Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.

Kritiserer kroppsøvinga: Designa mest for dei fysisk aktive

Dagens kroppsøving passar best for dei som alt er glade i å vere aktive. Ein ny tilnærming kan endre faget, meiner forskarar.

Unge folk spiller badmington
– Eg tenkjer at ein bør sjå nytt på kroppsøvingsfaget, meiner professor Mats Hordvik.
Publisert

Sjå for deg at du er ungdomsskuleelev og får beskjed om at du dei neste 20 vekene skal vere trenar for eit volleyballag i kroppsøvinga. 

Alle er spelarar i tillegg.

– Eg tenkjer at ein bør sjå nytt på kroppsøvingsfaget. Viss ein undervisar og har fokus på eitt tema gjennom ein lengre periode, trur vi at det blir meir læring i faget, seier Mats Hordvik.

Han har forska på modellbasert praksis. Det vil seie at lærarar brukar ulike pedagogiske modellar for å undervise i kroppsøvingsfaget.

Podcast: Om kroppsøving

Karl Petter Fon og Mats Hordvik har begge lang erfaring som kroppsøvingslærarar og har saman forska på modellbasert praksis på ungdomsskulen. I denne episoden av NIH-podden diskuterer dei også utviklinga av kroppsøvingsfaget. 

Høyr heile episoden her.

Brukar kort tid på kvar aktivitet 

Saman med kroppsøvingslærar og universitetslektor på Universitetet i Sørøst-Norge, Karl Petter Fon, diskuterer han korleis framtidas kroppsøving kan og bør sjå ut.

To forskarar
Karl Petter Fon og Mats Hordvik har begge lang erfaring som kroppsøvingslærarar og har saman forska på modellbasert praksis på ungdomsskulen.

Dei diskuterer også korleis gymtimane rundt om i Noregs ser ut i 2025. Går det framleis mest i ballspel, slåball og Cooper-test? 

– Det har nok skjedd ein god del med faget. Det er meir enn slåball og fotball. Det er eit vidt spekter i kroppsøvingfaget nå. Det som kanskje likevel ikkje har endra seg så mykje, er det at ein brukar veldig kort tid på kvar aktivitet, seier Hordvik. 

Mange har kanskje to–tre timar med ein aktivitet og skal gjennom dei fleste tradisjonelle idrettar i løpet av året.

Ofte har elevane hatt den same økta og terpinga på teknikk kvart einaste år gjennom 13 års skulegang, fortel dei to. Begge har lang erfaring som lærarar i kroppsøving og idrettsfag.

Fon er lærar ved Stokke ungdomsskole i Sandefjord. Han er redd for at dagens kroppsøvingsfag ikkje klarar å treffe dei som ikkje er fysisk aktive frå før. 

– Eg trur nok kroppsøvingsfaget som har vore utøvd dei siste ti åra, har vore designa veldig for dei elevane som allereie er glade i å vere fysisk aktive. Vi må kanskje tenke litt annleis om kva læringsutbyttet i faget skal vere. Ikkje minst må vi tenke på vegen til dei læringsutbytta, meiner Fon. 

Kva er modellbasert praksis? 

Det er nettopp der modellbasert praksis kjem inn. Eksempelet i innleiinga der elevar får roller som trenar eller journalist, er henta frå modellen Sport Education

Dei ulike modellane fokuserer på ulike tema, som for eksempel Sport Education som har idrett som tema.

Eksempel på andre modellar er Langsomt friluftsliv med berekraftig utvikling som tema, Øvingsmodellen med øving som tema, Aktivistisk tilnærming med helse og kritisk tenking som tema. Teaching personal and social responsibility har individuelt og sosialt ansvar som hovudtema.

Elever i skogen
Langsomt friluftsliv er ein av modellane som er utvikla i Noreg og som lærarane kan nytte seg av om dei ville teste ut modellbasert praksis.

– Det finst også eksempel på lærarar som har køyrt ein OL-sesong i Sport Education-modellen. Der blir elevane delt inn i lag eller land. Viss det er vinter-OL, får eit lag ressursane til Noreg, medan eit anna land får ressursane til for eksempel Nigeria, fortel Hordvik. 

Elevane trenar og jobbar deretter mot eit avsluttande arrangement, sjølve OL. Det blir høgdepunktet mot slutten av perioden. 

Elevane meiner dei får utfordra seg sjølv meir 

På Stokke ungdomsskole har Karl Petter Fon prøvd ut dette i praksis over fleire år.

