heile fisken
Spiroparasitten er ufarleg for menneske, men laksen kan bli alvorleg sjuk. Parasitten invaderer ofte tarmen til fisken.
Kjem den seg derifrå og ut i blodet, er vegen kort til spironukleose i heile kroppen.
– Frå blodet kan parasitten gå vidare til kva organ som helst. Han er funne i auga, i symjeblæra, i hjartet og i hjernen. Den lagar byllar og lesjonar i både indre organ og muskulatur, fortel Kvamme.
I dag finst det ikkje behandling mot sjukdomen.
Vi veit lite om smittevegane
Det er ikkje kjend korleis parasitten smitter frå fisk til fisk. Han blir spreidd fritt gjennom vatnet, men andre smittevegar er og mogleg.
Parasitten finst naturleg i enkelte villfiskartar, og er påvist i mellom anna vill aure og røyr, fortel Kvamme.
– Derfor har det vore viktig å finne ut meir om kva risiko det er for at desse artane kan vere mellomvertar i smittespreiing. Vi er óg bekymra for spreiing til andre artar, seier han.
Slik var forsøka
Først blei både laks og aure bada saman med parasittar som var dyrka fram frå det siste utbrotet i Finnmark.
Derettervart laks og aure frå smittebadet plassert i nye kar saman med høvesvis laks og aure som ikkje hadde vore utsett for parasittar.
Forskarane tok blodprøver av fisken etter fire og ni veker. Då det tvungne sambuarskapet var over etter 17 veker, vart fisken slakta og obdusert.
Annonse
Auren kvitta seg med parasitten
Etter fire veker hadde mellom 70 og 90 prosent av laksen frå smittebadet parasittar i blodet.
– Til samanlikning var svært få av aurane smitta, og ingen av dei blei sjuke. Etter 17 veker var det heller ingen av aurane frå smittebadet som hadde parasitten lenger, seier Kvamme
Det tyder på at spironukleose ikkje er ein trussel mot denne arten, og at den er ganske motstandsdyktig, legg han til.
Etter 17 veker hadde derimot fleire av laksane fått både byllar og lesjonar på ulike organ.
– Forsøka viste også at aure både får parasittar frå laks og sjølv overfører parasittar til laks som ikkje er smitta frå før. Det betyr at aure kan fungere som smitteberar i sjø, forklarer forskaren.
Sjukdommen spironukleose
Systemisk spironukleose er ein sjeldan parasittsjukdom hos oppdrettsfisk. Den er forårsaka av Spironucleus salmonicida.
Systemisk tydar at parasitten spreier seg til alle delar av fiskens kropp. Altså hud, indre organ og muskulatur, der den dannar byllar og sår.
I mikroskoputstryk av innhaldet i byllane vil det typisk myldre av høgst rørlege parasittar på cirka ti mikrometers storleik.
Dødelegheita kan vere stor, men sjølv hos tilsynelatande frisk fisk kan ein finne muskelbyller som gjer fisken ueigna som mat.
– Det trengst meir forsking
Spironukleose vart først påvist i Noreg i 1989. Deretter har det vore fleire utbrot, men med ganske lang tid mellom dei.
– Det er likevel viktig at vi forskar meir på parasitten. Det handlar om å ha ein grunnleggjande kunnskapsberedskap på plass til neste gong han dukkar opp, seier forkaren.
For forskarane reknar med utbrot av parasitten med ujamne mellomrom.
– Vi bør i alle fall skaffe oss betre oversikt over kor han finst og korleis han smittar, seier Kvamme.