Annonse

Denne artikkelen er produsert og finansiert av Norges idrettshøgskole - les mer.

Fotballforskar: – Vil endre måten folk ser fotball på

Forskarar oppfordrar oss til å sjå vekk frå ballen og følgje med på noko heilt anna.

Korleis reagerer landslagsspelarane til kvarandre når spelet går med eller mot dei? Korleis gestikulerer dei for å få ballen eller påverkar dommaren? Fotballforskarane anbefalar å sjå vekk frå ballen neste gong du ser fotball på TV eller stadion.
Publisert

Tenk på alt som skjer undervegs i ein fotballkamp.

Alt som ikkje har med sjansane, pasningane og måla å gjere, men med kroppsspråket til dei 22 spelarane på banen.

I løpet av ein kamp har eit lag mellom 2.000 og 3.000 kroppsuttrykk.

Geir Jordet har forska på straffesparkkonkurransar sidan 2004. Han underviser og forskar på idrettspsykologi på NIH.

Toppklubbar svært interessert

Det har forskarar frå Norges idrettsøgskole (NIH) funne ut når dei manuelt har registrert uttrykk frå mellom anna 33 kampar i Qatar-VM i 2022. 

– Toppklubbane er veldig interesserte og ser på det som ein av dei små marginane som kan føre til siger, fortel professor Geir Jordet i NIH-podden. 

Podkast: Kroppsspråk i fotball

Kva seier kroppsspråket ditt om deg som fotballspelar – og korleis påverkar det laget ditt?

I denne episoden av NIH-podden møter du Geir Jordet og Ingrid Lian frå Norges idrettshøgskole, som forskar på kroppsspråk i elitefotball og har analysert tusenvis av kroppslege uttrykk fra VM i Qatar.

Heile episoden finn du nedst i artikkelen.

Jordet reiser jamleg til dei største klubbane i Europa og fortel om forskinga NIH har gjort, mellom anna på kroppsspråk. 

Arsenal, Chelsea og Bayern München er blant klubbane han har besøkt.

Han fortel at ein enkeltkamp frå Premier League kan gje klubbane nærmast millionar av data om det taktiske og fysiske, men det psykologiske aspektet har nesten blitt totalt oversett. 

– Me kan gje dei kunnskap om kva fotballspelarane deira tenkjer, føler, og kva slags mental tilstand dei er i løpet av dagen. Det er sjølvsagt veldig interessant for dei.

Har manuelt registrert 18.000 uttrykk frå VM 

Forskingsfunna frå prosjektet om kroppsspråk i elitefotball, kan gjere sommarens fotball-EM og andre kampar også meir interessante for deg som fotballsjåar, uansett kor stor fotballinteresse du har frå før. 

Fyrst til sjølve forskinga.

Å påverke dommaren er eit av dei taktiske kroppsuttrykka Lian har sett, notert og analysert.

I prosjektet har forskar Ingrid Lian sett og analysert kroppsspråket til elitefotballspelarar på fleire forskjellige måtar. 

  • Fylgd åtte forskjellige elitespelarar på høgt nivå frå dei største ligaene i Europa. 
  • Manuelt registrert og analysert 18.000 forskjellige kroppsutrykk frå 32 kampar i Qatar-VM. Dei har hatt tilgang til fleire kameravinklar som vanlege TV-sjåarar ikkje ser, mellom anna kamera som går tett på enkeltspelarar.
  • Gjort intervju med elitespelarar om forholdet deira til sitt eige, lagspelarar og motstandarar sitt kroppsspråk. 

Forskarane har kategorisert kroppsuttrykka i taktiske eller emosjonelle uttrykk. 

Dei taktiske handlar om å påverke dommaren, spørje om ball, dirigere lagkameratar, etter kor dei må dekke rom eller plassere seg. 

Dei emosjonelle handlar om kjenslene spelarane viser. Korleis dei applauderer lagkameraten for god innsats, eller kastar armane ut i frustrasjon over at pasninga ikkje kom fram til dei. 

– Vi kategoriserer dei som negative eller positive uttrykk, men det er ikkje nødvendigvis slik at negative uttrykk er negativt for prestasjonen. Det kan potensielt både vere konstruktivt og destruktivt for eit lag basert på kontekst, relasjon og kampbilde, forklarer Lian. 

Kroppsspråk smittar

Ingrid Lian er forskar ved Institutt for idrett og samfunnsvitenskap og skriv doktorgrad om kroppsspråk i elitefotball.

