Forureining av mikroplast og gummigranulat har fått mykje merksemd. Mykje av effekten er ukjend. Då snakkar ein fyrst og fremst om partiklane. Men dei lek òg kjemiske substansar til miljøet rundt seg.
– Forskarar har identifisert meir enn 16.000 kjemiske tilsetjingsstoff i plast. Mange av dei er ikkje tilverkarane pålagde å gjera greie for. Utanforståande veit ikkje kvifor dei er der, seier Maria Elisabetta Michelangeli.
Ho tok nyleg doktorgraden ved Institutt for biovitskap ved Universitetet i Oslo.
– Sjølv for tilsetjingsstoffa som er regulerte, skjer reguleringa for eitt stoff om gongen. Ulike stoff kan reagera på kvarandre på ulike måtar. Dei kan forsterka eller kansellera funksjonen. Men slike kombinasjonar er ikkje regulerte, seier ho.
– Vi finn ei mengd potensielt giftige stoff i daglegdagse produkt som oppvaskhanskar og ballongar for barn, seier Maria Elisabetta Michelangeli.(Foto: Privat)
Kjemiske stoff frå PET-flasker
I doktorgradsarbeidet sitt har Michelangeli studert nettopp forureining frå både plast og gummi i havvatn. Funna har fått henne til å gjera justeringar i kosthaldet sitt.
– I laboratoriet såg vi at kjemiske stoff som lak frå plast og gummi hemma funksjonen til immunceller hjå blåskjel. Desse stoffa byggjer seg opp i blåskjela over tid. Så blåskjel et eg ikkje lenger, slår ho fast.
Heller ikkje vanlege brusflasker er heilt trygge, ifylgje Michelangeli.
– PET-flasker slepper ut kjemiske stoff som antakeleg minner om hormon. Vi finn òg ei mengd potensielt giftige stoff i daglegdagse produkt av gummi. Til dømes i oppvaskhanskar og ballongar for barn, seier ho.
Gummilukt på kunstgrasbanar
– Det er ikkje dermed sagt at kjemikalia som er brukte i plast er farlege. Nokon kan visa seg å vera heilt ufarlege. Andre meir problematiske. Problemet er at vi rett og slett ikkje har nok kunnskap. Utan den kunnskapen kan vi ikkje utelukka potensielt alvorlege effektar, seier forskaren.
Sjølv om det er utslepp frå plast- og gummiavfall i havet som er tema for avhandlinga hennar, forklarar ho at utslepp skjer på landjorda òg.
– Sollys har ein stor effekt på mange ting. Berre tenk på stoff som mistar fargen i sola. Når eg er ute og går om sommaren og ser alle Cola- og Solo-flaskene i sola, tenkjer eg at der vert det sannsynlegvis frigjort tungmetall eller andre giftige metall, seier ho.
– Og når lukta av gummi på kunstgrasbanar er sterkare i sola, er det fordi dei kjemiske stoffa fordampar raskare når dei vert varma opp. Ultrafiolett lys kan òg bryta ned materialet og gjera at endå fleire kjemiske stoff vert frigjorde.
Leita etter berekraftige alternativ
Det er eit urovekkjande bilete Michelangeli teiknar opp. Men ho understrekar at det er mangelen på kunnskap som er det største problemet.
– Frå gummidekk fann vi om lag 14.000 førekomstar. Vi klarde berre å identifisera dryge 60 prosent med noko sikkerheit. Kjemiske analysar krev tid og pengar. Sjølv om du gjerne skulle ha gjort alt, let det seg ikkje gjennomføra i dette prosjektet. Håpet er at andre kan ta forskinga vidare, seier ho.
– Det er ein gong slik at dagens samfunn er avhengig av plastprodukt. Men plast blir ikkje berre borte. Det blir brote ned til mikroplast, som i sin tur kan leka kjemikaliar. Sidan vi alt veit at nokre av desse tilsetjingsstoffa er giftige, bør vi leita etter berekraftige alternativ, seier ho.