Saken er produsert og finansiert av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse - les mer.

Fjerna karakterkrava: Fleire vil bli sjukepleiarar og lærarar
Rundt 980 av haustens 5.493 nye sjukepleiestudentar er tekne opp utan karakterkrav. Utan desse ville talet på møtte studentar haustsemesteret 2024 ha vore det lågaste sidan 2010.
Nesten 5.500 studentar møtte opp på sjukepleiestudiet hausten 2024. Det er det høgaste talet sidan vi starta med nasjonale tal for studentoppmøte i 2008.
Også på lærarutdanningane er trenden med fallande oppmøtetal broten.
Det viser heilt ferske tal frå Database for statistikk om høgare utdanning (DBH), som Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) administrerer.
Fleire sjukepleiestudentar når karakterkrava er fjerna
På sjukepleie trong ein tidlegare minimum karakteren 3 i norsk og matematikk for å komme inn.
Men i 2024 blei det på åtte institusjonar opna for lokale opptak utan desse karakterkrava. Det var for studieplassar som stod ledige etter det ordinære opptaket.

– Rundt 980 av haustens 5.493 nye sjukepleiestudentar er tekne opp utan karakterkrav. Dersom desse ikkje hadde blitt tekne opp, ville talet på møtte studentar haustsemesteret 2024 ha vore det lågaste sidan 2010.
Det seier direktør Sveinung Skule i HK-dir.
– Det er stor mangel på sjukepleiarar i Noreg som i mange andre land. Mangelen vil auke i åra framover. Når fleire enn nokon gong har møtt opp til sjukepleiestudiet vil det, alt anna likt, bidra til å redusere framtidig mangel på sjukepleiarar, seier han.
Skule fortel at det gjeld òg sjølv om fråfallet skulle vise seg å bli noko høgare blant dei studentane som ikkje tilfredsstiller karakterkrava.
Over 100.000 nye studentar i haust
Totalt møtte 102.330 studentar opp til ulike gradsstudium og årsstudium hausten 2024.
– Talet på studentar som møter til studiestart, har lege stabilt dei siste ti åra. Det til tross for at stadig fleire har fått eit tilbod om studieplass. Unntaket var under pandemien. Saman med stabile og etter kvart fallande ungdomskull kan det tyde på at vi truleg ikkje kan vente ytterlegare vekst i talet på studentar ved ordinære grunnutdanningar framover, seier Skule.
Auke også på lærarutdanningane
På femårig lærarutdanning er minstekravet enten 35 skulepoeng og 3 i norsk og 4 i matematikk eller minst 40 skulepoeng og 3 i norsk og matematikk.
12 institusjonar fekk i år dispensasjon frå heile eller delar av karakter- og poengkrava. Flest var det på utdanningane som grunnskulelærar.

Totalt 716 av dei møtte studentane på lærarutdanningane blei tatt opp utan karakterkrav.
– Også på lærarutdanningane er trenden med fallande oppmøtetal broten. Eg vil likevel understreke at vi ikkje veit sikkert kor mange av dei som fekk plass utan karakterkrav, som tilfredsstiller krava og kunne ha kome inn på ordinære restplassar. Dette må vi analysere nærare, men det er rimeleg å anta at fjerninga av karakterkrava har ført til at fleire har starta på lærarutdanningane, seier Sveinung Skule.

Les kortnotatet om møtte studentar på sjukepleie- og lærarutdanningane hausten 2024.
Sjå alle tala i Database for statistikk om høgare utdanning (DBH).

Artikkelen er produsert og finansiert av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse
HK-dir er én av over 80 eiere av forskning.no. Deres kommunikasjonsansatte leverer innhold til forskning.no. Vi merker dette innholdet for å tydelig skille formidling fra uavhengig redaksjonelt stoff. Her kan du lese mer om ordningen.