I NIH-podden fortel ho om eit konkret eksempel på eit tydeleg positivt kroppsspråk under eit av tidenes største høgdepunkt i norsk fotball.

3-0 sigeren over Italia på Ullevaal i juni i år. 

– Eit konkret eksempel er da Martin Ødegaard stoppa ballen etter at Kristoffer Ajer hadde ein fantastisk takling og applauderte med henda over hovudet. Han viser veldig tydeleg at han synest innsatsen var veldig god av lagkameraten, seier Lian. 

Lian var til stades på Ullevaal saman med Jordet, som er rettleiaren hennar i forskingsprosjektet.

Jordet legg til:

– Da veit jo Martin at alle sitt fokus er på han fordi han har ballen, og bodskapet blir enda tydelegare. Det blir ein måte å få fram bodskapet meir effektivt og intenst, seier Jordet og meiner det kan vere ein av marginane som sikrar sigeren for Noreg. 

– Det kan vere ein av mange. Det som også er interessant her, er korleis desse tinga brer om seg. Når nokon begynner å kommunisere med intensitet, energi og positivitet, så kan vi sjå ein slags smitteeffekt som kan gje ekstra energi til dei som skal gjere innsatsen på banen. Og tilsvarande negativt for Italia. 

Flest emosjonelle uttrykk i andre omgang

I analysane såg dei at spelarane hadde flest taktiske uttrykk i starten av ein kamp, men at det blei mykje mindre av dei utover i andre omgang. 

Dei emosjonelle uttrykka gjekk motsett veg. 

– Det kan ha noko å gjere med at ein blir meir sliten som spelar, og at det krev meir å dirigere laget. Dei emosjonelle uttrykka ser ut til å sitte meir laust utover i andre omgang, seier Lian. 

Dei såg også store skilnadar på kva for posisjon ein hadde på banen. 

– Midtstopparar og midtbanespelarar viser meir taktisk kroppsspråk enn kantar og spissar. Dei har kanskje ein meir sentral posisjon på banen og har større moglegheit til å vere taktiske. 

Ny dimensjon til kampen 

Professor Jordet er for mange kjent som verdas leiande ekspert på straffesparkkonkurransar. 

I fjor gav han ut ei bok om nettopp desse intense avgjerande minutta av ein sluttspelkamp, som vi kjem til å sjå mange av under EM i Sveits i sommar. 

Han meiner at eitt av måla med forsking som dette, er å endre måten folk ser fotball på heime i stova. 

– Det er faktisk eitt av måla våre. Denne typen forsking sett vi fokus på ein del nyansar i åtferd, kroppsspråk, som du faktisk kan sjå som fan, som vil gje folk større glede av ein kamp. Det blir ein ny dimensjon som ein ikkje har vore bevisst på før, meiner Jordet. 

Dei to forskarane har fleire tips til kva som kan gjere fotballopplevinga enda meir interessant, både for fotballsupportaren og den vanlege sjåar utan den store fotballinteressa.

– Følg med på korleis lagkameratar reagerer når feil blir gjort. Korleis kommuniserer dei saman i medgang og motgang når dei har overtaket i kampen? Og korleis reagerer lagkameratane på beskjedar frå andre? tipsar Ingrid Lian. 

Sjå vekk frå ballen

Jordet følgjer opp med noko som kanskje vil overraske og vere ei stor utfordring for mange. 

– Du må sjå vekk frå ballen. Ballen er jo ein magnet, men du må prøve å gløyme den litt. Ha den litt i sidesynet, og så ser du på det som skjer rundt ballen med dei som kanskje er potensielle mottakarar, eller dei som reagerer på noko som skjedde med ballen. Det er der magien startar. 

Forskaren meiner bestemt at dette er noko ein sjåar heilt utan forkunnskapar om fotball kan finne glede i. 

– Når eg seier magi, så meiner eg det litt også. For dette er ei heilt eigen verd og ein ny måte å sjå fotball på. Det ligg rundt 5.000 kroppsspråkuttrykk per kamp og ventar som seier noko om spelars intensjon, motivasjon, emosjonar og sosiale relasjonar, fortel han og legg til:

– Det er ting som eigentleg ikkje har noko med fotball å gjere, men som handlar om folk, korleis vi er individuelt og kollektivt og når ein presterer på eit bra nivå. 

Ingrid Lian har eit år til med doktorgradsprosjektet og kjem til å presentere fleire av funna i løpet av det neste året. 

Høyr heile episoden her eller der du høyrer podkast. 

Powered by Labrador CMS