– Da vi gjekk på skulen leika vi Kongen på
haugen og aka alltid i akebakken sjølv om det var isete. Da eg var tilbake som
vikar var akebakken stengt av for barna og Kongen på haugen forbode, seier
ein av studentane i førelesningssalen.
Studentane på emnet Samfunnsvitenskapelige perspektiver på idrett rekk ivrig henda i
vêret når dei får spørsmål om kva dei hugsar av risikofylt leik frå barndomen.
Dei er på førelesinga Overbeskyttar vi barn ute i
Noreg? med ei av verdas leiande ekspertar på feltet, Ellen Beate Sandseter.
– Vi har sett ein negativ
trend der barn får stadig mindre fridom. Det kan få store konsekvensar for
helsa vår, meiner Ellen Beate Sandseter.
Auka sikkerheit gjorde barn mindre aktive
Nå slår ei ny internasjonal kunnskapsoppsummering,
der Sandseter har bidratt, fast at risikofylt leik er avgjerande for helsa vår.
For ti år sidan viste det seg at canadiske barn
var alarmerande lite aktive.
– Det var delvis fordi dei ikkje fekk lov å drive
med utandørs-leik. Det auka søkjelyset på sikkerheit var ein av grunnane. Canada har
sett på seg sjølv som friluftsfolk som oss, så dette blei eit stort varsko for
dei.
Ellen Beate Sandseter har forska på barn og leik sidan slutten av 90-talet. Forskaren meiner ho såg ei dreining på norske skular på starten av 2000-talet.(Foto: NIH)
I 2015 kom eit opprop frå forskarar om å legge til
rette for meir utandørs-leik. I etterkant har det skjedd mykje i Canada, og dei
er i ferd med å snu den negative trenden.
Denne veka kjem eit nytt opprop frå ei enda større
forskargruppa frå heile verda.
Også norske barn blir i større grad enn før
overbeskytta og må ofte nøye seg med kjedelege leikeplassar som ikkje utfordrar
dei, meiner Sandseter, som er professor ved barnehageutdanninga på Dronning
Mauds Minne høgskole i Trondheim.
Psykiske, fysiske og sosiale fordelar ved risikofylt lek
Forskaren har solid dokumentasjon på dei positive
helseeffektane barn får av å drive riskofylt leik, utan at vaksne blir
involvert.
– Leiken har ein anti-fobisk effekt, byggjer
sjølvtillit og motstandskraft. Vi veit at overbeskytting kan føre til angst og
psykiske problem, seier ho.
Ho trekk også fram dei fysiske helseeffektane, som
at det betrar motorikken, balansen, styrken og evna til å vurdere rom, fart og
avstand.
Dei sosiale effektane dei ser frå forsking er at
leiken fremjar samarbeid, problemløysing og forståing av sosiale roller.
Norsk forsking omtalt i internasjonal bestseljar
I boka Generasjon Angst av Jonathan Haidt som
har blitt svært mykje omtalt og referert til over heile verda sidan han kom ut
i 2023, er norsk forsking og Sandseter nemnt spesielt.
Annonse
Haidt nemner i boka at det er sterkare kultur for
å la barn utforske verda på eigenhand og delta i risikoleik i Noreg og
Skandinavia.
Han meiner det bidreg til at barn i Noreg utviklar
betre meistringsferdigheiter og motstandskraft mot angst.
Men Sandseter har også eksempel frå norske
barnehagar og skular som har avgrensa den frie leiken og moglegheita barna har
til å vurdere risiko sjølve.
– Barns moglegheit til den frie leiken er også her
til lands trua av det auka sikkerheitsfokuset, meir organisert aktivitet og
foreldre si frykt. Dette fører til kjedelege leikeområde og barn som ikkje får
bygd den robustheita dei treng for framtida, seier professoren.
Risikofylt lek fører ikkje til fleire alvorlege skadar
Ho trekk også fram at forsking viser at risikofylt
leik ikkje fører til fleire alvorlege skadar.
– Det gjer tvert i mot barn betre til å vurdere
risiko, som reduserer skadar totalt sett og gjer dei flinkare til å handtere
farlege situasjonar, som til dømes i trafikken.
Det er tre viktige årsakar til at norske barn har
mindre av denne viktige leiken i 2025, meiner forskaren.
Dagens foreldre blir
konstant eksponerte for katastrofenyheiter, noko som aukar bekymringa.
Eit overdrive fokus på å
sikre leikeplassar fjernar spenninga og skapar kjedelege miljø.
Dagens foreldregenerasjon
har mindre eiga erfaring med risikofylt leik og blir derfor meir engstelege for
eigne barn.
Seks kategoriar for
risikofylt leik
Leik i store høgder, som klatring.
Leik med stor fart, som aking, sykling.
Kamp- og slåssleikar, som leikebryting.
Leik ved farlege stader/element, som vatn, bål.
Leik med farlege reiskap, som kniv, øks.
Leik der barn kan gå seg bort, som utforsking åleine.
Vaksne bør også leike
Annonse
Oppropet blei lansert frå Canada torsdag
25. september. Denne gongen gjeld det heller ikkje berre barna våre. Vaksne blir
i like stor grad utfordra til å ta tilbake leiken.
– Når kjente du det sist at det kila i magen? spør Ellen Beate studentane på Noregs idrettshøgskole.
Og legg til:
– Alle bør kjenne på den kjensla i løpet av ei
veke.
Tips til foreldre
Som forskar jobbar også professor Sandseter med å gjere ein
ny standard for leikeplassar kjent.
I staden for å fjerne all mogleg risiko, handlar
metoden om å vurdere fordelane og den positive verdien leiken gir barn når ein
planlegg leikeplassar og leikemiljø.
– Leikeplassar skal ikkje berre vere trygge, dei
skal også vere stimulerande og vere ein stad der barn kan ha det moro, lære og
utvikle seg. Viss fordelen med ein aktivitet er stor, kan ein også akseptere
ein viss grad av risiko, meiner Sandseter.
Ho oppmodar foreldre og andre som jobbar med barn
til å legge til rette for at barn får leike meir i naturen, utanom
standardiserte leikeplassar.
– Om barna treng hjelp til å kome i gang, så
allier deg med andre foreldre og ta dei med ut i naturen saman. Observer eller
delta i leiken for å sjå kor kompetente barna faktisk er, seier Sandseter og
legg til:
– Naturen er overlegen som leikearena fordi den er
ustandardisert og krev at barnet sjølv må vurdere risiko, som for eksempel om
ei grein vil halde eller knekke, når dei klatrar i tre.