Sjølv vil han beskrive seg som ein ganske så tradisjonell kroppsøvingslærar. Han var handballgut, og ballspel har vore sentralt i gymtimane hans.

Å teste ut ulike modellar over ein lengre periode, i staden for tre timar med handball eller basketball, var utfordrande.

– Eg måtte snu om på ein del tankar og steinar, men eg var veldig open for det og såg raskt verdien av endringa. Det gav meining. 

Han såg fort også at rolla hans som lærar, endra seg. Frå å vere ein instruktør til å vere meir enn rettleiar eller tilrettelegger. Nå skulle elevane i større grad utforske læringsoppgåvene sjølv, medan han bidrog etter behov.

Gjennom dei tre åra han testa dette ut som ein del av eit større forskingsprosjekt, fekk han mange positive tilbakemeldingar frå elevane.

Dei samla data gjennom fokusgruppeintervju med elevane gjennom dei tre åra.

– Det var to ting dei var veldig tydelege på. Dei var positive til at dei fekk meir ansvar for seg sjølv i undervisninga og måtte utfordre seg sjølv i større grad ved at dei måtte fylgje med på andre måtar, seier Fon.

Det andre punktet handla om læringsutbytte både fysisk, kognitivt og sosialt. 

– Dei fortel at dei lærte mykje om samarbeid og kommunikasjon, og at dei får utfordra seg på andre måtar på grunn av ansvaret og at dei får betre tid.

Han testa ut fleire modellar gjennom dei tre åra.

  • Teaching personal and social responsibility som handla om læring om ansvar og å ta ansvar. 
  • Teaching Games for Understanding som var ein meir taktisk utforskande problemløysingsmodell.
  • Health and wellness education der dei lærte om helse, trening og korleis det påverkar kvarandre. 
  • Outdoor education handla om friluftslivet og det å få autentiske opplevingar og erfaringar i situasjonar ute i naturen.

Dei understrekar at modellane legg opp til at undervisninga skal vere praktisk. Dette handlar ikkje om å ta kroppsøving inn i klasserom og lærebøkene. 

Det aller meste var praktisk utandørs eller i idrettshallen og nærområda rundt skulen.

Sidan Fon testa det ut, har også Hordvik gitt ut ei lærebok om modellbasert praksis. Der er modellane utvikla og sett inn i ein norsk kontekst og opp mot nye læreplan og kompetansemål. 

Mindre banning og meir respekt

Forskarane meiner at lærarane som testar ut undervisningsmetoden, får ei tydeleg retning og visjon for korleis dei kan endre undervisninga til noko som forskinga viser er positivt for elevane og for deg lærar. 

Elever og lærer noterer på ark
Forskarane understrekar at kroppsøving ikkje skal bli meir teoretisk fag av å endre pedagogisk tilnærming. Timane skal framleis vere i gymsal og utandørs. Forskinga viste at elevane framheva at dei var blitt betre til å samarbeide og kommunisere.

– Det var tydeleg at gjennom desse tre åra dei testa ut mellom anna Sport Education, så utvikla dei ferdigheiter innanfor vollyeball, som var aktiviteten, men også i kommunikasjon og samarbeid på tvers av spelarane i laget. Dei fekk ein ny respekt for kvarandre.

Det gav utslag i at språkbruken endra seg i klassa. Det blei mindre banning og destruktivitet og meir respekt for dommaren, som jo også var ein medelev. 

– Det blei rett og slett eit meir læringsfag, ikkje berre eit fag for å vere i fysisk aktivitet, oppsummerer Hordvik.

Utfordringar og moglegheiter 

– Kva kan vere utfordringane med å endre undervisninga såpass drastisk? 

– For meg som lærar var det utfordrande i starten. Du begynner jo med å noko heilt nytt. I etterkant var det kanskje for mykje å kaste seg over fire–fem modellar frå start. Kanskje bør ein begynne med ein modell som ein ser for seg kan fungere og så utvikle det derfrå.

Hordvik fortel at modellbasert praksis passar godt inn i dagens læreplan. Som lærar kan du krysse av mange av kompetansemåla i ein enkelt modell.

– Det er heller ikkje slik at ein må drive modellbasert praksis heile året sjølv om eg anbefalar det. Du kan absolutt starte også på barneskulen om du tilpassar konteksten, læreplanmåla og elevane der. 

Høyr heile episoden her:

Powered by Labrador CMS