Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Stavanger - les mer.
Tidleg kartlegging av leseferdigheiter krev eit godt lærarblikk
Det var store variasjonar mellom lærarane sine vurderingar av elevane og resultata frå kartleggingsprøvene, viser forsking.
Kartleggingsprøvene i lesing er ei av dei første prøvevurderingane som blir gjort av barn i skulen. I dag er dei valfrie på første trinn og obligatoriske på tredje trinn.
No har forskarar sett på samanhengen mellom læraren si vurdering og resultata frå kartleggingsprøva.
– I eit forskingsprosjekt gjennomført våren 2022 bad me 31 lærarar på 1. og 2. trinn om å gjera eigne vurderingar som me kunne samanlikna med prøveresultata frå kartleggingsprøven i etterkant.
Det fortel forskar Bente R. Walgermo ved Nasjonalt lesesenter.
Forskarane bak studien stilte lærarane to spørsmål:
- Kven av elevane er du sikker på vil hamna i oppfølgingsområdet?
- Kven av elevane er du usikre på?
Lærarane kategoriserte elevane, før forskarane fekk tilgang på elevane sine prøveresultat for å samanlikna.
Store variasjonar
Lærarane identifiserte 37 prosent av elevane som blei fanga opp av prøvene når dei rapporterte med sikkerheit i spørsmål 1.
Når elevane dei var usikre på blei tekne med i berekninga, fann dei 63 prosent av elevane i oppfølgingsområdet.
– Det inneber at nesten 4 av 10 elevar blei fanga opp av prøva aleine og ikkje var med i lærarane sine eigne vurderingar.
Samtidig er Walgermo tydeleg på at ei prøve så tidleg i skuleløpet ikkje skal bli sett på som ei endeleg sanning:
– Læraren ser elevane heile året, medan ei prøve er ein halvtime. Ei vurdering kan på ingen måte samanliknast med den viktige kontakten og oppfølginga ein lærar har med elevane sine i småskulen, presiserer ho.
Eit godt tilleggsverktøy
Walgermo meiner derfor at prøven fungerer best som eit tilleggsverktøy. Prøvene måler konkrete område og kan til dømes visa at ein elev skårar godt på ordlesing, men dårleg på forståing av setningar.
– Prøvene si inndeling kan dermed avdekka noko ein ikkje hadde fanga opp sjølv, og det er enklare å vita for lærarane kva ein skal jobba vidare med i møte med enkeltelevar eller i større grupper, seier Walgermo.
Det beste svaret på kven som treng ekstra oppfølging, kan altså ligga i ein kombinasjon av lærarane sine vurderingar og i resultata frå kartleggingsverktøyet saman.
Referanse:
Bente Rigmor Walgermo, Per Henning Uppstad, Kjersti Lundetræ: Den utfordrende, men nødvendige vurderingen av lesing de første årene på skolen. Spesialpedagogikk, 2025.
Les også disse sakene fra Universitetet i Stavanger:
-
Nordmenns tillit til myndighetene varierer med krisenivået
-
Dette kan bidra til at eldre kan bo hjemme lengre
-
Lærer vi mer når vi leser på papir? Særlig én gruppe får klart bedre utbytte
-
Mye skolefravær? Disse elevene får hjelp for sent
-
Når eldre søker hjemmetjenester, kan viktige behov bli oversett
-
– Forskningen vår kan bidra til utvikling av batterier som lagrer mer energi
forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER
Click to add text