– Dei fortel at dei kjem
litt i skvis mellom å ville prestere på dei ulike arenaene. Om dei berre er
effektive, et middagen sin i bilen etter trening og klarer å multitaske, så kan
dei få det til.
Opplevinga er fortald av ein av dei 4000 norske ungdommane som starta på ein idrettsungdomsskule i haust.
Marie Loka Øydna var sjølv aktiv handballspelar i ungdomstida, men er usikker på om ho sjølv ville ha vald idrettsungdomsskule om ho hadde hatt moglegheita.(Foto: NIH)
Marie Loka Øydna er ein av forskarane som har undersøkt og prøvd å finne ut mest mogleg om denne gruppa av elevar dei siste åra.
Tromsø, Fredrikstad, Bærum, Follo og Bergen er nokre av byane der 12-åringar kan søke seg til ein reindyrka idrettsskule.
Stor framvekst av
idrettsungdomsskular
Det har vore ei stor
framvekst av desse skulane dei siste åra, og nå finst det 23 private skular frå
Tromsø i nord til Stavanger i sør.
Kven er desse elevane, og
kva gjer det med dei å gå på ein idrettsungdomsskule i dei kanskje mest sårbare
ungdomsåra?
– Det er vel ganske trygt
å seie at dette er ungdommar som er glad i å vere i aktivitet og nok føler ei
stor tilhøyring til idretten sin. Dei er glad i idrett og brukar mykje tid på
idretten sin, seier Øydna.
Elevane er velfungerande
og kjem frå familiar med høg sosioøkonomisk status.
– Det er litt som
idretten elles. Det å behalde og rekruttere dei som kjem frå lågare sosiale
lag, er vanskeleg. Og det er nok enda tydelegare på idrettsungdomsskulane, legg
forskar Christian Thue Bjørndal til.
Øydna og Bjørndal ved Norges idrettshøgskole har forska på dei 23 private ungdomsskulane og elevanes motivasjon, psykisk helse og belastning dei siste fem åra.
Begge to fortel om
forskinga i ein eigen episode av NIH-podden.
Føler seg som ein del av
eit fellesskap
Gjennom intervju, gruppeintervju og spørjeskjema
har forskarane kartlagt forskjellige aspekt ved det å vere elev på ein
idrettsungdomsskule.
Nokre forskarar har sett
på trivsel, tidsbruk og opplevd press blant idrettselevar. Andre har sett på
motivasjon, korleis dei lærer, mental helse, om dei blir utbrente og korleis
dei balanserer krava frå idrett og skulen.
Det er heilt tydeleg at
idrettselevane trivst godt på skulen sin.
– Dei trivst veldig godt,
faktisk litt betre enn ungdom generelt. Og jentene trivst spesielt godt, fortel
Bjørndal.
Det kan dei sjå gjennom å
samanlikna med den store Ungdata-undersøkinga.
Annonse
Ungdomane fortel at dei
føler seg som ein del av eit fellesskap med likesinna, og at lærarar og
trenarar forstår prioriteringane dei gjer.
Dei trekk fram
moglegheita for leksefri skule på ettermiddagen, som noko som minskar
belastninga.
Svømming er eit eksempel på ein idrett der elevane får ein lettare belastning ved å kunne trene i skuletida, og ikkje grytidleg før skulestart.(Foto: Colourbox)
Spesielt gunstig med
trening i skuletida
Eit eksempel på at
skulane faktisk bidreg til å dempe belastninga, finn du i symjehallen.
Prosjektleiar Christian Thue Bjørndal forskar på talentutvikling og trenarrollen, og har sjølv bakgrunn som spelar og trenar i handball.(Foto: NIH)
I ein del idrettar er
det forventa at ein må trene mykje tidleg, som for eksempel i symjing der mange
trenar før skulen klokka seks om morgonen.
– Men på idrettsungdomsskulen kan dei
legge til rette for å flytte treningstida til klokka åtte. Det kan utgjere ein
stor forskjell på kvardagen og belastninga, seier Øydna.
Når det kjem til mental
helse så scorar elevane også godt, og dei opplever mindre press generelt enn
elevar på same alder. Presset opplever dei meir av på idrettsarenaen, noko som
kanskje er å forvente for ungdomar som satsar på idretten sin.
Tidsskvis skapar ein usynleg belastning
Sjølv om skulane er gode
til å legge til rette for idrettssatsing, meiner forskarane at dei ser at det
oppstår eit spenningsfelt når dei skal balansere idrett og skulen. Dei opplever
at dei må skvise inn oppgåver for å prestere på begge arenaer.
Det skapar ein usynleg
belastning.
– Me ser ein
del symptom på at elevane er slitne og utmatta, samtidig som dei seier at dei
trivst godt. Dei strevar heile tida etter å springe litt raskare for å få gjort
meir, seier Bjørndal.
Forskarane ser også at
svært mange av elevane er i risikogruppa for å bli utmatta og skada.
Annonse
Du kan seie at dei nok
hadde vore det uansett, med tanke på aktivitetsnivået deira, meiner forskaren.
– Men eit
interessant spørsmål er korleis skulane kan innrette seg for å dempe denne
problematikken og ikkje auke han. Der har ein nok framleis eit uforløyst
potensial mellom klubb og skule, seier Bjørndal.
Om prosjektet
Forskningsprosjektet er ved Forskingssenter ved
barne- og ungdomsidrett (FOBU) ved NIH.
Målet med dette prosjektet er å utforske hvordan
unge idrettsutøvere i alderen 13–15 år utvikler seg i skjæringspunktet mellom
skole og idrett.
Deltakarane i prosjektet er Christian Thue
Bjørndal, Milla Saarinen, Marie Loka Øydna, Siv Gjesdal, Lotte Stang Aune og
Jens Christian Nielsen.
Prosjektet består av fem arbeidspakker som bygger
på kvarandre.
Prosjektet er støtta av Forskningsrådet.
Bidreg skulane til
profesjonalisering?
Det finst også kritiske
røyster til desse skulane, som mellom anna at dei er med på å profesjonalisere
idretten tidlegare. Det kan føre til at krava til dei som er med aukar og
idretten meir alvorleg tidlegare.
Forskarane meiner dei vil
nyansere dette bilde med si forsking.
– På eit vis er jo desse
skulane ein respons på ein etterspurnad i marknaden. Dei er jo kjempepopulære
blant ungdom og har høge søkjartal. Så ein kan jo seie at dei er med på ein
slags tendens i ungdomsidretten, seier Øydna.
Dei er også med på ein intensivering av idrettsprosjektet
og tidlegare forplikting til idretten, utdjupar ho.
– På ei annan side er det
høgst mogleg å vere eit motsvar mot spesialiseringa. For eksempel fortalde ein
trenar på ein av skulane om at dei ynskjer å drive talentutvikling på ein
annleis måte. Dei vil tenkje langsiktig, ha mindre spesialisert trening og kortvarig
prestasjonsfokus, seier ho.
Interessedrevne skular bør få meir offentleg
støtte
Forteljinga om kor godt
elevane trivst og kva det gjer med dei, meiner forskarane er verdt å ta med seg
inn i debatten om korleis den offentlege skulen skal sjå ut.
– Det å legge til rette
for interessedrevne skular, anten det er idrett, kunst, kultur eller drama er
god skulepolitikk. Men for å vere god offentleg skulepolitikk, må dei bli
tilgjengeleg for fleire.
For det er ingen tvil om
at det er ei privilegert og homogen gruppe elevar som går på desse 23 skulane
nå.
Annonse
– Det er utfordrande for
idrettsskulane, som blir drivne privat med offentleg støtte, å rekruttere frå
lågare sosiale lag, når tilbodet ikkje er fullt ut lågterskel. For å klare det
må skulane få meir offentleg støtte, meiner Bjørndal.
Jenter trivst spesielt godt på idrettsungdomsskulane.(Foto: Shutterstock)
La dei snakke med eldre
ungdomar
Forskarane er opptekne av at skulane bør vise og
tydleggjere at det finst fleire vegar til å utvikle seg i idretten, enn å berre
konsentrere seg om å bli best i idretten sin.
Dei har også forslag til konkrete tiltak til
korleis skulane kan bli betre for dei over 4000 elevane som går der nå.
Forskarane meiner dei bør
få moglegheita til å utvide perspektivet sitt på kva det vil seie å satse på
idretten sin.
– Eit heilt konkret
tiltak kunne vere å la elevane snakke med ungdom som er litt eldre, og har sine
eigne opplevingar med idretten. Det er viktig at det ikkje berre er dei som har
lykkast med idrett, men også dei som har skifta perspektiv på kva det vil seie
å halde på med idrett. At det blir litt variasjon i kven dei får høyre frå.
– Kanskje får dei
moglegheita til å gå bort frå at «jo meir eg gjer, jo betre er det», seier
Øydna.